Bok

Løynde land

Med sterk integritet skriv Tormod Haugland fram lyden og synet av stort og smått, nært og fjernt.

Tormod Haugland har skrive både romanar, noveller, dikt og dramatikk etter debuten i 1994.
Publisert Sist oppdatert

Dette er tredje gongen eg går laus på ei bok av Tormod Haugland for å skrive ei melding i denne avisa, og eg kjenner att eit mønster. Dei første kanskje 15–20 sidene les eg og undrast på kva dette skal vere, kva vil denne teksten, kva vil han meg? Men så, litt etter litt og utan at eg merkar akkurat når det skjer, blir eg sogen inn, lar meg sluke og bergta av Hauglands forvitnelege verd, der ein til dømes på tur i blåbærskogen kan støyte på Huldra og andre jenter som ikkje er av denne verda – eller bli åtvara av talande ramnar.

Som i fleire andre Haugland-bøker er hovudpersonen også denne gongen ein ung mann i eit vestnorsk bygdelandskap, her er det Tormon. Han veks opp i ei litt anna tid enn vår, ein ser ikkje snurten av korkje PC eller mobiltelefon. Men bilar har dei, og ikkje minst skrivemaskiner. Forteljinga er ikkje kronologisk fortald. Hovudsakleg er det to tidsplan, eitt der Tormon er i oppveksten med særleg vekt på åra rundt 12–13, og eitt der han er i slutten av 20-åra.

Midtgard og Utgard

Tormon er ein observant fyr, ein som tar inn verda med fulle sansar, og som særleg er merksam på nettopp lydane, «ljodane», i omgjevnadene. Det kan vere klakking frå ei skrivemaskin eller lyden når ein kontorstol rullar over eit tregolv – og ikkje minst lydar frå menneska rundt han som kan vere minst like talande som orda dei seier.

Tormon er ikkje berre vaken for alle slags sanselege detaljar rundt seg, han er også temmeleg sta og går tidleg eigne vegar. Han er mindre knytt til foreldra og søskena enn han er til bestefaren og bestefarens næraste venn, Olman.

Når Tormon er nesten 13 år, nærmar desse to seg pensjonsalder og mister jobben på likningskontoret i bygda. Då installerer dei seg i vaskekjellaren heime på garden og held fram arbeidet der. Trass i den unge alderen får Tormon jobbe saman med dei på kontoret der i kjellaren. Å gå på skule ser han eigentleg ikkje poenget med. Det viktigaste lærer ein utanom undervisningsinstitusjonane.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement