Helse

Sjukehussjuka

Nok eit nytt sjukehus var for dårleg planlagt og må byggjast om. Kjersti Toppe i Senterpartiet vil ha ein granskingskommisjon for nye sjukehusbygg.

Den nye sjukehuset i Stavanger vart teke i bruk i november i fjor.
Publisert Sist oppdatert

Ved det nye universitetssjukehuset i Stavanger må einerom på intensivavdelinga byggjast om til dobbeltrom, berre månader etter innflyttinga. Årsaka er at eineromma krev ekstra bemanning og er dyrare i drift. Sjukepleiarar har også fortalt at store utstyrssøyler i romma gjer det vanskeleg å kome til på alle sider av intensivpasienten.

Men feildimensjonerte intensivrom er ikkje den einaste utfordringa ved det nye sjukehuset. Stavanger Aftenblad har følgt byggjeprosessen og fortalt at sjukehuset er planlagt utan pasienthotell, utan nok parkeringsplassar til dei tilsette, utan kontorplass nok til legane og utan nok garderobeskap til dei som jobbar der.

Med berre einerom skulle sjukehuset fjerne behovet for korridorpasientar, men alt andre veka etter opning måtte enkelte pasientar plasserast på gangen. Det er også meldt om utfordringar med røyrpost, sengelagerheisar og varelagerheisar som ikkje har fungert som dei skulle.

Samla er det snakk om forteljingar som kan overgå sjølv dryge molbuhistorier. Samstundes er dei ikkje eineståande. Det ser ut til å ha vorte norma i Noreg å byggje nye sjukehus som ikkje er tilpassa behova dei skal fylle.

Feil og manglar

Akershus universitetssjukehus vart erklært for lite berre få år etter at det stod ferdig. Sjukehuset på Kalnes i Østfold har hatt korridorpasientar frå det opna. Det vart bygd med berre einerom, men brukar i dag mange av dei som dobbeltrom. Ein evalueringsrapport laga etter fem års drift fortalde at det også er lite plass i arbeidsstasjonar for tilsette, for lite lagerplass, og at einsengsrom er meir ressurskrevjande å drifte og har kravd ekstra bemanning.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement