Kommentar
Krossfarar utan nåde
Krigsminister Pete Hegseth ser på seg sjølv som ein krossfarar. For han er amerikansk politikk «ein heilag krig» mot venstresida.
Krigsminister Pete Hegseth under ein pressekonferanse om åtaket på Iran 2. mars.
Foto: Elizabeth Frantz / Reuters / NTB
«Død og øydelegging frå himmelen dagen lang.» «Ingen nåde for fiendane våre.» Pressekonferansane til krigsminister Pete Hegseth om krigen mot Iran – den såkalla «Operasjon Episk Raseri» – er underlege framsyningar. Tonen hans kunne vore henta frå dårlege actionfilmar, der han skryter uhemma av amerikansk overmakt, frydar seg over øydeleggingane i Iran og uttrykker forakt for folkeretten og krigens reglar.
Hegseth er på mange måtar ein ekstrem figur. Men han er òg ein representant for sterke straumar i amerikansk kultur og politikk dei siste 25 åra. Haldningane og ideologien til Hegseth kan i stor grad forståast ut frå biografien hans og historia til USA sidan 11. september 2001. Difor er det verdt å sjå nøyare på livssoga hans.
Konservatisme
Den villskapen og aggresjonen Hegseth viser fram i dag, verkar underleg om ein ser på det ganske trauste utgangspunktet hans. Han vart fødd i 1980, og voks opp i ein middelklassefamilie i småbyen Forest Lake i Minnesota, med to norskætta foreldre. Brian og Penny Hegseth var overtydde republikanarar frå ei tid da radikalismen til Maga-rørsla ikkje var oppfunnen, aktive medlemer i ei lokal baptistkyrkje og etter alt å døme gode samfunnsstøtter.
Pete Hegseth var særs skuleflink, og etter vidaregåande studerte han statsvitskap ved eliteuniversitetet Princeton. Her var han òg redaktør for ei konservativ studentavis, der han kritiserte feminisme, kalla homofili «unormalt og umoralsk», og hevda at samleie med ei medvitslaus kvinne ikkje burde reknast som valdtekt, fordi det ikkje innebar tvang.
11. september
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.