Litteratur

Mykje død og mykje varme

Eigentleg skulle han skrive om genmodifisert mat og at det går til helvete. Det blei heller gravferder. – Det var morosamare, seier Lasse W. Fosshaug.

Lasse W. Fosshaug har hovudet fullt av litteratur og musikk. Under jakka har han ei Satyricon-T-skjorte. Svart, sjølvsagt.
Publisert Sist oppdatert

Han var i gravferda til ein eldre slektning og var ein av dei som bar kista ut av kapellet. Men utanfor stod det ingen bårebil.

– Handtaka var skarpe, så det gjorde vondt. Vi kunne ikkje sette kista ned, for vi stod i ein bakke, og det var vått. Det drygde og drygde, og eg såg for meg kva som kunne ha hendt med gravferdsagenten. Desse folka kan ikkje gjere feil, tenkte eg. Dei må prestere, så gravferda blir verdig. Det er sikkert tungt å ha hengande over seg.

Frøet var sådd: Lasse W. Fosshaug begynte å notere seg «udugeleg gravferdsagent»-scenario. Likbilen sklir av vegen. Grava kista skal ned i, er for lita.

– Eg var eigentleg i gang med ein dystopisk roman om matvareproduksjon og genmodifisering. Men så kom pandemien, og der sat eg og skulle skrive om verdas undergang i kjellaren kvar kveld. Nei, det blei for dystert, seier han og ler.

Over ditt lik, som blei lansert denne veka, handlar om ein gravferdsagent, Terje Lund, som strevar med både verksemda og forholdet til dei han er glad i.

– Det handlar om felles menneskelege erfaringar, som sorg.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement