JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

ReportasjeFeature

Omkampen om Columbiaelva

Er det ein atomreaktor? Eg var jo ute etter laks! Er det hjelp i å fôre ei plaga elv med klekkerilaks? Kan ein gå tilbake til start og rive kraftverksdemningane som gjorde det vestkystamerikanske underet mogleg?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
I denne spruten får chinook-smolten frå Leavenworth-klekkeriet ein brå start på livet ute i naturen. Mange blir bytte for kråke og oter med det same. Tre av tusen tar seg ut i havet og klarer å finne attende.

Foto: Hans Morten Sundnes

13089
20230210
13089
20230210

hansmortensundnes@hotmail.com

Fiskeørna på fyrlykta ser ut til å vakte elva og den vesle garnstubben med dei kvite garnkorkane natta gjennom. Eg har sett dei speide høgt over Columbiaelva og fjella rundt, men denne sit nett no som skrudd fast på den blenkjande lykta framfor vindauget mitt. Som så mange andre med laks i tankane. Men er det von? Vårinnsiget av chinook-laks opp elva er spådd å vere tolleg bra, men det har verken rovfuglane eller innfødde fiskarar merka.

– I går var det 35 laks opp Bonneville-dammen. 35!, sukka Randy Settler då eg snakka med han dagen før.

Han tilhøyrer yakamastammen og ein av mange familiar som etter kvart har busett seg ved Hood River, i det fiskerike hovudløpet til Columbia-elva mellom kraftverksdemningane Bonneville og Dalles. Randy, som har fiska i Hood River i alle år, drege opp sockeye i Alaska, forhandla fiskerettar, og som er like gira på laksen som nokon rovfugl, har aldri opplevd så lite chinook midt i april.

Innsatsen dagen før resulterte i éin laks. Det var ein flott sølvglinsande, kraftplugg av ein fisk, handsama etter alle reglar og lagd i glitrande issløsj.

Sjølv ligg eg på sofaen i dette elvehuset som nesten glir ut i straumen. Store høvding Joseph overvaker det heile frå over peisen. Joseph leidde nimíipuustammen i krigen av 1873 og sidan i forsøket på å flykte over Rocky Mountains mot Canada. Randy er direkte etterkommar, som mora var. Ho vart dømd til tre års fengsel for å ha omsett fisk frå elva. Krigen ser ikkje ut til å ta slutt, sjølv om det både for laksen og for stammefolket stort sett er snakk om tapte slag.

Kven har skulda?

Nye kraftverk, nye hogstfelt og nye fabrikkar har vore slike slag. Også den kommersielle elvetrafikken gjer sitt.

– Lasteskipa opp og ned elva har stor skuld. Dei lek olje undervegs, eller går på grunn, seier høvdingen for Celilo-samfunnet, Olsen Myanus.

– Og så har vi det andre fisket, sportsfisket og det kommersielle fisket i havet. Det byrjar for tidleg. Før var det høvdingane som gav startsignal, og dei lét alltid ein viss porsjon fisk sleppe forbi før fisket vart sett i gang, held høvding Myanus fram.

Utanfor stammesamfunna og langs andre elvestrekk kan det vere litt andre syn på dette.

– Vi kjem ikkje unna at det innfødde fisket er ei påkjenning for livet i elva, seier Roger Shearer i Red’s Fly Shop, flugefiskebutikken ved sideelva Yakima.

Steve Parker har ei anna forståing. Han har følgt yakamastammen tett og vore med på å utvikle eit av lakseklekkeria deira lenger oppe langs Yakima.

– Det ville vore urett å gi indianarane ansvaret. Dei er ikkje skuld i dette, seier han mildt.

Det går føre seg ein kamp om framtida til Columbiaelva og demningane der. Nimiipuu-folket reiser store skilt langs vegen med oppmoding om å rive demningane. Kraftselskapa køyrer radioreklame for straumen sin.

Det går føre seg ein kamp om framtida til Columbiaelva og demningane der. Nimiipuu-folket reiser store skilt langs vegen med oppmoding om å rive demningane. Kraftselskapa køyrer radioreklame for straumen sin.

Foto: Hans Morten Sundnes

Atomlaks

Ein av dei største miljøskandalane i Columbiaelva kom eg over ved eit tilfelle. Rett nok hadde eg høyrt om Hanford Reach, men midtvegs i eiga elveferd leita eg eigentleg etter ein fottur. Eg hadde nådd byen Pasco midt i det store elvesystemet.

– Dra til White Bluffs i Hanford Reach, kommanderte Randy over telefonen.

Tanken var at eg kunne kombinere det meiningslause turpåfunnet mitt med å sjå dei viktigaste gytegrunnene til laksen i hovudelva. For å markere sjølvstende trassa eg køyreinstruksen, kom snart på ville vegar, men til slutt var eg og Honda på rugleferd over ein relativt evig pukksteinsveg opp mot eit underleg utkikkspunkt kalla Hanford Reach National Monument. Vent og storslått var det.

The Hanford Reach er der Columbiaelva har armslag, får bukte og breie seg utan å måtte vike for betong, vegar og andre menneskepåfunn. Løftar ein blikket over elveløp, sandklipper og grasland, møter det ukjende fjellkjeder og toppar som
Rattlesnake Mountain. Mykje er nasjonalpark. Ikkje så reint lite er radioaktivt. Lèt ein blikket leite rett over elva, er det også mogleg å få auge på eit og anna menneskepåfunn likevel: grå skal av betong.

Kva krafta og vassvolumet i Columbiaelva kan brukast til, er nesten utan grenser. Mellom anna gjer det nytta om ein skal produsere plutonium. B-reaktoren på Hanford Reach var verdas første fullskala plutoniumreaktor og produserte plutoniumet både til den første prøvesprenginga i New Mexico og til Nagasaki-bomba. På toppen av dette blei radioaktivt avfall frå Three Mile Island deponert her. Det var uaktuelt å demme opp elva slik at ho flødde over desse areala. Dermed fekk laksen vandre og gyte i fred. Likevel går verken elva eller fisken fri.

– Columbiaelva er den mest radio­aktive elva i Nord-Amerika. Det kan ein måle i sanden ved utløpet i havet og ti mil ut, konstaterer Randy, den iherdige fiskaren nokre mil nede i løpet.

Columbia-vassdraget er herja med, men gir seg ikkje og byr enno på rike naturopplevingar. Som her oppe i Yakima-elva.

Sjansespelet til smolten

Den amerikanske medisinen er handling, tiltak i etterkant: nasjonalpark mot radioaktiv grunn. Og for å bøte på følgjene av å la verdas største betongkloss setje bom stopp for gytevandringa, lager ein laks på eiga hand. Som på Leavenworth Fish Hatchery ved Icicle Creek oppunder fjella i
Washington. Hatchery tyder klekkjeri.

– Oteren har alt vore her, seier ein nesten imponert Julia Pinnix og peikar.

Tre–fire nyutsette småsmolt med tydelege bitemerke ligg i graset ved elva. Det kunne ha vore Noreg: Ei klar småelv som kranglar seg gjennom skogen, over elvegrus og med snøtoppa fjell rundt. Smolten skal etter planen ta seg vidare ut i Wenatchee-elva og følgje denne ned til Columbialøpet 20 elvemil ovanfor Hanford Reach. Arbeidsoppdraget er så å kome seg ut i havet, symje opp mot Alaska og sidan heim. Dei har ikkje ein sjanse i havet. Eller: Dei har ein mikroskopisk sjanse i havet.

Klekkjeriet i delstaten Washington var verdas største då det blei bygd i 1940, som ei botshandling. På same tid reiste ein altså gigantiske Grand Coulee Dam, som sperra av 177 mil gytegrunn ovanfor. Pinnix og kollegaene blir lønte av kraftverksselskapet. I dag aler dei årleg opp 1,2 millionar vår-chinook, og det er eit parti av desse som plumpar uti elva, virrar rundt, vert kråkemat eller får sett kurs mot det salte. På returen vil den gyteklare fisken søkje seg attende til klekkjerivatnet dei hugsar frå oppveksten – og så bli tekne av dage og plukka for rogn.

2021 var eit bra år. Då kom 3337 laks tilbake. Snaue 3 promille. Leavenworth er langt frå det einaste klekkjeriet. Likevel: Kva er poenget?

– Vårt utsett skal imitere ein naturleg lakseoppgang i elva og gi grunnlag for fiske, for stammefolk og andre, forklarer Julia Pinnix.

Trass i innsatsen og dei pilande millionane ut frå Leavenworth og dei andre klekkjeria er det mange som ser dei som eit av problema. Julia er snar med å leggje til at desse lakseløpa slett ikkje er naturlege. Dei verna omgivnadene i den første livsfasen gjer at ein ikkje får silt ut svake individ og gen. Gytinga skjer med kniv, og dei daude storlaksane vert ikkje næring rundt elva, men avfall på Leavenworth. Det finst også dei som køyrer smolten med tankbil så dei slepp å slite seg ut på dei lange stillestrekka ovanfor demningane. Der går grensa for Julia Pinnix.

Utan stålstankelbeina med vatn frå Columbiaelva blir det lite av både saftige eple, vindruer, korn, malt og anna grøde frå områda aust for Kaskadefjella.

Laksehelten Larry

Eg slår følgje med Leavenworth-laksen eit stykke på veg nedover. Resten av ferda denne dagen vert meir på tvers, over, gjennom: over elvar, gjennom dalar, over jorde og åsrygger, over delstatsgrenser og innom byar ingen eg veit om har høyrt om. Det same gjeld vel Lewiston, dit eg må nå same dag før det blir for seint.

Eg vil unne meg eit eple undervegs, Washington State Honeycrisp frå Columbia. Det er sikkert dei som tenkjer at eit eple er lite til niste for ei slik amerikareise. Men dette ligg tungt og saftig i handa, og knasinga overdøyver Honda-duren. Eg må lukke auga eit kort sekund.

Når eg opnar dei, er det kvitt rundt meg. Det gjeld for så vidt snøfjella rundt, men dalen eg svingar meg ut av, er full av blomeflor. Frukttre. Honeycrisp står det på fleire av skilta. Så køyrer og tygg eg ei god stund til og merkar meg skiltet «Whitman. Largest wheat producing area». Eg passerer også erter og poteter, vindruer, bygg og humle. Det er nesten mystisk frodig, mykje å sjå, og eg er nær ved å krasje i ein bil som svingar av vegen med uventa lange vassrøyr på hengaren.

«Honor the Treaties. BREACH THE DAMS», står det på det neste skiltet som er verdt å merke seg. Men det er framme i Lewiston. Nær nimíipuureservatet. Ser eg nøye etter, kan eg lese stammenamnet under sjølve bodskapen: «Respekter traktatene. Riv demningane.»

På den andre sida av vegen – og elva – når dampskyene frå pipene på den digre cellulosefabrikken til himmels. Den gamle gullgravarbyen ligg øvst i nedre Snake River, Columbias lengste sideelv. I Lewiston er vi over grensa til Idaho, og byen har den einaste hamna i delstaten. Også her er det laks, og han vil vidare.

Det beste dømet er den for lengst avlidne laksekjendisen Lonesome Larry, ein sprutraud sockeye som sommaren 1992 ville heim til Redfish Lake, 1996 meter over og 150 mil frå havet. For ein sockeye skjer mykje av ferda i juli, og det kan bli både langt og varmt, særleg i det trege vatnet ved kraftverka. Laksen Larry trassa alle påkjenningane, men då han nådde gytegrunnane i enden, var han den einaste. Og fekk eit tilnamn som peika mot at noko måtte gjerast.

Ice Harbour Dam ved Snake River var ferdig i 1961. Er tida inne for å fjerne han slik at elva og livet der kan bli meir likt det som var?

Republikansk kuvending

Tanken om å rive demningane i Columbiaelva er like gammal som demningane sjølve – ikkje minst når det gjeld dei fire kraftverka i Snake River nedanfor Lewiston. I februar 2021 fekk ideen så å seie vatn på mølla. Då la den republikanske kongressmannen Mike Simpson fram ein plan for å la vatn og fisk gå fritt i nedre Snake River frå 2030. Det høyrest utruleg ut, men lakseelskaren Simpson hadde klekt ut ein plan til 33,5 milliardar dollar som skulle gjere det mogleg.

Det uventa framlegget frå republikanaren i Idaho fekk raskt støtte frå demokratar i Oregon, spekkhoggarelskarar i Seattle, ei rekkje stammenasjonar, elveromantikarar, flugefiskefantastar ved kulpar og stryk og miljøvernarar langs heile vestkysten. La elva leve! La laksen hoppe! Men langt frå alle meiner det.

– Snake River-laksen har jo trapper å gå i. Han klarer seg greitt i dag, seier Airbnb-husverten George Brockman i Lewiston.

Han og kona Jodi er vertar av det rause slaget, med spagetti på lur og drikke i kjøleskapet til langvegsfarande. Og etter ein dryg og krevjande køyretur med snø i høgda og nattemørke mot slutten nyt eg alt det gamle ekteparet byr på av sivilisatorisk komfort: kald cola, varm mat, varm dusj og leselys. George har sjølv vore med på å strekkje kablane som fører straumen til Lewiston. Og han hugsar svermane med bombefly på veg frå Boeing-fabrikken i Seattle for å vinne krigen. Flyproduksjonen baserte seg på eit vis på same straumkjelde som nattbordlyset mitt.

– Simpson er jo ikkje herifrå. Kva har han med dette å gjere, held 80-åringen fram. Og legg til:

– Og så skal dei ha elektriske bilar!

Det kunne ha vore Lonesome Larry, men er ein gyteklar sockeye-laks i ei bielv til Columbiaelva Salmon River. Her har ein prøvd å gjenskape eit laksevennleg habitat.

Foto:Bureau of Land Management

Vått mot tørt

George og Jodi har på eit vis sitt på det tørre. Dei bur aust for Kaskadefjella. Vest for fjellkjeda er ein nærmare havet, det er vått, og dei som bur der, er meir urbane og på same tid opptekne av laks, kval, urfolk, munnbind og Det demokratiske partiet. Austafor er det frå naturens side tørrare, noko som også gir grobotn for ei heilt anna politisk innstilling.

Eplet eg åt, alt kornet og 30 prosent av humlen til verdas øl er skapt gjennom eit omfattande irrigasjonssystem gjort mogleg av demningane og bygd opp rundt 53 mil med hovudkanalar og 216 mil sidekanalar.

Røyra eg heldt på å krasje med, skulle heilt sikkert koplast på. Og når til dømes kveiten skal ut i verda, vert han skipa på verkelege skip ved hjelp av slusene ved kraftverksdemningane. Det hjelper ikkje å argumentere for laks. Ein må i tillegg til å argumentere mot watt, også argumentere mot USAs største frukthage, «markens grøde» og ei monaleg transportåre.

Laksefolket gir likevel ikkje opp så lett. Nimiipuu-nasjonen har sine svar på alle desse utfordringane og er alt i gang med å erstatte vasskrafta med solenergi.

– Reservata har kanskje ikkje så store ressursar og mange folk, men dei ligg alle i sola, seier administrasjonssjef for nimiipuu-nasjonen Jesse Leighton.

Vakenatta med fiskeørna ved Hood River var eigentleg heilt på slutten av turen. Det var no eg skulle vere med på fiske og møte chinook-laksen eg hadde følgt så lenge. Ved båtrampen på den andre sida av elva stod aluminiumsbåten klar til ny dyst.

Men både bremsevæska og leigeperioden for bilen var i ferd med å renne ut. No var utfordringa å nå Portland i tide og finne att villastrøket der eg hadde plukka Hondaen opp. Og det skulle faktisk gå to–tre veker til før fisket tok seg opp og Randy kunne hale chinooken min over garnrulla i baugen.

I starten av sluttetappen mot Portland-adressa er det berre å følgje Columbia-elva. Ho har vore på ein lang nedtur. Men det er von i rennande vatn.

Hans Morten Sundnes er forfattar og journalist i bladet Norsk Fiskerinæring, men skriv her for eiga rekning.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Cecilie Hellestveit

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Foto: Heiko Junge / NTB

LandbrukSamfunn
Per Anders Todal

Jordskjelvet

Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Foto: Heiko Junge / NTB

IntervjuSamfunn
Sofie May Rånes

Moralske kvalar

Å leggje restriksjonar på abort, er ein måte å anerkjenne menneskeverdet på, seier Morten Magelssen i abortutvalet. Han tok dissens.

Henrik H. Langeland har skrive både romanar og sakprosa etter debuten i 2003.

Foto: Svein Finneide

BokMeldingar

O’hoi!

I sjangeren «skipsreiarroman» har Henrik H. Langeland levert eit svært medrivande bidrag.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis