Kulturkommentar
«Frels meg frå tomleiken» kunne vore tittelen på ein ny kinofilm om nokre sentrale år i livet til Bruce Springsteen
Diverre har filmen for mykje tomleik og for lite frelse.
På 1970-talet sette den amerikanske duoen Suicide saman trommemaskin, repetitive og monotone synthklangar og ein desperat vokal til eit rått, urovekkjande uttrykk.
Debutalbumet Suicide (1977) har låten «Frankie Teardrop» – eit av dei meir intense og oppslukande musikkstykka i pophistoria. Det fortel historia om ein ung, økonomisk pressa fabrikkarbeidar som drep familien sin, tek sitt eige liv og endar i helvete. Musikken er enkel, men brutal: ein pulserande synth og ei trommemaskin, eit repeterande riff og ei roleg røyst som gradvis glir over i angstfylte skrik.
Hadde du spelt låten for knask eller knep-gjester på Halloween sist fredag, hadde du truleg skremt dei vekk for godt. «Frankie Teardrop» er eit mareritt i lydform som, sjølv om ein veit kva som skal skje, er like skremmande kvar gong. Ei forteljing om desperasjon og om kor langt eit menneske kan verte pressa før alt går under. Eit kompromisslaust band som har fått betre respons no, lenge etter at dei hadde gitt opp.
Bruce Springsteen var ein av få som elska Suicide med det same. I den nye filmen Springsteen: Deliver Me From Nowhere er det ei scene der han ligg langflat på golvet i stova si og høyrer «Frankie Teardrop» når lydteknikaren kjem inn døra og lurer på om det går bra med han.
For dei som har følgt med i år: Det går definitivt bra med Springsteen. I løpet av 2025 har han kome med heile to boksar med ikkje utgjeve materiale, og no blir han spelt av Jeremy Allen White (The Bear) på kino. [L2]
Springsteen: Deliver Me From Nowhere er endå ein film om amerikanske menn som har forma populærmusikken dei siste seksti åra, og der me skal lure på det same: om det går bra med dei. Norske kinoar har tilfeldigvis fått to slike i 2025.
Dylan-filmen A Complete Unknown hadde nemleg premiere allereie i jula 2024 i heimlandet USA, men vart liggjande på vent heilt fram til februar her.
Begge er glimt frå ein karriere, ikkje eit liv – altså noko litt anna enn Control om Ian Curtis og Joy Division, Love & Mercy om Brian Wilson og Beach Boys, og Elvis om, vel, Elvis Presley. Filmen om Dylan skildrar eit USA i ei brytningstid; sekstitalet er i gang, ei tid full av von og draumar om ei betre tid. Filmen om Springsteen skildrar eigentleg ikkje så mykje av samtida si i det heile.
Springsteen er usikker på kven han er, medan Dylan har ei urokkeleg tru på seg sjølv.
Der Dylan framstår som eit vesen som nærast har oppstått magisk ved celledeling, er Springsteen eit menneske med depresjonar, angst og foreldre. Springsteen er usikker på kven han er, medan Dylan har ei urokkeleg tru på seg sjølv. Han må berre få dei rette folka til å forstå det.
Slik sett kunne filmane ha bytt namn: A Complete Unknown hadde passa betre på Springsteen-filmen, medan Deliver Me From Nowhere er eit perfekt namn på Dylan-filmen.
Begge har fiktive kjærleikshistorier, dei forenklar i god Hollywood-stil kva som skjedde, og dei slit med kvinneroller. Likevel er Springsteen-forteljinga meir kompromisslaus, i den forstand at filmen nok er best for folk som er meir enn normalt interesserte i Springsteen.
Til og med dei vil sakne ei forklaring frå regissør Scott Cooper på kvifor far til Bruce Springsteen slit med indre demonar, og kvifor han sjølv slit med noko liknande. Altså kvifor han knyter minne frå oppveksten til dei ti forteljingane på albumet Nebraska.
Den sterkaste augeblinken er når Springsteen jobbar med teksten til tittellåten og skiftar perspektiv frå «han» til «eg». Då identifiserer han seg med massemordaren Charles Starkweather som han syng om, i staden for berre å skildre han utanfrå.
Det er eit grep som definerer musikken, og som gjer at Springsteen i filmen føler at albumet vert mykje meir personleg og nært. Og angstfylt, slik Suicide har perfeksjonert angst i «Frankie Teardrop».
Det kunne filmen ha forklart. Men Cooper vil så mykje meir. Han vil seie noko om kva forhold Springsteen har til foreldra, til musikkbransjen, til kjærleiken og til seg sjølv.
Det er for mykje for ein regissør som har mesteparten av røynsla si frå skrekkfilmar. Slikt er ikkje nødvendigvis feil – Peter Jackson hadde primært same røynsle før han tok tak i Tolkien og Ringdrotten.
Diverre for Cooper er ikkje Bruce Springsteen trollmannen Gandalv eller alven Elrond. Han er knapt hobbiten Frodo Skrepping. Å gå frå å skremme folk til ein hovudperson som er skremd av seg sjølv, er ikkje enkelt – for ikkje å seie nærast umogleg.
Cooper har hatt ei forteljing framfor seg om desperasjon, om kor langt eit menneske kan verte pressa før alt går under. Men han klarer ikkje å vise forteljinga fram.
Manuset slit med for mykje eksposisjonsdialog (replikkar der karakterane fortel noko som eigentleg er meint for publikum, ikkje for dei andre i scena). Dei kvinnelege karakterane – utanom mor Springsteen – er plasserte inn i historia for å balansere alle mannfolka, og ein må ha ein del bakgrunnskunnskap for at det meste her skal gje større meining.
Filmen om åra då Bruce Springsteen går frå å tvile på seg sjølv, og går frå rockestjerne til visesongar, for seinare å verte sjølve symbolet på amerikansk musikk for folk på fabrikkgolvet, klarer ikkje det.
I motsetnad til filmen om Dylans reise frå visesongar til rockestjerne. Der handlar det meste om Dylans evne til å behandle folk som nødvendige hinder på vegen mot toppen, og samstundes finne opp seg sjølv frå ingenting. Men mest av alt: å forklare Bob Dylan for ungdommen.
Jon Landau, som seinare blei manageren til Springsteen, konkluderte i ei melding med: «Eg har sett framtida for rocken, og ho heiter Bruce Springsteen.»
Eg trur ikkje ungdommen i dag skjønar kva han meinte med dette, etter Springsteen: Deliver Me From Nowhere.
Les meir av Tor Martin Bøe:
-
Heil ved
Trine Harbak kjem med ein debut verd å notere seg.
-
Så tak då mine hender
Endetida er her alt på det haustmørke andrealbumet til Kristi Brud.
-
Her er ei yrkesgruppe ikkje så mange hadde tenkt skulle verte ramma av KI: coverbanda.
-
Heilag gral
Kunst er å velje bort. Med Nebraska ’82 viser Bruce Springsteen kvifor han gjorde det riktige valet alt i 1982.