Samfunn

Pionerane

Bokhylla.no på Nasjonalbiblioteket gjev innsikt i kva som har stått på trykk om og av Habermas i Noreg.

Publisert Sist oppdatert

Det byrja i 1963: Lars Roar Langslet skal vera den første i Noreg som nemner Habermas i ei bok, ei avis eller eit tidsskrift. I boka Den unge Karl Marx og menneskets fremmedgjørelse har den verdikonservative Langslet ein referanse til Habermas’ artikkel «Zur philosophischen Diskussion um Marx und den Marxismus» frå 1957.

1966: Tre år gjekk før Habermas vart nemnd på nytt. I artikkelen «Mennesket er eit fornuftig dyr» i Filosofisk tidsskrift skriv filosofen Jon Hellesnes: «Eg vil no ha meg ein kort hegeliansk raptus. Hegel er ingen samtidig filosof, men representerer ein samtidig filosofisk synsmåte. Han har stor innverknad på revisjonistiske marxistar og på vest-tyske samfunnsteoretikarar som Adorno og Habermas.»

Same år hadde filosofen Hans Skjervheim vore på filosofikongress i Heidelberg og skreiv ein kronikk i Aftenposten 16. desember om kva problem kongressen tok opp. Generasjonsskiftet var tydeleg, meinte han, og dei som vekte størst interesse, var dei som kunne formidla mellom gamalt og nytt: «Eg skal her nemna fire namn: Karl Otto Apel, Kiel, Jürgen Habermas, Frankfurt, Ernst Tugendhat, Heidelberg og Herman Lübbe, Münster.»

1967: Så gjekk det eit år til før den unge teologistudenten Rune Slagstad, i Bergens Tidende 22. februar 1967, melde essaysamlinga Samtidsmuseet og andre tekster av poeten Stein Mehren. For Slagstad var diktaren, som samfunnsforskaren, både deltakar og tilskodar, både innanfor og utanfor, og nemner Habermas og Adorno som førebilete der motsetnadar står sentralt.

I SF-avisa Orientering kritiserte Tor Mostue, som seinare vart fagleg leiar i AKP (m-l), Pax Forlag «for alltid å vende blikket mot USA og England». Kva om dei «tok en titt på den til dels rike marxistiske litteratur som har dukket opp på kontinentet etter krigen... Hva med folk som Gorz, Sartre, Merleau-Ponty, Marcuse, Habermas, Mandel etc.?»

1968: Fyrst då fekk vi ei større framlegging av Habermas i norsk presse og bokheim. I boka Filosofi i vår tid av filosofane Knut Erik Tranøy og Jon Hellesnes skriv Hellesnes eit eige kapittel om Habermas: «Historikarens oppgåve er såleis ei praktisk oppgåve, meiner Habermas. Så lenge det finst nye synspunkt, nye forståingshorisontar, og det gjer det så lenge historia ikkje er avslutta, kan fortidshendingane og fortidstankane forståast på stadig nye måtar.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement