Bok
Medrivande og langdrygt
Brutalt og romantisk frå verdas ytste rand.
Jón Kalman Stefánsson har tatt utgangspunkt i ei historisk hending på Island i årets roman.
Foto: Einar Falur Ingólfsson
Mellom 2010 og 2025 har islandske Jón Kalman Stefánsson vore nærast eit årleg innslag i den norske bokhausten, med elleve titlar på femten år, alle omsette av rutinerte og prislønte Tone Myklebost. Han har fått mange lesarar her til lands og til dels panegyriske meldingar, og han har vore nominert til store internasjonale prisar.
Eg har aldri lese Stefánsson før no, og etter vel 400 sider er eg både imponert og litt ambivalent med tanke på å flytte dagens konfliktstoff tilbake til tidleg 1600-tal. Men som Sigrid Undset sa: «Menneskenes hjerter forandres aldeles intet i alle dager.»
Vestfjordmassakren
Vi har med ein historisk roman å gjere. Bakteppet er massakreringa av 31 baskiske kvalfangarar i Vestfjordane heilt nordvest i Island. Eit kongeleg dekret ved Kristian IV våren 1615 gav fullmakt til å drepe utanlandske fangstmenn, sidan kongen hadde monopol på all fangst og handel. I august 1615 stranda 83 baskarar i Vestfjordane, og for å overleve, tok dei seg til rette overfor lokalbefolkninga.
Sysselmann Ari Magnússon (1571–1652) samla folk for å rydde opp, og 5. og 13. oktober blei 31 baskarar drepne, lika blei skjenda og kasta i havet. 52 kom seg unna og overlevde. Spánverjavígin blir denne hendinga kalla på Island, og det finst ein god del litteratur om massakren, også eit samtidsvitne, Jon den lærde Gudmundsson (1574–1658), som skreiv ei krønike der han uttrykte avsky og avstand til ugjerningane: Sönn frásaga. I 2024 kom denne krønika ut på svensk: Västfjordmassakern 1615.
Brei skildring
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.