Intervju
Krigens grøde
Korleis skal det gå med tilgangen til mat når ikkje berre klimaendringar, men stadig meir krigføring utarmar landbruket?
Basarane i Teheran er fulle av varer, og folk handlar til den persiske nyttårsfeiringa 20. mars, trass krigen. Ein langvarig krig vil få store følger for matproduksjonen.
Foto: Alaa Al-Marjani / Reuters / NTB
Landa rundt Persiabukta er viktige gjødselprodusentar, og ein tredel av all gjødsla i verda går via Hormuzsundet, som no er stengt. Gjødselråvarer er avgjerande i matproduksjon. I tillegg kjem ein stor andel solsikkeolje og kveite frå Ukraina og Russland. Kva følger får krigane for matvaretryggleiken?
– Russlands invasjon har vist kor mykje makt som ligg i mat. Russland er verdas største kveiteeksportør, og Kina er den største importøren. Vi snakkar mykje om sjeldne mineral, men det ligg òg stor geopolitisk makt i korn, seier Ola Tveitereid Westengen, som er professor ved instituttet Noragric på Noregs miljø- og biovitskaplege universitet.
– No er Iran og landa rundt råka av krig, og det er mykje snakk om drivstoff- og gjødselprisar internasjonalt, men korleis skal det gå med bøndene og våronna i Iran?
– Iran har vore ganske sjølvforsynte med kveite. Det har vore eit viktig politisk mål for styresmaktene i landet. No når bøndene kanskje ikkje får tilgang til gjødsel og det dei elles treng, vil det føre til lågare avlingar. I tillegg er dei avhengige av import av ris og soya og innsatsfaktorar til jordbruket frå land som Kina, Brasil og India. Korleis skal dei få det inn no? Transporten gjennom Hormuzsundet går begge vegar. At det er sperra, får dramatiske følger for matsystemet både internasjonalt og i Iran.
– I Iran går 90 prosent av vatnet til jordbruk, og det har vore tørke seks år på rad. Korleis skal det gå med dei 90 millionar innbyggarane når det attpåtil er krig?
– I Iran er det vasskrise etter tiår med dårleg vassforvaltning, der dei har tatt ut for mykje grunnvatn, og situasjonen har blitt forverra av klimaendringane. Dette har vore ein faktor i protestane og den interne uroa i Iran dei siste åra, litt på same måte som høge matprisar var ein faktor i den arabiske våren i 2011. Vasskrisa og handelssanksjonar har ført til høg matinflasjon. No er alt usikkert, men det vi veit, er at krig er den viktigaste grunnen til akutt svolt, særleg i område der folk alt er sårbare.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.