Musikk

Ikkje ver redd for stilla

Eit album som tør å velje bort.

Krissy Mary viser korleis ein kan vinne over skrekken for kamera.
Publisert Sist oppdatert

Frykta for tomrom, tomme rom og opne flater er ei form for angst som på norsk vert nytta synonymt med agorafobi. Andre land har omgrepet kenofobi. Det må ikkje forvekslast med xenofobi (framandfrykt), eller fonofobi (frykt for lyd). Ein kunne gjerne ha trudd det siste når ein ser kor mange som nyttar støydempande headsett.

Kenofobi har heller ikkje noko med å vere redd for Ken, mannen til dokka Barbie, å gjere. Det kunne ha vore ein diagnose, det òg.

Krissy Mary heiter Kristine Marie Aasvang i passet og er god på albumtitlar som høyrest ut som diagnosar. Debuten Fem Sole og oppfølgjaren Virago har sterke namn med dobbel botn. Den sistnemnde tyder ei fryktlaus kvinne. Det er først no ho er retteleg fryktlaus.

Tittelen kjem frå sjølvaste Aristoteles. Grekaren søkte å finne eit namn på naturens trong til å fylle tomrom med materie. Horror vacui vart seinare eit omgrep i kunst, om korleis alle kvite flater og opne felt burde fyllast.

Likevel er ikkje dette albumet fylt med lyd. Det er heller aldri stille. Ikkje ver forvirra.

Sjangersprengjande

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement