Litteratur

Ei historie å bli stolt av

Etter tidlegare å ha skrive på arabisk og engelsk debuterer Rana Issa no på norsk med ein boktittel som røper at tema både er den tragiske stoda i Midtausten og forholdet ho har til sitt nye heimland.

Rana Issa er forfattar, omsetjar og kunstnarleg leiar i Masahat, foreininga for arabisk kunst og kultur i eksil i Oslo.
Publisert Sist oppdatert

Ved å nytte tittelen på Halldis Moren Vesaas’ mest kjende dikt, «Tung tids tale» – skrive under krigen og med solidaritet som tema – signaliserer den palestinsk-libanesiske forfattaren at ho vil knyte seg til Noreg på eit forpliktande vis, men òg at dei vonde tilhøva i Palestina og dei arabiske nabolanda stadig opptek henne sterkt.

To gonger flytta ho til Noreg, heimlandet til barnefaren. Først i 2006, då Israel gjekk til åtak på Libanon. Ho blei her i ti år, men kjende seg utrygg på korleis framtida til dei to borna ville vere i eit land der det verka som om arabarar var uønskte. Då hadde ho skilt seg frå ektemannen og fullført ein doktorgrad i kulturhistorie, men kjende seg likevel framand her.

Arabisk kulturforeining

Men tilhøva i Beirut blei etter kvart svært vanskelege, og sommaren 2020 flytte ho og borna tilbake til Noreg, der ho fekk ei forskarstilling. I 2016 hadde Rana Issa stifta Masahat, foreining for arabisk kunst og kultur i eksil i Oslo. Etter nokre år i akademia er ho no i full stilling som kunstnarleg leiar for den institusjonen.

– Kvifor har du skrive denne boka?

– Eg vil at borna mine, og innvandrarar i deira generasjon, skal kjenne seg stolte av foreldra og forforeldra sine. Eg er svært oppteken av skam, skuld og synd, og håper at boka skal gi nokre nøklar til korleis ein taklar slike vanskelege kjensler. Eg vil byggje stoltheit gjennom historie. Pensum på vidaregåande skule er bygd på norsk og europeisk historie; mi verd er utestengd frå det. Så håper eg at denne boka vil utvide det snevre, ekskluderande biletet og bidra til at dei fleirkulturelle skal få skjøne si eiga historie. Dette er ei norsk bok og følgjeleg også ei norsk historie.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement