Leiar
Krigen må avsluttast
USAs forsvarsminister Pete Hegseth held ei orientering for pressa 19. mars.
Foto: Evan Vucci / Reuters / NTB
Det har vore godt å sjå kor mange europeiske land som har kritisert bombekrigen til USA og Israel i Iran. Men også at dei har avvist å bistå USA med å halda oppe ferdselen gjennom Hormuzsundet. No gjeld det å halda fast ved denne lina og stå imot, same kva truslar om straffetiltak den amerikanske presidenten måtte koma med.
Som den tidlegare britiske generalen Nic. Carter sa til BBC denne veka: Nato vart oppretta som ein forsvarsallianse, ikkje for at land i alliansen på eiga hand skal kunna gå til krig, for så å be om hjelp i etterkant. Carter avviste òg Trumps påstand om at den iranske marinen er øydelagd. Dei kan framleis yta motstand med landbaserte missil og dronar, væpna snøggbåtar, ubemanna overflatefartøy og miner.
Etter den enorme amerikanske og israelske bombinga i tre veker står no sivilsamfunnet i Iran overfor store utfordringar. Ta våronna. I dag, 20. mars, er det høgtida nowruz i Iran, vårjamdøgeret og starten på det nye året. Tradisjonelt byrjar våronna no med pløying, harving, såing, gjødsling, stell av frukttre og så bortetter. Krigen vil sjølvsagt skapa store problem for bøndene i dette livsviktige arbeidet.
Og kva skjer med tilgangen til vatn i eit land som alt før krigen sleit med vasstilgangen? Ikkje minst gjeld det hovudstaden Teheran. Fjoråret var eit av dei turraste på mange tiår. Bøndene er no heilt avhengige av ein effektiv og nøysam bruk av vatnet.
Men det omfattande vatningssystemet som Iran har med kanalar, overflatevatning, pumpebrunnar, sprinklaranlegg – og det avanserte gamle underjordiske qanat-systemet – er sjølvsagt svært utsett no med all bombinga.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.