Bok
Å svikte det aller finaste
Petterson skriv truverdig og vart om utruskap og svik.
Gjennom ein forfattarskap som skjønnlitterært tel ni romanar og ei novellesamling har den prislønte forfattaren med arbeidarklassebakgrunn gitt oss soger som særleg set søkjelys på kjensler og sorger hos den maskuline delen av menneskeslekta. Førre roman, Menn i min situasjon frå 2018, fekk ei jamt over god, men noka blanda mottaking. I boka av året er han tilbake i storform.
Boka opnar med den aller mest rørande scena i boka. Kasper, 73 år, køyrer heimover på haustmørke vegar då bilen treffer eit rådyr. Eit uskuldig vesen blir dødeleg skadd, uforvarande frå Kaspers side, men han er like fullt skuldig. Slik kjenner han seg også, og med stor uro går han ut i skogen og finn det skadde dyret. Han set seg ned med henne, for det er ei hoe, ei god stund, klappar og snakkar roande – kanskje vel så mykje for å dempe eigne nervar som nervane til dyret. Neste morgon blir rådyret skote av viltnemnda.
Frå opningsscena blir trådane trekte attende til fortida og ein heilt annan livsfase for Kasper. Då han var ein yngre mann, gjorde han seg også skuldig i å gjere skade og skape sår, men då i nære relasjonar til kvinner. Det er ikkje snakk om fysisk skade, men utruskap. Som aldrande mann ber han på skuld, og det verkar umogeleg å gjere det godt att.
Kjærleik og naivitet
«Back to the 80s». Kasper er i trettiåra, ung ektemann og far til to små. Livet er intenst, fylt til randa av arbeid og familie. Det er nokså strevsamt, men verken han eller kona Inger sutrar. Dei er samstemte og kvardagslykkelege, og dessutan politisk engasjerte.
Så slår bomba ned i samlivet. Han forelskar seg i ei anna, ei som både han og Inger kjenner godt og er mykje saman med. Til å byrje med verkar det ikkje dramatisk, og Kasper trur at det skal gå bra å få både i pose og sekk. Han er tilfreds i samlivet med Inger, og så tillitsfull i den relasjonen at han vel å fortelje om forelskinga. Kona reagerer ikkje med sjokk og vantru, noko han tolkar som eit klårsignal.
Med liv og lyst kastar han seg ut i den utanomekteskapelege lidenskapen. Ein trygg familieheim med kone og barn – og så andre spennande seksuelle opplevingar ved sida av? Han lar seg ikkje be to gonger.
Kva kvinnene på si side tenkjer, får vi ikkje innsyn i direkte, men indirekte gjennom korleis dei agerer i den vidare handlinga. Slik blir det snart tydeleg nok. Perspektivet i romanen er låst til Kasper, i ei slik eg-forteljing som er blitt Pettersons varemerke.
Skrive det
Frå tidlegare bøker kjenner vi att både skrivestil og motivval. Det blir køyrt ein del bil, men denne gongen har bussreiser større plass og har også gitt tittelen til boka. Den nattarbeidande Kasper brukar å sovne på bussen heim, og det er den omsorgsfulle bussjåføren som vekkjer han med nettopp dei orda, «Du er hjemme nå». (Tittelen er mogelegvis meint ironisk, det skjønar ein når ein har lese ferdig.)
Med ein særeigen munnleg-skriftleg stil har Petterson skapt eit eige vassmerke.
Kasper har tungt arbeid på fabrikk, og som i tidlegare romanar hyllar Petterson det maskuline manuelle arbeidet. Her er også vakre og vare naturskildringar, ikkje berre i opningskapittelet.
Ikkje minst kjenner vi att den bevisste språkføringa til denne forfattaren. Med ein særeigen munnleg-skriftleg stil har Petterson skapt eit eige vassmerke, ein stil som gjer at lesaren nesten høyrer teksten for sitt indre øyre like mykje som ein ser han på boksida. Denne gongen får vi dessutan vere med på høgttenking rundt det å søkje etter og sirkle inn det mest presise omgrepet, og kva det vil seie å skrive det – i motsetnad til å skrive om det. Forfattaren lar oss altså få innblikk i sin eigen poetikk.
Du er hjemme nå er ein Petterson-roman av godt, gammalt merke, med nokre nye element som gjer lesaropplevinga endå rikare. Denne forfattaren er slett ikkje «ferdigskriven».
Les meir:
-
Inga tid for det gode
Vigdis Hjorth skriv med forstand og vidsyn om liv og lagnad.
-
Mennesket og ulven
Brit Bildøen skriv spennande med utgangspunkt i kvasse konfliktar.
-
Medrivande og langdrygt
Brutalt og romantisk frå verdas ytste rand.
-
Mykje død og mykje varme
Eigentleg skulle han skrive om genmodifisert mat og at det går til helvete. Det blei heller gravferder. – Det var morosamare, seier Lasse W. Fosshaug.
-
Når uønskte dører opnar seg
Karl Ove Knausgårds storstilte metafysiske prosjekt er vidfemnande og utmattande.