Litteratur

Det er hardt å vere ungdom, når det ikkje er vedunderleg. Som Mari Andreassen skriv ein stad i den nye romanen sin: «En voksen ville ikke holdt ut i fem minutter.»

Ei levande form for vondt

Mari Andreassen er tromsværing og bur, skriv og er dramaturg i Tromsø.
Publisert Sist oppdatert

Mari Andreassen er opptatt av korleis vi snakkar om ungdom.

– Mange teiknar eit bilde av ungdomsskuletida som eg ikkje kjenner meg igjen i, med rus, vald, mobbing og utestenging. Eg ønskte å fylle ut bildet. Det er mykje som er vanskeleg, men det er òg ei fantastisk tid. Det er ikkje ei tid ein berre skal overleve; det er tid med vennskap, solidaritet og forelsking.

Etter å ha hatt lyst til å skrive om denne tida i mange år, fekk ho eit spark i 2023.

– Eg fylte 40 år i februar og hadde stor fest, og sidan alle eg vaks opp med, fylte 40 år det året, blei den gamle gjengen samla igjen og igjen. Det blei til at eg ikkje tenkte, men følte meg tilbake, kvar gong. Vi fall inn i rollene vi hadde før.

Ho vaks opp på Kvaløya i Troms, på ein tettstad i vekst. Ho gjekk i F-klassen, som måtte bli igjen på barneskulen fordi det ikkje var plass til alle på ungdomsskulen.

– Kanskje det var derfor vi blei så samansveisa.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement