Laksefolket som tapte terreng
Columbiaelva finn veg gjennom Rocky Mountains, amerikansk ørken og regnskog. Laksen tar med seg næring frå Stillehavet til skog, dyr og folk. Er det mogleg å finne fiskande urfolk og columbialaks etter herjingane til det nye Amerika?
Skipper Fiander frå yakama-folket fører langhåven med røynde rørsler gjennom fossekavet i Klickitat-elva. Det er tøft arbeid, i dag som for tusen år sidan. Fisken han får, sel han og kjærasten frå den enkle leiren ovanfor.
Alle foto: Hans Morten Sundnes
Les også
I denne spruten får chinook-smolten frå Leavenworth-klekkeriet ein brå start på livet ute i naturen. Mange blir bytte for kråke og oter med det same. Tre av tusen tar seg ut i havet og klarer å finne attende.
Foto: Hans Morten Sundnes
Omkampen om Columbiaelva
Les også
The Dalles Dam er ein gravitasjonsdemning som stoppar Columbiaelva med betongvekta. Og som stoppa alt som rørte seg av vilt vatn, fiske og folkeliv ved den gamle Celilo-fossen. Vasspruten frå utløpskanalen er tam sett opp mot det som var.
Foto: Hans Morten Sundnes
Suset av Celilo

hansmortensundnes@hotmail.com
Var ikkje det ein laks? Berre ein grå skugge mot det bleikgule elvevatnet bak vindauget. Eg fekk ikkje sett hovudet, men den tette, kraftige kroppen kan stemme med ein chinook. Så høyrer eg det resolutte, målretta «It’s big!» frå ei guterøyst frå det øvste vindauget i visningsrommet. Det kan også stemme.
Ingen laks blir større enn chinooken, sjølv om det neppe var snakk om meir enn fem kilo her. Alle er vi ved – eller like gjerne i – Bonneville-demningane, drygt 20 mil opp i den mektige Columbiaelva. Turbinrekkjene i det same komplekset gir lys til hus og mobilskjermar på den amerikanske vestkysten. Betongmassane, som strekkjer seg mellom delstatane Oregon og Washington, får den veldige grenseelva til å lystre. Laksen vi har følgd opp frå havet, får sitt første møte med amerikansk ingeniørkunst og svømmer inn i statistikken.
– I går passerte vi 46, fortel Park Ranger Megan Sleeper under den breibremma Park Ranger-hatten.
Merket på uniformsjakka fortel at Megan også høyrer inn under US Army Corps of Engineers. Og området er sanneleg ein ingeniørfest, med stram betong og blankt stål, svingbruer, kanalar, sluseportar og turbinar. Og intrikate, fossande laksetrapper som får laksen opp. For ikkje å snakke om røyr og renner som slepper smolten ned.
– Smoltrenna er forlengd for at unglaksen ikkje skal bli tatt av annan fisk som lurar her, forklarer Sleeper.
Her rår teknologioptimismen. Det gjeld å gjere noko, og om det ikkje går heilt bra, gjer ein noko anna for å fikse på det.
– Før døydde 10 prosent av smolten for kvart kraftverk. No er vi nede i 6 prosent, seier ho, men legg ikkje skjul på at det er 6 prosent for kvar demning.
Når svalene flyg lågt
På vår side av elva – altså Oregon – gir ingeniørkunsten og sluseoperatøren ein av bukserbåtane til Tidewater-rederiet eit 20 meters løft på ferda innover elveløpet. På den andre sida ligg delstaten Washington og nordenden av kraftverkskomplekset. Dei 46 laksane frå gårsdagen er summen på begge sider. Sjølv om vi berre har nådd 8. april, er det eit lågt tal for ein elveriksveg som dette. Kan talet ha auka i dag? Eg får høyre at det er meir aktivitet på den andre sida, og finn stålskjelettbrua som fører meg over.
Washington Shore Visitor Centre er i ferd med å stengje, men eg rekk ned til visingsrommet ved laksetrappa. Det er fisk i vindauga, men berre regnbogeaure – eller steelhead. Dette er ei forteljing om stillehavslaks, ei lakseslekt med åtte–ni artar i og på begge sider av det nordlege Stillehavet. I dag reknar forskarane også regnbogeaure som stillehavslaks, men det er sanneleg ikkje godt å vite om nølarane i vindauget verkeleg vil opp. Vi held fast på at det er chinooklaksen vi vil følgje.
– Det er berre litt over åtte grader i vatnet, forklarer kvinna som er Meg Sleepers motstykke her på Washington-sida.
Helst bør temperaturen opp i over elleve. Det er kanskje ikkje så rart at regnbogeauren nøler, eller at chinooken lèt vente på seg.
– Stammefolka seier at laksen kjem når svalene flyg lågt, legg ho til.
Yakama-kvinna Caroline Looney med genseren frå elvemarsjen til minne om kampen for fiskerettar på 1970-talet. I dag er ho mest opptatt av å vidareføre tradisjonell laksetilverking.
Nytt liv av daude gror
For meg og det som er av vårvandrande chinook, er det for seint å snu. Ved Bonneville er vi alt godt i gang med Columbia River Gorge, dette veldige hogget i landskapet der Columbiaelva på naturstridig vis bryt seg gjennom Kaskadefjella. Høgreist douglasgran, gullfuru og oregoneik klyv i åsane, men over sidevegen eg køyrer på, heng lysegule lønneblomar av året.
Eit høgtsvevande fiskeørnpar har sett kursen mot Mount Hood. Under dei er Columbiaelva i ferd med å ta kvelden: blå, brei fløyel som buktar seg mot det siste kveldslyset. Dei første dropane samlar seg i Canada og reiser 200 mil frå Rocky Mountains til Stillehavet. Men det er sideelvene som gjer Columbia-vassdraget til ei verd.
Etter ein halvtimes Honda-rulling vidare oppover nordbreidda ser eg den viltre bielva Little White Salmon og eit oppstemt elvepadlarlag komme fossande ned frå sida. Om ein vil nå den lengste av sideelvene, blir det tre timar intens køyring til, og det er berre byrjinga. Snake Salmon fraktar skip langt inn i Idaho og flyt innom fire amerikanske delstatar. I alt snakkar vi om eit tresifra tal sideelvar. Dei fleste fører, eller har i alle fall ført, laks.
– Vårchinooken er alt på veg, men det finst også sommarchinook og haustchinook. Og så er det steelhead, coho og sockeye, forklarer yakama-kvinna Caroline Looney.
Ho brukte å fiske i partia øvst i Gorge. Framstillinga stemmer fullt ut med brosjyren eg drog med meg frå Bonneville-senteret. Chinook er størst og sterkast og med mørke gommar. Coho kan likne på chinook, men er meir langstrekt. Sockeye er minst av desse tre og gyter i eller nær innsjøar. Då er kroppen knallraud. Dei ulike lakseartane og undergruppene har si tid, sin plass og sine elver. Og sine endestasjonar.
Gyteferda til ein stillehavslaks er utan returbillett. Somme stader er elver og straumar fylte til breidda av daud og døyande laks. For oss i Noreg er dette underleg: Veit ikkje naturen kva han driv med? Men for naturen på den amerikanske vestkysten er daud laks ein berebjelke. Alle desse kåte fiskane kjem med næring frå havet. Trea ved gytegrunnene veks raskare og vert høgare. I boka King of Fish skriv geomorfologen David R. Montgomery at 25 til 90 prosent av nitrogenet i hår og bein hos grizzlybjørn rundt Columbiaelva har marint opphav. Rotna laks nærer også insekt som blir mat for lakseyngel, og når dei storvaksne elvetrea etter kvart fell, får unglaksen supre oppvekstområde.
«Roll on, Columbia, roll on», song folkesongaren Woodie Guthrie og var mest opptatt av krafta elva skulle gi. Men elva er så mykje meir, med laks og størje under vassyta, fiskeørn og skarv over og ei eiga stemning når det kveldar.
Laksepulver og surbærbuskar
Men også menneska klarte ein gong å spele på lag med laksen. Eg nemnde at Caroline Looney var av yakama-folket. Det er ei stamme eller ein nasjon som høyrer til det vi før kalla platåindianarane. Det meste av Columbia-vassdraget grev seg ned i Columbia-platået, eit lavateppe like stort som Storbritannia. Aust for Kaskadefjella og Columbia River Gorge er grunntonen i landskapet tørt, buskpynta sletteland.
Looney møter eg over ein kaffi i busklandet i Yakama-reservatet.
– Eg byrja med garnfiske i Columbiaelva då eg var 12, fortel kvinna som no er 62.
Dette var to år etter at faren døydde 35 år gamal. Tolvåringen som hadde sett faren drikke seg i hel og fekk nøkkelen til pickupen for å køyre fangsten opp frå elva, er del av den vonde historia. Kvinna med kaffien som forklarer meg korleis ein går fram for lage lagringsdyktig laksepulver, er del av den lange. Dei andre platåstammane var umatilla, warm springs, walla walla og nimiipuu. Kvar høyrde så alle desse til i det geografiske landskapet? I gamle dagar kom det heilt an på når på året ein spurde.
Sjølv i dag og utstyrt med ein nesten sprek Honda tar det tid å krysse desse strekka, som også byr på stor variasjon for den som har tid: grassletter, ravinar, halvørken, buskmark, barskog, lauvskog, bekkefar, høgdedrag og fjell. Og for den som har peiling: mariposaliljer, bjørnestjerneenger, villpotet, jordekorn, salviejerpe, surbærbuskar, hamp, dunkjevle, murmeldyrspor, elkflokkar og sesongens laks. Platåfolket kunne skilje mellom 35 slags røter ein kunne ete. Og når årets planter og byttedyr melde seg og innleia ny sesong, vart det seremoni.
Chinook og helgelendingar
Første lakseseremonien var sjølve byrjinga av det nye året. 9300 år gamle laksebeinhaugar øvst i Gorge tyder på at ein har levd av laks frå Columbiaelva sidan folk byrja å samle seg i Mesopotomia. Før var det endå viktigare å finne dei rette fiskeplassane. Aller best var Celilo-fossefalla ein biltime ovanfor dagens Bonneville. Folk frå stammane eg har nemnt – yakama, umatilla, warm springs, walla walla og nimiipuu – tok seg til Celilo, helst med kano. Bileta eg har sett av laksefiske ved Celilo-fossefalla, er som frå ei anna verd, men også sterke uttrykk for korleis vi menneske kjempar med elementa. Menn med lange spyd eller endå lenger håvar på elveberga eller ytst på enkle stillas over fossevatnet. Lyden av den mektige fossen kunne ein høyre milevis unna.
– Beautiful, seier den snart 80 år gamle høvdingdottera Karen Jim Whitford, ei av dei som hugsar.
Platåfolket var like mykje ved Celilo for å handle. Og dei møtte andre stammar frå andre språkgrupper. Chinook-folket heldt seg i den nedre delen av Columbia og levde av å fiske og selje fisken. At folket og språket deira har gitt namn til den største laksen, seier sitt. At Celilo-fossefalla stilna og chinook-folket er viska ut av det offisielle Amerika, seier litt om det som skjedde sidan.
Denne forteljinga kjenner vi litt for godt – også nordmenn var med på å snu opp ned på verda i vest. I første del av denne serien høyrde vi om Lewis og Clarke-ekspedisjonen som i 1804–1806 utforska Amerika vest for Mississippi. Etter å ha slite seg over Bitterroot Mountains var dei knapt i live, og Nimiipuu-mennene som møtte presidentens menn ved Clearwater-elva, diskuterte om dei skulle avlive dei. I staden lærte dei inntrengjarane å lage kano av uthola trestammer.
Det finst dei som meiner nimiipuuane valde feil. I alle høve hadde vågale engelsktalande sjøfararar alt tatt seg over reva i munningen. Grenselause pelsjegerar var også i traktene. Runddansen på platået skulle aldri bli den same. Heller ikkje elva og fisket der. Reiskapen, teknikken og fangstane til dei ulike stammene i elveriket imponerte Lewis og Clark og dei andre kvite, men etter nokre tiår overgjekk det nye elvefolket dei med bråeffektive fiskehjul og hermetikkfabrikkar.
Går vi til byrjinga av 1900-talet, var norske garnfiskarar frå Sør-Helgeland på plass nær Columbia-utløpet. Då var det 55 laksehermetikkfabrikkar langs elva, fleire fiskehjul og sjølvsagt mange fleire fiskarar. I 1882 talde fiskarane 2500. Innhogget dei gjorde, avrenning frå tidleg jordbruk og hogst, og mudring, kanalar og sluser for elvefarten, tappa elva og laksestammene for krefter.
– Alt i 1892 var fangsttoppen nådd. Sidan gjekk laksefangstane ned, seier historikaren Stephen Beckham.
For dei som brukte å hauste av overfloda i ei av verdas største lakseelver, var dette berre eitt av problema.
Her vert vatn til watt. Den amerikanske vestkysten er ikkje heilt den same utan.
Ein håv i vasskavet
Neste dag held eg meg på Washington-sida, køyrer Lewis & Clark Highway og parkerer der stien langs Klickitat-elva startar. Går du utanom dei tilrettelagde stiane i dagens USA, risikerer du å møte på grenser eller gjerde. Eller folk som spør kvar du skal. Kan hende har du krenkt eigedomsretten deira.
Før europearane kom, var tanken om land som noko menneske eig, framand. Og det vart i endå større grad grensene, gjerda og skilta med tilgjenge forbode. Den årlege runddansen med røter, bær, sjølvofrande byttedyr og fisk og dei eldgamle handelsnettverka som fordelte det heile, baserte seg på fri rørsle utan stipla liner i marka å ta omsyn til. Etter 1853 var også Columbiaelva ei grense. Stammene sjølv vart dytta innanfor grensene til stadig krympande reservat. Ein av dei traktatfesta trøystepremiane var retten til å fiske laks.
Eg held meg til stien. Eller: Eg held meg til stien til han forlèt elva. Klickitat er eit friskt innslag og byr på fleire krumspring enn storelva, som heller ikkje har bydd på fleire laks. Tre låge svaler ved utløpet av White Salmon River gav håp, og det var også kvite garnkorkar somme plassar, men ingen båtar å sjå. Klickitat kranglar seg gjennom knudrete brunt berg med gule blomar.
Eg klyv og knipsar. Med eitt ser eg ei lita plattform like over elva. Kan det vere ein fiskeplass? Etter at eg har ålt meg ned, ser eg fleire liknande, medan Klickitat blir stryk gjennom gjel. Eg må finne ein annan veg opp og snublar i det som må vere ein kassert fangsthåv, med håvramme av rusta armeringsjern. Så høyrer eg stemmer. Har eg endeleg funne det fiskande stammefolket? Og har eg trakka inn på deira grunn? Dei har øks, og eit morsk tilrop får meg til å halde avstand. Ei stund. Kanskje var det ikkje så alvorleg? Den eine av karane slepper tømmerstokken og svarer villig når eg vågar meg frampå med eit spørsmål.
– Vi lagar ein konstruksjon for å løfte fangsten opp frå fiskeplassen, forklarer Skipper Fiander.
Overarmsmusklane harmonerer med livshistoria. Skipper jobba i hogstnæringa. No lever han av fiske. Det er altså framleis mogleg å fiske på ein slik plass og med slik reiskap.
– Når cohoen verkeleg kjem, er det eit drøn oppover gjelet. Men det er berre chinooken du kan sjå, som er sterk nok til å hoppe her, svarer yakama-mannen som har leiren og salsplassen 20 meter unna.
Det er vel tidleg for årets Klickitat-laks, men unge Skipper blir oppglødd og hentar utstyret: ein håv som må vere fem gonger så lang som mannen sjølv. På den enkle avsatsen over det fossande vatnet gjer han rolege rørsler i fast mønster. Vi kan begge drøyme om ein sprellande vårlaks i håven, men med 40–50 gjennom Bonneville-trappa blir det rein lotto. Og kan ein eigentleg byrje det ordinære fisket før det har vore seremoni?
Hans Morten Sundnes er forfattar og journalist i bladet Norsk Fiskerinæring, men skriv her
for eiga rekning.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Frå omslaget til ein utypisk roman om mellom anna sjakk.
Sjakknerden er litt av ein type. Men særleg i litteraturen vert det lite sex.
Dei fleste som satsar på eigen solkraftproduksjon, vil gjerne tru at dei bidreg til reduserte utslepp av klimagassar.
Foto: Frank May / NTB
Solkraftproduksjon: «Dei fleste vil vel gjerne tru at dei bidreg til reduserte utslepp av klimagass.»
Ane Barmen er utdanna skodespelar og musikkvitar. Ho har tidlegare skrive to romanar.
Foto: Maria Olivia Rivedal
Ane Barmen skriv med snert og humor og ein bit alvor om sånt som skjer seg.
Teikning: May Linn Clement
Oppbretta brok i bratta
«Å bretta er i grunnen ‘å gjera bratt’, og i norrønt hadde bretta just tydinga ‘reisa opp, reisa seg’.»
Ole Paus døydde før sjølvbiografien var ferdigskriven.
Foto: Nina Djæff
Eit sandkorn i maskineriet
Ole Paus skriv mest om slektsbakgrunn og mindre om artistkarrieren i sjølvbiografien sin, men det forklarar likevel mennesket Ole Paus.