Bok

Frå verda

Erik Fosnes Hansens første novelle­samling er heilstøypt.

Erik Fosnes Hansen debuterer som novelleforfattar.
Publisert Sist oppdatert

Eg veit ikkje kor mange gongar eg har lese Erik Fosnes Hansens Salme ved reisens slutt, om musikarane på «Titanic» som heldt fram med å spele mens skipet gjekk ned. Kanskje blei eg tiltrekt av historia fordi far min hadde ei erfaring frå si tid som kapellmeister på cruiseskipet «Bergensfjord»: Då den eine stabilisatoren på skipet brekte i ein storm og båten krengde og gjestane blei kasta mot veggen, fann skipsleiinga ut at orkesteret måtte spele, for kvar pris.

Blåsarane nekta, det same gjorde fiolinisten, som nett var blitt fiska opp av punsjebollen, dei ville ikkje risikere instrumenta sine og gjekk på lugaren. Flygelet var derimot bolta fast i golvet, så pianomusikk kunne ein krevje. Då far min òg nekta, batt dei han fast til pianokrakken og tvinga han til å spele roande taffelmusikk. Far min sa: «Eg veit ikkje kor roande passasjerane syntest det var å sjå ein fastbunden pianist spele.»

Kort og konsist

Eg likte romanen også fordi han var storslått, sjølvsagt. I den første novellesamlinga til Erik Fosnes Hansen, Om natten er jeg i Kina, går han andre vegen: mot det komprimerte, som høver seg i sjangeren. Det gjer han med bravur. Nokre av dei 17 novellene er korte, men meiningsberande. Mykje informasjon ligg mellom linjene i denne gjennomarbeidde samlinga. Det ville det ikkje gjort utan eit presist språk, stram komposisjon og ei utsøkt litterær forståing. Det er ikkje nok å halde tilbake informasjon.

Vi møter ei mor og ein son som diskuterer asfalteringa på gata, ei dame som spelar rulett, eit ektepar som steller i stand til middagsselskap – men å ramse opp slikt gir lita meining, då det aldri handlar om desse situasjonane. Dei er rammeforteljingar, trampolinar for å seie noko heilt anna. I fleire av novellene kjem ei overraskande vending mot slutten, som kastar nytt lys over det vi har lese, i andre får vi vere med på utforskinga undervegs.

Utvidinga

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement