Dyr

Kutrenar

Informasjon frå Tine om krava til ein kutrenar.
Publisert Sist oppdatert

I fjøset på garden der eg vaks opp, stod kyrne på bås størsteparten av livet og vart fôra og mjølka til faste tider kvar morgon og kveld. Over ryggen deira hang det ein bøyel av metall, kopla til ein elektrisk gjetar.

Føremålet med denne innretninga var å tvinge kyrne til å rygge bakover og gjere frå seg rett ned i gjødselrenna bak båsen, og på det viset halde båsen så rein som mogleg mellom fjøsstella. No, femti år seinare, er det på tide å finne betre måtar å halde kyrne reine på enn med straum.

For ei ku som står på bås, er det vanskeleg å røre seg på ein naturleg måte, både når ho skal reise og leggje seg, og når ho vil sleikje og stelle pelsen. Eit anna presserande problem med å vere bunden fast til si eiga seng er at ho ikkje har anna val enn å pisse og skite der ho står og ligg. Bak båsane er det rett nok ei skitrenne eller ei gjødselrist, men korleis skal kua vite at det er der ho skal gjere frå seg? Det er her det elektriske damoklessverdet, også kalla kutrenaren, kjem inn i biletet.

Straffande

Ein korrekt plassert kutrenar skal henge minimum 5 centimeter over ryggen til kua og 60 til 80 centimeter bak båsfronten, det vil seie omtrent midt over kua. Ei ku som skit eller tissar vil som regel løfte på halen, stille bakbeina litt frå kvarandre og slå ein kul på ryggen. Men når kua gjer seg klar til å gjere frå seg, skal den vaktsame trenaren, med spenning på opptil 3000 volt og maksimal impulsenergi på 0,1 joule, gje kua ein smekk over ryggen, slik at ho skvett til og ryggar bakover.

Kyr er, i motsetnad til det mange trur, ikkje einfaldige og dumme dyr, men sosiale og høgt medvetne skapningar som liker å vere saman med familie og venner. Dei kan også vere listige, og nokre kyr vil alltids finne ut korleis dei skal gjere frå seg der dei sjølve vil. I fjøset heime hadde vi nokre kyr som klarte å vri seg så mykje til sida at dei slapp unna den strenge straffa frå trenaren, andre klarte det kunststykket å slå kul nedover på ryggen i staden for oppover. Resultatet var kyr med skite jur og store, seige klumpar med skit oppover føtene og låra.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement