Bok
Mennesket og ulven
Brit Bildøen skriv spennande med utgangspunkt i kvasse konfliktar.
Brit Bildøen har skrive ein frittståande oppfølgjar til romanen der vi møter syskena Karl, Dorte og Anette og foreldra deira.
Foto: Agnete Brun
Ulven er stamfar til alle tamhundar, likevel ser me han som noko heilt anna enn ein hund. I eventyra er han slu og farleg, og sjølv om han får litt oppreising i Jungelboka, som er lausleg tufta på faktiske hendingar (det har vore fleire tilfelle der spedborn som nokon har sett ut i skogen, har vorte oppfostra av ville ulvar), slit han med vantande goodwill.
Han er tvert imot ei kjelde til konfliktar mellom folk, og slikt er godt romanstoff, der store delar av det menneskelege kjensleregisteret kan spelast ut. Dette fekk Brit Bildøen til i den førre romanen sin, Gult farevarsel, men kjensla var at det stod noko att, og det har nok forfattaren kjent på også, for no kjem ein frittståande oppfølgjar, med tittelen Moderat sikt.
Dramatikk
Her er me straks midt i eitkvart dramatisk. Karl, ein av personane i den førre boka, ligg ein stad ute i utmarka, han er skadd, men forstår ikkje heilt kva som har skjedd. Så kjem eit nytt kapittel, om hendingar ei veke tidlegare, og slik held boka fram, med stutte bulletinar frå den skamslegne og forvirra Karl og lengre bolkar der tvillingsystera Dorte og eldstesystera Anette er hovudpersonar.
Denne takta heldt forfattaren seg til gjennom boka, og det kjennest noko uturvande, for det skjer i byrjinga ikkje så mykje med han Karl. Kor som er får me vita kva som gjekk føre seg av meir eller mindre relevante saker den siste veka. Karl driv eit firma som skal ta folk med på fotosafari i skogen, det vert også kalla Rovdyrcamp, men med slike lovnader er det lett å tenkja at det fort vert ein bortecamp. Dessutan skal denne leiren, campen, ha Innsetra som base, just der uhyggjelege saker skjedde i den førre boka.
Såleis står ikkje Moderat sikt så heilt fritt, men dei som ikkje har lese den første boka frå dette universet, skal ikkje fortvila, for det kjem eitt og anna drypp frå dei sentrale hendingane der i teksten, ikkje minst av di det viktigaste elementet i plottet har direkte samanheng med det som fann stad i Gult farevarsel.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.