JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KunnskapFeature

Hubro-hoa ropar

Ho syng åleine! Det er utradisjonelt, og det forvirrar fleire enn meg.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Teikning: Naid Mubalegh

Teikning: Naid Mubalegh

5566
20240223
5566
20240223

Byrjinga av februar. Snøen ligg djup mange stader i Søraust-Noreg, og temperaturen er igjen nede i tosifra kuldegradar. Ein kveld får eg ei melding, ein einsleg lydsnutt på tolv sekundar. Han byrjar med ei fresing, høyrest ut som rennande vatn, men det er så kaldt - det er mest sannsynleg suset frå ein motorveg. Og plutseleg eit «hu-ho», og nokre sekundar seinare igjen «hu-ho». Uglerop, ytra og tatt opp ein dryg time etter solnedgang.

Ei stund seinare spør avsendaren, ein ornitolog, i ei ny melding: «Kjenner du att fuglen?» Etter eit grundig søk i den nye lydbibelen til feltornitologane, den britiske nettstaden The Sound Approach, blir det nokolunde klart at dette må vere ei hoe av hubro. Ho syng åleine! Det er utradisjonelt, og det forvirrar fleire enn meg.

Den typiske hubro-songen, slik ein kan finne han på nettet, høyre han på Naturhistorisk museum i Oslo eller lese om han i Mikkjel Fønhus’ roman Hubroen roper, er songen til hannen: «Hu! [sier] det, mørkt, morskt, nesten truende; det hør[es] skinnbarlig som rop fra et menneske.» Røysta til hoa er lysare, og songen tydelegare todelt.

På Austlandet og i innlandet i Noreg er hubroane blitt færre. Det er langs kysten frå Rogaland til Nordland at dei største bestandane i Noreg hekkar i dag. Trass i at individa er store, er dei ikkje lette å kartleggje. Den største og tyngste ugla i Europa er også strengt nattaktiv og kan vere sparsam med ropa, særleg når tettleiken av hekkande par er låg. I resten av verda bur det hubroar frå Portugal i vest til Japan i aust, gjennom Midtausten, Sentral-Asia og Kina.

Sjølv når han er vaken, føretrekkjer hubroen å halde seg i ro på dagtid. Rører han på seg eller flyg han, kan han fort bli jaga av flokkar av kråker eller måsar. Desse fuglane er blant bytta hans.

Foto via Wikimedia Commons

I Noreg har arten vore freda sidan 1971, og bestanden i dag er på mellom 900 og 1360 individ. Det er kritisk lite. Arten blir rekna som sterkt trua i Noreg. Trass i fredinga lir hubroen under øydelegging av habitat, auka bruk av pesticid og møte med høgspentmaster.

Med eit vengespenn på 180 cm kan det vere vanskeleg for hubroen å unngå dei straumførande delane når han lettar frå ei mast. Straumoverslag tel blant dei fremste dødsårsakene.

I nyare tid har fugleinfluensa vist seg å kunne ramme hubroen hardt.

«Eg får henne ikkje ut av tankane.»

«Ein hubro-hann spelar landskapet som eit musikkinstrument», heiter det på The Sound Approach. «Han utnyttar topografi, vindretning, vatn og skog til å kasta ropa sine så langt som mogleg.» I tillegg har både hann og hoe kvite fjører på strupen som dei blæs opp medan dei syng, og alt tyder på at dei også kan spele i lag med lystilhøva, i skumringa eller i måneskin.

Hubroar syng om våren og om hausten. Songen er viktig i danning av par, reviravgrensing og etablering av god naboskap. Songen til hoa blir oftast framstilt som eit svar på songen til hannen. Par kan syngje i duett. Arten blir rekna som monogam. Eit par held ofte saman så lenge begge partnarar lever, opptil nokre tiår. Gamle, etablerte hubropar kan vere svært lågmælte.

Hubroar kan like å byggje reir i ein fjellvegg, i nærleiken av vatn og skog. Der oppe skal kullet vere uråd å nå, og foreldra skal ha oversikt over omgjevnadene. I mars eller april (i Noreg) blir to–tre egg lagde, og ruga på i ein dryg månad. Ungane er flygedyktige etter cirka åtte veker, men blir framleis tatt vare på av foreldra ei god stund etter det.

Hubroen har eit variert kosthald og tar både hare, kråkefugl og sjøfugl. Han har sjølvsagt overmenneskeleg nattsyn og høyrsel.

Naid Mubalegh skriv om fuglar i Dag og Tid.

Foto: privat

På 2000-talet i Spania blei det observert foreldrebyte. I eit par kull forlét flygedyktige ungar reviret til sine (levande) foreldre og slo seg til i syskenflokkar hjå eit nabopar, som tok vare på dei til dei blei sjølvstendige.

Ein kan trygt vedde på at denne nattmeisteren (på fransk heiter han grand-duc, storhertug, slik dei som har sett Riget av Lars von Trier veit) ikkje er ferdig med å overraske oss, berre vi ikkje øydelegg meir for han.

Det slår meg no at det ein kan lese om songen til hubroen, synest å ha blitt skrive av menn (er det overraskande?). Ikkje at det gjer noko, forteljingane er vakre og opplysande, nokre av dei følgde av dyrebare natteikningar.

Eg søkk inn i feltmåleria av den svenske ornitologen Håkan Delin. Desse moderne miniatyrane gjev draumeaktig innsyn i røyndommen til hubroen og dei menneskelege lyttarane hans. Men når det gjeld songen, er fokuset gjerne på hannen, og det gjer det ikkje lett å tolke denne hoa.

Eg får henne ikkje ut av tankane. Nokre dagar seinare vaknar eg klokka halv fem for å vere til stades i god tid før soloppgang og arbeidsdag. Det er skikken å ikkje fortelje om staden når ein er ute etter dei store uglene, for at dei ikkje skal bli uroa. Plassen er godt kjend for dei innvigde, og eg blir ført dit av ein av dei. Der har nok hubro hekka i fleire år.

Når vi kjem fram, er det framleis mørkt. Alt søv, stiane ligg under is og skare. Så høyrer vi det: «hu-ho», nesten gaukaktig, fleire gonger, frå det nære fjerne, med pausar mellom utbrota. Denne hoa held seg på ein plass ved vatn, og lyden ber langt. Kanskje det ikkje berre er hannen som veit å spele landskapet som eit musikkinstrument?

Det finst ei kvinne som har vigd mykje av tida si til hubroen, forskaren María Delgado. Eg skriv til henne same dag: «Kan hoer ta initiativ, eller skal dette tolkast annleis?» Ho svarar: «Ein hubro som syng slik, er mest sannsynleg utan make, og eg meiner at også hoer kan ta initiativ.»

Naïd Mubalegh

Naïd Mubalegh har bakgrunn i evolusjonsbiologi og arbeider som omsetjar og lærar.

Vil du høyre lyden av hubroen? Du kan høyre han på fuglelyder.net.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis