Musikk
Hissige nordnorske blodadpumper
Ondt Blod er tilbake med det sterkaste albumet i katalogen.
Kongane av Finnmark framfor heimen til kongen i Oslo.
Foto: Ole Onstad
I den passe tøysete Supermann-filmen frå i fjor sommar gjorde regissør James Gunn fleire val som kan få puristar til å lure på kvar messiaskomplekset deira forsvann. Eitt av dei er at Supermann seier han vil vere pønkrockar. Eit poeng som får si endelege forløysing rett før rulleteksten, der Krypton-sonen høyrer på songen «Punkrocker» med svenske Teddybears og sjølvaste Iggy Pop.
Finnmarkkvintetten Ondt blod toppar det tredje albumet sitt med ein låt som er akkurat nok lik seg sjølv til å ikkje vere plagiat av «Punkrocker» på Klipsch-samarbeidet «FinnmarKING». Legg merke til betoninga i låtnamnet.
FinnmarKING hadde heilt klart vore ein mykje betre albumtittel om dei ikkje alt hadde kalla debuten Finnmark.
Bauta er ti hissige og refrengsterke låtar om å elske å komme frå langt i nord og forakte Oslo for all sin arroganse. Yngve Andersen frå Blood Command (i desse bandnamna er det blod overalt) har kome til som produsent og løfta eit morosamt, men òg politisk sint band opp til allsongnivå. I alle fall om ein ikkje er redd for aggressive gitarar med høg energi i allsongen sin.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.