Kulturkommentar
Kunnskapsdepartementet sitt forslag til musikk i skulen ser ut til å vere laga av nokon som ikkje har høyrt så mykje på musikk.
Illustrasjon: Dag og Tid, foto via Wikimedia Commons
Regjeringa har gjennom Kunnskapsdepartementet sett i gang eit prosjekt for å gje lærarar i grunnskulen betre faglege retningsliner. Læreplanane vert opplevde som vage, for i dag finst ikkje eit nasjonalt pensum i norsk skule, berre læringsmål.
Som alltid når politikarar og byråkratar skal meine noko om skule, blir det noko velmeint, men fagleg rart over døma. Forslaget til musikk som no er sendt på høyring, eller «Veiledende innholdsliste til læreplan i musikk», som det heiter, er så stivbeint at eg fyrst trudde det var tull. Eller at det har vorte laga av nokon som ikkje har høyrt så mykje på musikk, men høyrt mykje om musikk.
I forslaget for musikkopplæringa finn me artistar som Åge Aleksandersen, a-ha, Aurora og Sigrid. Veldig mange frå Austlandet. Ikkje fullt så mange frå Vestlandet. Artistar frå Rogaland utover Bjørn Eidsvåg finst ikkje. Mangfalds-Noreg er mellom anna representert av Karpe og Jonas Benyoub. Dessutan har ein kasta inn Dimmu Borgir for å få med den største eksportartikkelen i norsk musikk dei siste 40 åra.
Av internasjonale døme – som stort sett berre er britiske og amerikanske, med eit lite unntak for ABBA – finn ein mellom anna Pink Floyds «Another Brick in the Wall», Beatles med «Let it Be» – og det irske bandet The Cranberries sin fryktelege låt om The Troubles: «Zombie». Kva med U2 sin «Sunday Bloody Sunday»? Eller John Lennon sin?
Lennon er for så vidt allereie godt representert i forslaget, han er den einaste frå The Beatles som òg er representert med ein sololåt. Sjølvsagt «Imagine», fredslåten som er så utbrukt gjennom fleire års slitasje at det berre er ein annan frå The Beatles som er meir sliten, nemleg «Let it Be».
Sjølv er eg ikkje eldre enn at me hadde «Yesterday» og «Michelle» som ein del av undervisninga på barneskulen, medan læraren freista å selje inn Eurythmics-albumet Revenge som eit døme på moderne musikk.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.