Radikale historier, 7

Folkestyre etter eittpartistaten

Det tyske folkestyret blei utvida med utanomparla men - ta riske aksjonar på demo kratisk grunn. I flokk og rad toga kvinner inn i folkevalde organ.

FOR DETS FRED SLÅR LEIR. Aksjonistar frå Samarbeidsgruppene for natur- og miljøvern (snm) stoppa arbeidet med å byggje ut den 655 meter høge Mardalsfossen i Romsdal i 13 dagar.
Publisert Sist oppdatert

Dei fleste partia hadde ganske få veljarar i 1960-åra. Der var berre to store. I 1965 røysta 46 prosent på Arbeidarpartiet, som var dobbelt så stort som Høgre. Også etter EF-striden var Arbeidarpartiet dobbelt så stort, men i 1973 røysta 35 prosent på dette partiet, fleire små parti var blitt noko større, og eit parti som Venstre mista då sju av ti veljarar.

I det politiske sentrum var demokrati eit spørsmål om eit parlamentarisk alternativ til konservatisme og sosialdemokrati. Der greip ein også tak i mannleg dominans i folkevalde organ og utanomparlamentarisk, sivil ulydnad som ein nødvendig demokratisk utveg frå konfliktar.

Kamp om sentrum

Val etter val med Arbeidarparti-fleirtal i Stortinget tvinga fleire parti til nytenking. «Senterpartiet har alltid vært sjalu på Venstre. De skulle jo ta over for Venstre i slutten av 1950-tallet», seier Odd Einar Dørum. Han er inne på eit vesentleg poeng, kommenterer John Dale.

Per Borten tok over som Bondeparti-formann i 1955. Det nye Borten-regimet emna på å gjenreise det gamle Venstre og få til ei ny samling. «Det var ein stor idé å prøva å ta hegemoniet tilbake», meiner Dale. Borten-regimet hadde ein større ambisjon enn å sjå på seg sjølv som sentrum og la stor tyngd i å skifte namn til Senterpartiet i 1959.

Fram mot 1940 var nemninga sentrumsparti helst brukt om parti i andre land. Som ny formann i Bondepartiet brukte ikkje Per Borten lang tid før han innleidde samtalar med Bent Røiseland i Venstre og Einar Hareide i Kristeleg Folkeparti. Etter kommunevalet i 1959 sette partia ei samarbeidsgruppe med tolv medlemer i arbeid, og til landsmøta våren 1961 låg det føre ei innstilling om sentrumssamarbeid. Senterpartiet og Venstre var for, men Kristeleg Folkeparti takka nei.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement