Reportasje
Vegen har ein ende
Del 9: Hipp, hipp hurra! Det er 17. mai, og eg vaknar i ei Ikea-seng på prærien i Sør-Dakota. I dag skal vi få svar. På alt.
Det var no irriterande å avslutte artikkelen slik eg gjorde førre veke, eg veit det. Litt meir kunne eg fortalt om Ruth Chester, men det var ikkje plass. Resten kjem i dag, vi skal heilt til endes på denne mørke vegen. For dette er inga solskinssoge.
For nye lesarar, og for dei som har hange med på heile ferda, men som treng ei oppfrisking: Far min hadde altså to tanter som reiste til Amerika: Helena i 1902 og Marta i 1905. Mens ho fyrste skreiv brev og kom heim att på besøk, høyrde familien aldri noko frå Marta. Ingen ante kvar ho var eller kva som hadde skjedd ho, det var ikkje livsteikn. Inntil dotter hennar, Ruth Chester, uventa banka på døra heime på Hildal i mai 1982.
Så mykje ville ikkje Ruth Chester fortelje om mor si, nei, det var så få opplysningar at det var reint mistenkjeleg. Då ho reiste etter ei veke, og vi aldri høyrde noko frå ho, byrja heile
familen å tru at vi var lurte. At Ruth Chester var ein utkropen bløffmakar som gav seg ut for å vere dotter til Marta for å kunne bu gratis.
Men sanneleg, sanneleg seier eg dykk: I går fekk vi treffe stesonen til Ruth Chester, som kunne stadfeste at biletet som vart teke heime på verandaen i 1982, verkeleg var ho.
Ruth Chester er fars søskenbarn. Eller var – ho døydde i 1997.
Ein stor dag
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.