Bok

Betre enn Gro

Synnøve Vereide Trampe kan få norsk likestilling på rett kjøl.

Synnøve Vereide Trampe har arbeidd som kommentator i Aftenposten, Dagsavisen og Adresseavisen. Ho har lenge engasjert seg i likestillingsdebatten.
Publisert Sist oppdatert

Synnøve Vereide Trampe tek likestillingsproblema til gutane på alvor. Det skal vi vera glade for. Om folk som Trampe ikkje gjer det, vil autoritære menn gjere det, men det er ikkje berre derfor denne boka er viktig. Boka syner oss kva som er feil med norsk likestilling, og dokumenterer at gutane vert gløymde for ofte.

Eg trur Trampe kunne nådd breiare ut om ho i høgare grad anerkjente likestillingsproblema til kvinner, men ein slik kritikk er ikkje heilt treffande. Trampe har rista seg laus frå eit kvinnedominert likestillingsfelt og skrive ei bok om gutar. Det meiner eg er viktig for at den oppveksande generasjonen skal ta likestilling for både menn og kvinner på alvor.

Går i bresjen

Mange gutar og menn, men også kvinner, snakkar ikkje høgt om kva dei meiner om likestilling. Politiske tema som har for store avvik mellom kva folk seier privat og i det offentlege, er ofte prega av ei for sterk semje. Før gjaldt det innvandring og integrering. No gjeld det meir klima og likestilling.

Trampe går i bresjen og breier ut likestillingsdebatten. Folk har gjort det før, men som Trampe skriv om metoo, er det vanleg at menn som kjem med andre perspektiv, vert latterleggjorde eller utsette for hersketeknikkar.

Eit anna døme er diskusjonen om likeløn. Trass i at mange rapportar og fagfolk har presisert at vi i svært høg grad har lik løn for likt arbeid i Noreg, vert ikkje argumenta høyrde. Den tyske filosofen Jürgen Habermas, som nyleg gjekk bort, snakka om normer for diskusjon og den tvanglause tvangen i eit betre argument. Den regelen fungerer ikkje i diskusjonen om likeløn.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement