Lesing

Lesevegring og leselyst

I media kan vi lese om lesetrend og lesekrise om kvarandre. Korleis står det eigentleg til med lesinga?

Publisert Sist oppdatert

Skjermen skal ut av klasseromma til dei yngste. Skulekvardagen skal reorganiserast. Alt for at barna skal verte betre til det mest grunnleggjande. Som å lese og skrive.

Utgangspunktet er lesetestane vi etter kvart kjenner forkortingane på, etter år med medieoppslag og sjølvransaking – PIRLS- og PISA-testane frå 2021 og 2022. Grafane gjekk, som vi veit, éin veg: nedover.

PIRLS-testen viste at norske tiåringar las monaleg dårlegare enn i 2016. Og – oppsiktsvekkjande – norske elevar rapporterte den lågaste lesegleda av alle dei 65 landa i undersøkinga. PISA-testen viste at norske 15-åringar presterte på det same nivået som i 2006 – eit førebels botnnivå.

Trenden ser ut til å omfatte ikkje berre skuleelevar, men studentar òg. «I evalueringer har det kommet fram at svært mange av mine studenter opplever lesning av universitetets tekster som tungt og kjedelig, de er lite motiverte og ser på lesningen som noe av et ork», skreiv professor Espen Ytreberg i Khrono i januar 2023.

Krisestemninga har vore til å ta og føle på. «Som grunnlag for samfunn og sivilisasjon er skriftkulturen over», skreiv forfattaren Aslak Nore i VG i fjor haust.

Regjeringa har rulla ut tiltak. Ein nasjonal leselyststrategi. Først for barn, sidan for vaksne. Men kva møter oss når vi går til lesestatistikken?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement