JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

På tomannshandFeature

Stadig er orda her

– Dag Tore ligg bak mykje av det eg har gjort, seier Tordis Ørjasæter. Den autistiske sonen blir som eit refreng i intervjuet. Slik har det vore også i livet hennar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
– Det er eit av alderdommens gode at for kvart einaste år blir våren ei sterkare oppleving, seier Tordis Ørjasæter.

Foto: Ottar Fyllingsnes

14416
20220506

Tordis Ørjasæter

Fødd 25. mars 1927 i Oslo

Magister i pedagogikk og professor i spesialpedagogikk

Kritikar i Nationen og hovudmeldar av barnebøker i Dagbladet 1971–1977

Har fått fleire prisar for forfattarskapen

redaksjonen@dagogtid.no

Tordis Ørjasæter vart 95 år den 25. mars. For å vri litt på eit Undset-sitat kunne ein seie at Tordis har levd i dette landet i (nesten) hundre år. Det har vore eit liv med mykje engasjement og ein mangslungen yrkeskarriere. Tordis Ørjasæter er professor i spesialpedagogikk, ho var litteraturkritikar i mange år, skriv framleis bøker og har hatt mange verv. Den siste boka kom for nokre månader sidan.

I Vi er ikke alene vender ho attende til gjennomgangstemaet: barn og vaksne med autisme og andre psykiske funksjonsutfordringar. Ho skriv både om eigne erfaringar og om korleis andre skrivande har skildra slike menneske og livet med dei. Mange av dei har lite verbalspråk. Ho nemner sjølv det store paradokset i at nettopp Dag Tore, med sitt avgrensa språk, gjennom så mange år har inspirert og auka formidlingsevna hennar. Sjølv har sonen nokre faste setningar som har blitt kjære munnhell i familien, som «Vanskelig, sier Dag Tore».

Kva vekkjer dei som er annleis, i oss meir vanlege? «Kvifor er det slik det er?» undrar Mattis tust i romanen Fuglane, eit spørsmål ingen av «dei skarpe» rundt han kan svare på.

Lyset

Ein føremiddag i slutten av mars sit vi i den lyse stova til Tordis, høgt over Majorstua, i ein ny bygard i niande etasje. Det er ein av desse klåre dagane som vi har hatt så mange av i vinter, med eit gulkvitt skin over hovudstaden. Lyset strøymer inn i leilegheita frå båe kantar. Her har ho budd åleine sidan mannen Jo Ørjasæter brått døydde i 2006. Då flytta ho frå det store huset i Bærum som dei hadde bygd og budde i gjennom mange tiår.

Døra til balkongen står open, sjølv om lufta ute er kjølig.

– Det er eit av alderdommens gode at for kvart einaste år blir våren ei sterkare oppleving. Eg har bestemt meg for at eg skal greie å gå med rullatoren til Frognerparken for å sjå etter krokus, eg veit kvar dei er!

Ordet «rullator» minner meg på at ho er ei gamal dame. Det er elles lett å gløyme, der ho serverer meg te og rundstykke og møter meg med sitt vakne blikk og kjappe replikkar medan ho fortel frå det lange livet. Stova har vovne teppe, fotografi av familie og bilete av kjende kunstnarar på veggene. Og sjølvsagt mange bokhyller. Kor mange bøker har ho sjølv skrive, eigentleg?

Ingen av oss har talet parat, det er for mange, men når eg tel, kjem eg til bortimot tjue. I tillegg kjem sjølvsagt ei mengde artiklar.

– Men no er det slutt, meiner ho.

Ja, dei andre berre ler, dei trur ikkje noko på det. Men eg meiner det sjølv no. I alle fall ikkje fleire store bøker, kanskje artiklar, jo heilt sikkert nokre artiklar. Eg er eit skrivande menneske.

Med eit så langt perspektiv er det freistande å fritte henne ut om kva ho tenkjer om dei store historiske hendingane, ikkje minst krigen, krigane – både den i 1940–1945 – og den som rasar framfor auga våre nett no. Tordis meiner det er ei borgarplikt å halde seg orientert, men vil ikkje uttale seg om spørsmål som andre har mykje meir greie på.

– Frå ein oppvekst i ein utprega høgreheim har utviklinga mi ført meg til ein solid plass på venstresida.

Om litteratur, særleg om og av Sigrid Undset, og bøker for og om dei med leseutfordringar, der vedgår ho å vere ekspert. Desse to temaa heng dessutan tett saman. Men vi byrjar sakleg og historisk forankra med hennar eigen biografi.

Då barn fekk ris

Tordis Greni vart fødd i 1927, i Oslo, i Stensgata ved Blåsen og med Stensparken rett utanfor.

– Elleve år gamal flytta eg til Blindern. Det vart identiteten min, og der budde vi under krigen. For meg er krigen noko nært. Då visste ein kva som var rett og gale. Om ein var på den rette sida, kjendest det trygt. Sjølv det å gå heim midt på natta i mørket – og med den påbodne blendinga var det verkeleg stupmørkt i hovudstaden – var ikkje skummelt.

– Hos oss var vi heldige, vi fekk mat frå mors slekt på landet. Men barndommen elles... Eg hadde ein trygg, god og velståande heim med bøker og musikk. Men eg fekk streng oppseding. Ja, det er heilt uverkeleg i dag, men eg vart oppdregen til ekstrem lydnad. Eg fekk mykje ris.

– Då du sjølv stifta familie, kva tenkte du om dette?

– Då gjorde eg alt heilt motsett! Og eg skulle gjerne ha feira den dagen i 1972 då lova vart endra så foreldre ikkje lenger hadde rett til å slå barna sine.

Eigen familie skapte Tordis med Jo Ørjasæter. Dei to fann kvarandre som studentar tidleg på 1950-talet. Den store felles interessa var litteratur og teater. Jo Ørjasæter var sekretær for Riksteateret og journalist i Nationen, der han melde bøker. Etter at Tordis hadde skrive magisteroppgåve om barn og teater, eit emne få før henne hadde forska på, byrja ho å skrive i same avis om barneteater. Sidan var ho i mange år hovudmeldar av barnebøker i Dagbladet.

På 1970- og 1980-talet gjorde Tordis Ørjasæter eit stort pionerarbeid med bøker for barn med lesevanskar.

– Eg var aktiv i det internasjonale kvinneåret i 1975, og då det nærma seg FNs år for funksjonshemma i 1981, tenkte eg at temaet måtte brukast internasjonalt. Eg vende meg til den store organisasjonen International Board of Books for Young People, IBBY.

Snart var Unesco inne i biletet. Arbeidsdokumentet som ho skreiv, vart til eit seminar på barnebokmessa i Bologna og snart til ei utstilling som gjekk verda rundt: til Pompidou-senteret i Paris, til ein barnebokkonferanse i Mexico by, til Boston i USA og sjølvsagt mange stader i Europa. Spesiallærarhøgskulen her i Noreg vart eit sentrum for arbeidet dei første åra etterpå. Sidan vart administrasjonen av det heile flytta til eit større bibliotek i Toronto. Inspirasjonen til alt saman var Dag Tore og gleda hans over bøkene.

Menneskeverd

Dag Tore Ørjasæter kom til verda i 1955 som den førstefødde til Tordis og Jo. Å få eit barn med særskilde behov har merkt henne, slik det merkjer alle foreldra til slike barn.

– Vi skjønte jo ikkje, seier Tordis og lar orda henge litt.

Kven skjønte den gongen kva det var å få eit autistisk barn? På den tida var den dominerande teorien at det var kalde, intellektuelle mødrer som fekk barn med autisme, mødrer som brydde seg meir om karriere enn om moderskapet. Ein brukte jamvel omgrepet «kjøleskapsmødrer». No veit ein at autisme kjem av ein hjerneskade. Likevel kan foreldre, og kanskje særleg mødrer, stadig oppleve mistru frå dei som skal hjelpe. Framleis slit altfor mange foreldre for å få den hjelpa dei sårt treng for at barna deira skal få eit så godt liv som mogleg.

I innleiinga til Boka om Dag Tore skriv Tordis at sonen «har lært oss en del som vi aldri kunne ha lært uten ham. Det har noe med menneskeverd å gjøre». Boka har blitt ein klassikar, ei tidleg og modig bok om «annleisbarna» som har fått mykje å seie for svært mange.

Dag Tores historie er sterk lesing, nesten endå meir i dag enn då boka kom i 1976. Alle gjer vi feil overfor barna våre, skriv Ørjasæter, og det kan vere tungt. Men når dei som skal vere ekspertar, gir mor skulda for at barnet hennar er sterkt funksjonshemma, er det nesten ikkje til å bere: «Skal det mye fantasi til for å forstå at man nesten går til grunne når det mer eller mindre tydelig blir sagt: Det er faktisk din skyld. Det må være noe i veien med deg som mor.»

Dei teoriane som ho, Jo og Dag Tore vart utsette for, var nær ved å knekke hennar eige mot som mor. Ikkje minst vart det eit trugsmål mot Dag Tores livsvilje og menneskeverd. Både Boka om Dag Tore og den nye Vi er ikke alene er skakande forteljingar om stor liding og overgrep mot verjelause menneske, om system og institusjonar som på mest brutale vis har oversett og trampa på heilt grunnleggande menneskelege behov.

Engasjementet Tordis har for dette feltet, tar aldri slutt. Denne våren skriv ho på ein artikkel bestilt av Kateksis, medlemsbladet for Norsk Psykoanalytisk Forening, om tankar og røynsler frå Dag Tores behandling på barnepsykiatrisk institutt frå han var fire til han var sju år. Ein vond, men viktig artikkel å skrive.

Dag Tore fekk etter kvart eit godt liv. Det var ikkje ekspertane si forteneste, men kom av at han hadde oppegåande og ressurssterke foreldre som tok han ut av Emma Hjorths Hjem. I staden grunnla Jo og Tordis saman med to andre foreldrepar ei eiga lita bueining der sonen framleis held til. Ei mor kan leve med at ho har fått eit barn som har ekstra behov, eit barn som treng alle kreftene hennar. Då kan «også et slikt barn utvikle seg til et menneske som har det forholdsvis godt med seg selv». Slik har det heldigvis gått med Dag Tore. Han har sitt daglege arbeid med ved, i ei verna bedrift.

Vesle Mosse

Det var også Dag Tore som gjorde at Tordis Ørjasæter byrja å interessere seg spesielt for Sigrid Undset. Biografien Menneskenes hjerter som kom i 1993, vart ein bestseljar, fekk Bragepris og kom i mange opplag. Boka går tett på Undsets personlege liv. Tordis vart opptatt av denne forfattaren av ein heilt spesiell grunn, noko som ingen andre har har gitt mykje merksemd: Maren Charlotte Undset Svarstad, Sigrids høgt elska dotter Mosse. Ho var også eit barn med heilt eigne utfordringar.

– Sjølvsagt var eg opptatt av Sigrid Undset og Kristin Lavransdatter då eg var ung, men ingen hadde tatt opp kva det innebar for forfattaren å få eit så handikappa barn.

Det var særleg i breva til venninna Nini Roll Anker at Sigrid Undset skreiv heilt openhjartig om uro og vonbrot som hadde med dottera å gjere.

– For det første var det tilbake til 1915, den gongen var dette stor skam, og inga hjelp var å få. Der var jo Mosse heldig som vaks opp med ei rik mor, men Sigrid Undset sleit. Eg vandra opp trappene til Universitetsbiblioteket, til handskriftsamlinga, der eg las og las så auget vart stort og vått. Eg kjende meg att heile vegen, i forventningane, i angsten.

Tordis meiner også at det var Mosse som medverka til Undsets tidlege og intense aktivisme mot nazismen. I denne ideologien høyrde dottera og andre med funksjonsutfordringar til kategorien «Untermensch», dei var utan verdi og skulle utryddast.

– Eg trur også Mosse hadde påverknad når det gjaldt Undsets nærast krakilske haldning til kvinnesaka. Ho meinte feministane ikkje verdsette morsrolla. Ho som hadde slite og strevd så enormt for det handikappa barnet sitt, sette verdien av moderskapet aller høgst. «Moderskapet er livet», skreiv Sigrid Undset.

Det vart to biografiar til. Først ein om Nini Roll Anker som ho skreiv saman med ektemannen.

– Det var fantastisk, vi hadde nesten dei beste åra saman medan vi heldt på med den boka.

Også denne biografien fekk mykje skryt. Ivar Havnevik, redaktøren på Aschehoug, sa «Tordis, du skriver bra, men Jo skriver best», fortel Tordis, utan sjalusi.

Møte med Tove Jansson er ein biografi for ungdom som Tordis vart beden om å skrive. Jansson ville først ikkje, men dei to kom til å samarbeide svært godt. Dette var den første biografien om den finlandssvenske forfattaren.

Alt det vakre

Også om å bli gamal har Ørjasæter skrive bok, I hodet på en gammel dame. Den skreiv ho før ho var nitti. No tenkjer ho at den gongen visste ho enno ikkje noko særleg om å bli gamal. I dag kjenner ho meir til hjelpeløysa, kraftløysa.

– Eg er ikkje så sprek som eg ser ut for.

– Kjenner du deg åleine? Kanskje særleg gjennom dei siste to pandemiåra?

– Nei, eg er velsigna med mange venner og med familie, døtrer og barnebarn. Og eg har heile tida vore opptatt med å skrive eit eller anna. Dagane har sprunge av stad.

Faren når ein bur åleine, er at ein ser for mykje fjernsyn. Eg følgjer jo med, ser Dagsrevyen og Debatten. Framtida ser dyster ut. Det vanskelege er å ikkje ha nokon å snakke med når eg blir fylt av kor forferdeleg ting er. Då kjenner eg einsemda.

– Tordis er prega av ein gjennomborande vilje til livsglede, seier venninne og medforfattar Ruth Lillegraven.

– Ho har ei sterk evne til å fokusere på dei gode tinga i livet.

Dei to laga ein diktantologi saman i 2016, Desse dagane. Dette livet. Dikt vi har saman. Den første koronastengde våren var Ruth ute og køyrde ein kveld. Heilt spontant stansa ho bilen ved plenen nedanfor Tordis’ blokk, ringde henne og bad henne kome ut på verandaen. På fleire titals meters avstand i høgde vinka dei til kvarandre, førtieinåringen og nittitreåringen, og sende slengkyss gjennom vårlufta.

Til nittårsdagen, som vart feira i Roma, der Tordis verka som guide i mange år, skreiv Ruth eit dikt med refrenget «så vakkert det er». Tordis gler seg over det vakre, ei evne ho har hatt heile livet. Kanskje er det denne gleda ein merkar i selskap med henne, undrar eg, når eg skal runde av intervjuet, slå av opptakaren og tømme tekoppen. Ho som på mange måtar har hatt eit tungt liv, er så lett å vere saman med. Lyset i rommet kjem ikkje berre frå vêret utanfor.

Er det gudstrua som gir henne denne trygge livsgleda?

– Eg opplever vel trua på Gud som noko heilt fundamentalt i livet mitt. «Man frågar icke om Gud finnes eller icke finnes», skriv Edith Södergran, «man lägger helt enkelt sitt lilla förstånd åt sidan.» Slik kjenner eg det òg.

– Er du redd for å døy, spør eg til slutt, kanskje er det Tordis’ evne til å skape eit trygt rom for samtale som gjer at eg tør kome med dette store spørsmålet.

– Nei, det er eg ikkje. Men venninna mi, barnebokforfattaren Aimée Sommerfelt, som døydde i 1975 og var 35 år eldre enn eg, ho sa: Skal eg døy no som verda er på det verste? Ho tenkte på Vietnam. Slik kan eg kjenne det no.

Men først og fremst gler ho seg. Over våren, over kontakten med venner, over blomane som snart skal setjast ut på balkongen. Det syter den kjære venninna, samarbeidspartnaren og Undset-forskaren Kristin Brandtsegg Johansen for.

Og så ser Tordis Ørjasæter fram til fødselsdagsfeiring på Vertshuset Bærums Verk, med barn og barnebarn.

– Det er godt av og til å kome attende til Bærum, der eg har budd saman med Jo i over 50 år. Då fer vi også innom grava hans på Steinskogen gravlund. Det blir ein god samanheng i det lange og innhaldsrike nittifemårige livet mitt.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Vi skjønte jo ikkje at guten var autistisk,
seier Ørjasæter og lar orda henge litt.

– Eg opplever vel trua på Gud som noko heilt fundamentalt i livet mitt.

Fleire artiklar

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Cecilie Hellestveit

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Foto: Heiko Junge / NTB

LandbrukSamfunn
Per Anders Todal

Jordskjelvet

Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Foto: Heiko Junge / NTB

IntervjuSamfunn
Sofie May Rånes

Moralske kvalar

Å leggje restriksjonar på abort, er ein måte å anerkjenne menneskeverdet på, seier Morten Magelssen i abortutvalet. Han tok dissens.

Henrik H. Langeland har skrive både romanar og sakprosa etter debuten i 2003.

Foto: Svein Finneide

BokMeldingar

O’hoi!

I sjangeren «skipsreiarroman» har Henrik H. Langeland levert eit svært medrivande bidrag.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis