Kommentar
Ein halvhjarta rest av ein kanon
Leselistene er ei tilbakevending til 1990-talet.
Illustrasjon: May Linn Clement
Skulen er atter til kritisk vurdering. Regjering og storting har lagt frå seg så mange saker til direktorat, stiftingar, A/S, utgreiingsinstitutt og kva det enn er, at dei stort sett no sit att med moralistiske utfordringar: korleis hindre folk i å leve ut sin sjukdom, og korleis oppsede ungar på rette måten.
Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun har teke vare på ein rest av tankegodset frå 1990-talets skuleideologi, då ho sjølv avslutta ungdomsskulen og gjekk over på vidaregåande. Ho gjenreiser no ein eller fleire restar frå stordomstida til undervisningsminister Gudmund Hernes, då han lanserte Læreplanverket for den 10-årige grunnskolen av 1997 (L97).
Den store, dominerande tanken til Hernes var den gongen å sørgje for at nordmenn, same kva for opphav dei hadde, skulle ha sams referanserammer. Altså måtte især norskfaget, men også fleire andre fag, frå engelsk til naturfag, sørgje for at norske born og ungdommar vart kjende med både klisjear og vanlege tekstar, om dei så skulle førefinnast i Donald Duck i pocketbokform. Eller kva som helst, eigentleg, berre det sørgjer for at elevar har høyrt om det same, på lag samstundes.
Kunnskapsløftet
Der eksisterer ein myte i media og ålmenta om at etter den læreplanen som kom i 2006, altså Kunnskapsløftet, så har ikkje ungdom kjennskap til Henrik Ibsens verk lenger. Alle som veit det aller minste om skulen, veit at det er motsett: Frå minst ungdomsskulen av har dei unge fått repetert Ibsen ad nauseam, og til overmål med gammaldagse lesemåtar frå før tida til besteforeldra våre, altså frå tida til skuleborna sine tippoldeforeldre. Om att og om att att dei same tolkingane – endå der finst mange ulike tilnærmingar til Ibsen i dag.
Spørsmålet er så kvifor ein leitar fram att hernesianismen, som møtte slik kritikk i og utanfor skulen, for å gjere han til ein slags fugemasse i noverande nokså avbleika læreplan, altså Kunnskapsløftet i tredje versjon, frå 2020. Mange vil vere samde i at denne reviderte læreplanen vart langt meir uklår enn dei føregåande versjonane. Og kvifor?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.