Krig

Om krig og skog

Krigen i Midtausten tek merksemda vekk frå Ukraina, men ukrainarane kan no tilby sine dyrekjøpte erfaringar med å nedkjempe iranske dronar.

Ei kvinne nyt vårsola i den ukrainske hovudstaden, etter ein lang og særs hustrig vinter.
Publisert Sist oppdatert

Sola har endeleg teke til å varme oss i Ukraina, og temperaturen har stige til 18 grader. Over heile landet førebur folk seg på den kommande hagesesongen. Dei har sådd tomat, aubergine og paprika i spesiallaga brett heime, og frøa vil spire i vindaugskarmar og på verandaer i villaer og bustadblokker.

Omsorgsfulle eigarar vil flytte dei hit og dit for å utnytte den ustadige vårsola så lenge som råd. Først i mai, når jorda endeleg er varma godt nok opp, kan spirene setjast ut i hagar og parsellar.

Ukrainske skogvaktarar byrja allereie i vinter å førebu seg på den varme årstida. Dei som ikkje er mobiliserte, var i barskogen og plukka konglar i januar. Dette er eit svært viktig arbeid, fordi det er avgjerande for å kunne bøte på skadane som russiske åtak har gjort på skogane i Ukraina.

Dei første to åra av fullskalakrigen brann over 1500 kvadratkilometer skog ned i Ukraina, både skogar i krigsområda og skogar andre stader i Ukraina der russiske drone- og missilåtak tende skogbrannar. Mesteparten av øydeleggingane har skjedd i den såkalla gråsona og i dei okkuperte områda.

I Tsjerkasy-regionen i det sentrale Ukraina har dei sanka om lag 75 tonn furukonglar og lagt dei til tørk, så frøa etter kvart kan takast ut og såast i eigne planteskular. Seinare blir dei eittårige furuspirene planta ut i alle tilgjengelege område der skogen er hardt skadd.

Skogsarbeidarar jobbar òg iherdig med å hogge friske tre for å forsyne fronten med trevirke. Mange av forskansingane og dei fleste tilfluktsromma er bygde i tre. Ifølgje Viktor Smal, direktøren i det statlege skogvesenet, har over 17.000 godsvogner med tømmer vorte sende til den ukrainske hæren i løpet av den fireårige fullskalakrigen. Så ukrainske skogar som frå før er alvorleg skadde av krigen, blir også utarma på grunn av ekstraordinære behov i den ukrainske hæren.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement