Utanriks

Apokalypse no – igjen

Trump-tilhengarar vil nytte krigen i Iran til å framskunde endetida.

Ein eksplosjon i Teheran 7. mars. Fem dagar tidlegare blei det rapportert om at amerikanske offiserar rettferdiggjorde krigen ved å vise til endetidsvisjonane i Bibelen.
Publisert Sist oppdatert

Det finst mange måtar å rettferdiggjere ein krig på – også om han er folkerettsstridig. Det er berre å sjå på den amerikanske regjeringa, som i løpet av den første veka av Iran-krigen uttalte alt frå at målet ikkje var regimeendring, men militær infrastruktur (krigsminister Pete Hegseth), til at målet var «vilkårslaus kapitulasjon» (president Trump).

Andre har vore meir kreative. Få dagar etter at krigen braut, ut kunne den ideelle organisasjonen Military Religious Freedom Foundation, som jobbar for religiøst mangfald i det amerikanske militæret, rapportere om at ei rekke offiserar i alle våpengreiner hadde rettferdiggjort krigen ved å vise til at krigen ville bidra til å oppfylle bibelske endetidsprofetiar. Ein av innsendarane hevda at ein offiser hadde fortalt dei underordna at «alt dette var del av Guds plan», medan han siterte frå den store endetidsvisjonen i Det nye testamentet, Johannes’ openberring.

Ikkje noko nytt

Eigentleg er ikkje dette nytt: 39 prosent av alle amerikanarar trur dei lever i ei endetid, synte ei undersøking frå Pew Research Center i 2022. Særleg høge var tala i afroamerikanske og evangelikalske kyrkjelydar, der meir enn seks av ti var samde i påstanden.

I evangelikalske miljø har det òg vore vanleg med endetidsretorikk i fleire år. Ei meiningsmåling frå 2013 – som rett nok var gjord av eit byrå tilknytt Det demokratiske partiet – synte at kvar fjerde amerikanar var open for at president Barack Obama var antikrist. At mange evangelikalske pastorar tolka Iran-krigen inn i eit liknande mønster, burde slik sett ikkje overraske.

– Det vi ser i Midtausten no, er ei fullbyrding av det Bibelen spådde for oss, sa den amerikanske predikanten Greg Laurie i ein YouTube-video den 6. mars.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement