Kulturkommentar

To norske band viser at KI-musikken som Nicolai Tangen likar, ikkje strekk til.



  

Oslo 20230904. Omparockerne i Kaizers Orchestra er tilbake, og comebacket har mottatt unison hyllest fra anmelderne. Nå er de klare for de resterende konsertene i comeback-turneen gjennom høsten.Her med Geir Zahl, Janove Ottesen og Terje Winterstø Røthing.Foto: Emilie Holtet / NTB
Kaizers Orchestra gjorde comeback i 2023. Frå venstre: Geir Zahl, Janove Ottesen og Terje Winterstø Røthing.
Publisert Sist oppdatert

I eit podkastintervju med Nicolai Tangen i Aftenposten får ein vite at oljefondssjefen legg seg ein stad rundt ni om kvelden, men er tilsvarande tidleg oppe om morgonen. Då er naturen finare, rolegare, og det er ikkje så mykje folk.

Intervjuet har vore mykje omtala, mellom anna av Monica Goksøyr her i Dag og Tid. Etter ei lang hylling av kunstig intelligens fortel nemleg Tangen at han følgjer Spotify si innstilling for stemningsmusikk eller artistspesifikk musikk, der han som oftast høyrer på «no skal eg lage middag»-musikk. Det betyr ikkje noko for han om det er KI som har laga musikken. Ein må sjå på resultatet, seier Tangen. Er det bra, er det bra. Han gir blaffen i kven som har laga det. Det gjeld kunst òg.

Men er ikkje poenget med musikk eller kunst at det finst eit levd liv eller ei meining bak, undrar journalisten. Ikkje all kunst fangar noko, svarar Tangen. Journalisten meiner likevel at KI-musikken høyrest flatare ut. Det er førebels, seier Tangen. Det kjem til å endre seg.

Dette er same mannen som i 2019 brukte 9 millionar kroner på å sende ein gjeng ein kan kalle norske samfunnstoppar til USA, der dei mellom anna fekk intimkonsert med den britiske artisten Sting.

Norwegian duo band Kings of Convenience perform during the rehearsal for their concert in Seoul, South Korea, Friday, March 17, 2023. (AP Photo/Lee Jin-man)
Kings of Convenience vart til i Bergen. Her førebur dei seg til konsert i Sør-Korea i 2023.

Mange, særleg musikkmeldarar, vil hevde at skilnaden på Sting og KI-musikk ikkje er den heilt store. Då gløymer dei at den tidlegare The Police-sjefen faktisk har skrive ein god del poplåtar med merkelege takt-artar, noko KI framleis ikkje er særleg god på. Til dømes «I Hung My Head», ein låt i 9/8-takt. Johnny Cash såg ikkje heilt poenget då han tolka låten i meir ordinær 4/4-takt i 2002. Ordinær og 4/4 er heller ikkje heilt presise ord om fleire norske album som fyller 25 år i 2026. Quiet Is the New Loud av Kings of Convenience synte til dømes den same utfordringa som a-ha møtte då dei skulle få internasjonal suksess. Dei måtte via eit plateselskap i utlandet.

Debuten var dessutan noko så uvanleg som eit album som vart merkelapp for ein heil sjanger av stille gitarmusikk. Han lærte òg konsertpublikum ei ferdigheit få hadde trent på: å halde kjeft.

Mange meldarar syntest det duoen heldt på med, var så provoserande keisamt at dei skreiv at dei hadde lyst til å banke dei. At dei dessutan likna mistenkjeleg mykje på Simon & Garfunkel, gjorde ikkje situasjonen betre.

25 år seinare har duoen frå Bergen vist at det faktisk går an å leve av musikk, og berre musikk, utan stadig å måtte fornye seg eller gi ut noko nytt. Når ein først får eit stort globalt publikum, er det heilt andre mekanismar enn korte hitperiodar som skaper inntekter.

Kaizers Orchestra opptrer under Øyafestivalen i Oslo i 2011.

Du tenkjer kanskje ikkje så ofte på kva Kings of Convenience driv med om dagen. Men det er det mange andre i verda som gjer. Dei har bygd eit publikum som kjem tilbake på nesten kvar konsert og tek med seg minst éin ven. Kva dei sinte musikkmeldarane frå 2001 driv med i dag, veit eg ikkje. Slik er det òg med det besynderlege skrangleorkesteret Kaizers Orchestra. Dei deler forbokstav med Kings of Convenience, og vart òg til i Bergen. Samstundes har dei alltid gjort ting på ein heilt eigen måte, langt utanfor reglane og tankane til musikkbransjen.

Musikken deira krev på dei fleste måtar meir plass enn den stille gitarbossanovaen til Kings of Convenience. Nokre har meint dei har lånt vel mykje frå Tom Waits. Særleg sure musikkmeldarar. Ja, dei igjen. Men dei har i alle fall ikkje stole publikumet hans.

I staden har dei, som Kings of Convenience, skapt sitt eige fanunivers. Ein hærskare av fans som ikkje berre tek med seg ein ven på konsert, men foreldre, onklar, tanter, lærarar og naboar og etter kvart eigne ungar.

Det finst faktisk folk på kontinentet som ikkje bryr seg om at dei ikkje forstår jærsk.

Til hausten skal dei på europaturné. Turneen vart nyleg annonsert på engelsk på Facebook, for det finst faktisk folk på kontinentet som ikkje bryr seg om at dei ikkje forstår jærsk. Det er det for så vidt ikkje så mange utanfor Bryne som gjer uansett.

Ser ein på turnélista, er det dessutan openbert at bandet òg har teke høgd for norske fans. Konsertar i Amsterdam, London, fleire byar i Tyskland og ein i Belgia, ligg strategisk plasserte rundt haustferien på Vestlandet. Hugs at dette er bandet som har selt 1500 billettar fire gonger i veka i ein heil månad i Stavanger, Bergen, Oslo og Trondheim.

Ingenting av dette kan erstattast av den KI-genererte musikken Nicolai Tangen likar. Samstundes byggjer det eigentleg på noko han sjølv seier om framtida. Når KI lagar alt, kva skal menneska gjere då?

«Me skal snakke med kvarandre og kome nærare kvarandre som menneske», svarar han som meiner at CEO bør stå for Chief Energy Officer. «Me må ha menneskeleg intelligens òg.»

«Det som skaper mest lykke», seier Tangen, «er å bruke pengane på opplevingar saman med vener og familie.»

Framtida er kanskje ikkje heilt føreseieleg. Men folk kjem til å gå på Kings of Convenience- og Kaizers-konsertar dei neste 25 åra òg. Dei kjem til å ha med vener og familie. Og ingen av dei, verken publikum eller band, kjem til å halde seg til 4/4-takt. Eller leggje seg klokka ni.