Frå matfatet

Julekalender

Ein liten advent kan forte verte ein vane.

Her manglar det noko: Same kalender som i fjor? Og berre til barnet? Litt gamaldags, eller?
Publisert Sist oppdatert

Skal vi snakke om jul alt no? Ja, mykje kan tyde på at vi er seint ute. Ifylgje ein artikkel frå den kommersielle avdelinga til VG – med andre ord ein annonse der VG får prosentar frå sal generert av teksten – vert det hevda at dei mest populære julekalendrane kan verte utselde lenge før desember. Med andre ord: Her gjeld det å hive seg rundt, ikkje minst fordi utvalet er monaleg mykje større enn eg kunne sett føre meg i mine villaste fantasiar.

Konseptet sjokoladekalender fyller faktisk nittini år i år, den fyrste var tysk og var altså i sal i 1926. Sjokolade står framleis sterkt i utvalet hjå det som må vere ein av dei største kalenderbutikkane her til lands – gåvenettstaden Coolstuff.no. Her finst andre ting òg – tru du meg – men sidan dette no er ei matspalte, held vi oss til kalendrar med innhald som kan enten etast eller drikkast.

Seks x Kong Haakon

I sjokoladeland er her alt frå 24 bitte små kindersjokoladar for 199 kroner til eksklusive sjokoladekalendrar i tre du må ut med 1749 kroner for å sikre deg. Då får du rett nok, i tillegg til seks ulike variantar av sjokoladetrøflar (med andre ord færre variantar enn det finst i ei standard konfekteske), eit trefinerhus med lys i.

Det er likevel verdt bryet, tenkjer eg, å rekne ut kiloprisen på sjokoladen: Å betale 1749 kroner for 288 gram sjokolade gjev ein kilopris på kring 6000 kroner. Det er seks til tolv gonger prisen eg finn på eit kilo Freia Kong Haakon-konfekt.

Verken kreativiteten eller salsviljen stoppar likevel ved sjokolade. Coolstuff sel nutellakalender, marmeladekalender, baconsvorkalender, dubaisjokoladekalender, nudelkalender med «trendy TikTok-smaker du ikke engang visste fantes», og lag din eigen drikke-, energidrikk- og snus-kalender. Dumme meg trudde ein augneblink at ein i desse kalendrane faktisk fekk blande sine eigne energidrikkar, men det dreier seg om spesiallaga papphylster som ein kjøper energidrikkar, andre drikkar eller snusboksar og puttar inn i.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement