Kommentar
Dødshjelp som løysing
Eg er uroa for at aksept for sjølvbestemt død treffer eit aukande behov for løysing på «eldrebølgje» og psykisk liding.
Illustrasjon: May Linn Clement
For eit par år sidan byrja Kiano Vafaeian, ein ung mann frå Ontario i Canada, å snakke om eutanasi. Han hadde diabetes 1 og var delvis blind etter ei ulukke. No sleit han med depresjon, ein depresjon som ofte vart forsterka om vinteren. Foreldra greidde å stogge eit forsøk på eutanasi – lova har førebels ikkje opna for psykisk sjukdom som sjølvstendig grunn. Dei freista å hjelpe han på anna vis.
I desember i fjor vart familiens verste mareritt til røyndom. Då døydde Kiano, 26 år gammal, i hendene til Ellen Wiebe, kjend som den mest ihuga eutanasilegen i Canada. Fyrst eit par dagar etter at sonen var død, fekk foreldra beskjed. No har dei klaga Wiebe inn for å ha brote retningslinene for eutanasi. Dei meiner at legen, som elles har avliva mellom 400 og 500 pasientar i karrieren sin, rettleia sonen til å seie det som skulle til for å verte kvalifisert.
Familien til Kiano ønskjer å vise kva fare eutanasilover utgjer for sårbare og funksjonshemma. «Ingen foreldre skulle nokon gong måtte gravleggje barnet sitt fordi eit system – og ein lege – vel død framfor omsorg, hjelp eller kjærleik», seier Margaret Marsilla, mor til Kiano. Ho åtvarar land som vurderer å legalisere eutanasi. Om eit år vil det dei no har klaga inn, verte lovleg praksis i Canada. Frå mars 2027 vil ikkje berre fysisk liding, men også psykisk liding aleine kvalifisere for MAiD (Medical Assistance in Dying), som det så fint heiter.
Ser ein på praksisen og debatten i andre vestlege land, er det all grunn til å ta til seg åtvaringa frå Marsilla. For det å tillate dødshjelp, som det heiter på norsk, er ikkje noko som kan regulerast og stoggast innanfor klåre grenser. Det er ikkje nok å setje opp gjerde mot eit skråplan. Spørsmålet er nemleg ikkje om vi skal skli eller ikkje skli utfor skråplanet. Det er om vi skal opne døra eller ikkje. Når foten fyrst er sett i dørsprekken, er døra open. Og ho er så tung at det er vanskeleg å dra henne att.
Eit raskt overblikk syner at døra vert opna i stadig fleire land. Land som no praktiserer legeassistert sjølvmord og/eller eutanasi, altså avliving av menneske på grunn av liding, er Sveits, Belgia, Nederland, Luxemburg, Spania, Austerrike, Canada, fleire statar i USA, Colombia, Uruguay og New Zealand. Også Tyskland og Italia har opna for assistert sjølvmord, men førebels er ikkje praksisen tydeleg regulert.
Noko er gledeleg: I Slovenia vart legeassistert sjølvmord tillate i fjor sommar, men lova vart interessant nok stansa etter ei bindande folkeavstemming litt seinare på hausten. Og det skotske parlamentet avviste legalisering av assistert sjølvmord denne veka, tysdag 17. mars.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.