Samtalen

Når vêret slår om

Kor mykje varmare og blautare vêret i Noreg vert framover, står att å sjå. Men sjølv eit mindre sannsynleg scenario er mogleg, ifølgje klimaforskar Anita Verpe Dyrrdal.

Også i Noreg kan kostnadene ved klimaendringane verte store, ifølgje Meteorologisk institutt og Norsk klimaservicesenter. Biletet syner eit jordras i Ringebu i Gudbrandsdalen i fjor.
Publisert Sist oppdatert

Snittemperaturen kan verte 3,4 grader høgare fram mot år 2100, nedbørsmengda kan auke med rundt 11 prosent, havnivået stig, snøsesongen kan verte mykje kortare, og breane i Breheimen og i Jotunheimen kan verte reduserte med 70 prosent. Dette går fram av eitt av scenarioa i det oppdaterte nasjonale kunnskapsgrunnlaget for klimatilpassingar som vart lagt fram denne veka. Rapporten har bidrag frå over 70 forskarar frå elleve ulike institusjonar.

Anita Verpe Dyrrdal er forskar ved Meteorologisk institutt og leier Norsk klimaservicesenter, som har gjeve ut rapporten.

– Kva har overraska deg mest i arbeidet?

– Det er kor stor skilnad det inneber om vi klarar å kutte utslepp eller ikkje fram mot slutten av hundreåret. Jamfører vi endringar i flaumstorleik og reduksjon i vinterdagar og snødagar mellom dei ulike utsleppsscenarioa, er skilnadene store, og det som har overraska meg mest, er kor raskt breane kan smelte. Til og med dei største breane kan halverast eller meir ved eit scenario med høge utslepp framover. Eg er også overraska over kor stor utfordring vatn kan verte i Noreg. Den kraftige nedbøren her aukar meir enn snittet.

– Norsk klimaservicesenter har tidlegare brukt FNs klimapanels scenario RCP8.5 som føre-var-scenario. Men det vert rekna som usannsynleg i dag. Kva utsleppsbane legg de til grunn no?

– Vi tek utgangspunkt i tre ulike utsleppsscenario, slik at brukarane kan velje det som er mest relevant ut frå ei kost-nytte-vurdering. Eitt av dei vi brukar, er SSP3-7.0-scenarioet, som er eit av dei høge frå FNs klimapanel i dag. Det er litt lågare enn RCP8.5, men framleis eit høgt scenario. Og så presenterer vi same data for eit scenario med middels vekst i utsleppa og eit scenario med låg vekst. Men det er scenarioet med høg vekst vi legg vekt på, fordi det er eit føre-var-scenario. I stortingsmeldinga om klimatilpassing tilrår regjeringa å leggje eit føre-var-scenario til grunn når omsynet til klimaendring skal vurderast, men andre samfunnsomsyn skal òg vektleggjast.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement