Bok

Bestialsk gir eit tankevekkjande oversyn over korleis mennesket ordnar og misforstår dei andre dyra.


  

Publisert Sist oppdatert

Sakprosa

Vilde Haga Sollund og Ragnhild Aslaug Sollund:

Bestialsk – om mennesket og de andre dyrene

Solum bokvennen 2025

Mennesket har gjort det til vane å sjå seg sjølv som noko heilt anna enn dei andre dyra. Likevel er det vi som i størst grad avgjer livsvilkåra deira. Med språk, teknikk og organiseringsevne har vi sett oss i stand til å temje, utrydde eller utnytte dei fleste andre skapningane på planeten vår.

Men kva veit vi eigentleg om dei andre dyra – om livsverda deira, kjenslene og behova deira? Dette er utgangspunktet for boka Bestialsk – om mennesket og de andre dyrene, skriven av mor og dotter Sollund. Ragnhild Aslaug Sollund er kriminolog ved Universitetet i Oslo og forskar mellom anna på miljøkriminalitet og handel med ville dyr. Dottera Vilde Haga Sollund er forfattar, kritikar og forlagsredaktør. 

Den nye boka byggjer delvis vidare på Ragnhild Sollund si bok Bare et dyr frå 2021, men denne gongen med ungdom som målgruppe.

Udyr

Ordet «bestialsk» kjem frå latin bestia, som tyder dyr eller udyr. På norsk blir ordet gjerne brukt om noko rått, brutalt eller umenneskeleg. Ironisk nok er det sjeldan dyr som oppfører seg slik mot menneske. I kapittelet om havdyr kjem forfattarane inn på det merkelege fenomenet med spekkhoggarar som går til angrep på båtar, over 600 slike angrep har blitt registrert dei siste åra. Mange har tolka dette som ein slags hemnaksjon frå naturen, men nokre forskarar har lagt fram ei snillare og enklare forklaring: Dyra leikar seg – utan omsyn til kor dramatisk det kan opplevast for menneska.

Boka er organisert i tematiske kapittel om mellom anna kjæledyr, produksjonsdyr, arbeidsdyr og havdyr. Dei mest urovekkjande kapitla handlar kanskje om forsøksdyr og underhaldningsdyr. Dyreforsøk har gitt mykje kunnskap, men samstundes også store lidingar. Forfattarane argumenterer for færre og betre forsøk, kombinert med alternative metodar.

Sirkus

Også sirkus og andre former for underhaldning med dyr blir problematiserte. Det er lett å vere med på at elefantar ikkje har noko i eit sirkus å gjere. Dyrehagar og akvaparkar marknadsfører ofte seg sjølve med at dei gjer ein innsats for bevaring av truga dyreartar. Men i boka blir det, med rette, peika på at vern av dyra i leveområda deira ville vore betre dyrevern, og at dyreparkar også har andre og langt meir kommersielle interesser i kjøp og sal av ville dyr.

Mot slutten vender boka blikket mot dei minste skapningane: insekt, leddyr og edderkoppar. Ser ein nærare på sansane deira, viser det seg raskt at også desse små dyra kan sjå, lukte, høyre og føle på avanserte måtar. Mange insekt lever dessutan i komplekse samfunn med arbeidsdeling og kommunikasjon. Nettopp slike eigenskapar er grunnen til at også honningbier er omfatta av norsk dyrevernlov, saman med blekksprutar og alle virveldyr.

Bestialsk er ei lita og lettlesen bok på 184 sider, som det høver seg når fagstoffet er retta mot yngre lesarar. Boka er også illustrert med mange inspirerande bilete av dyr, både dyreportrett og bilete av dyr i leveområda deira. Forfattarane har sett seg som mål å gi eit breitt bilete av korleis mennesket kategoriserer dyra rundt seg: familiedyr, produksjonsdyr, forsøksdyr og underhaldningsdyr, der eit sentralt poeng er kor vilkårlege slike kategoriar er – og kor avgjerande slike kategoriar er for rettsvernet dyra får.

Oversyn

Den store breidda i tema og dyreslag kan også bli ei svakheit. Mange dyreslag og tema skal inn på relativt få sider, og det er eit problem for struktur og djupn i formidlinga. Til dømes kunne viktige spørsmål som velferda til vanlege norske familiedyr og produksjonsdyr med fordel vore behandla grundigare.

Likevel gir boka eit tankevekkjande oversyn over korleis mennesket ordnar og misforstår dei andre dyra. I ei nyheitsverd der strukturelle problem ofte druknar i enkeltsaker og klikkvennlege historier, fungerer Bestialsk som ei påminning om at forholdet vårt til andre skapningar er eit av dei store etiske spørsmåla i vår tid.