Ho skal skriva om fuglar for Dag og Tid
Naïd Mubalegh voks opp nær måsar, isfuglar og hegrar. Som student lot ho seg inspirere av Fuglane av Tarjei Vesaas.
Naïd Mubalegh er ny skribent i Dag og Tid.
Foto: privat
Samandrag
Oppsummeringa er laga av AI-vertkøyet ChatGTP
svein@dagogtid.no
– Naïd, kvifor er du så interessert i fuglar?
– Då eg var åtte år, flytta familien min frå sentrum av byen Blois til utkanten og rett ved elva Loire. På motsett side av gata var det ikkje lenger hus, men vatn som rann forbi, og fuglar som flaug, song og ropa – måsar, isfuglar og hegrar. Interessa mi for desse fuglane voks seg sterkare år for år. Til slutt enda eg opp med å studera biologi ved universitetet i Paris.
Naïd er fransk og voks opp i Loiredalen.
– Mor mi er frå Rennes, inn frå Bretagnekysten. Far min er frå Afghanistan. Han gjekk på tysk skule i Kabul, forlét Afghanistan i 1979 og studerte seinare i Dortmund. Der møtte han mor. Eg kom til Noreg i 2019. No bur eg i Oslo og er sambuar med ein frå Stavanger. Rett før eg kom til Noreg, budde eg tre år i Lisboa.
Det var Fuglane av Vesaas som fekk fugleentusiasten Naïd interessert i nynorsken.
– I Paris studerte eg også språk og tok til å læra meg svensk. Men så dukka det opp ein gjeng norske studentar. Ein av dei vart sambuaren min. Snart fekk eg Fuglane av Vesaas mellom hendene. Eg vart fengsla av forteljinga – også av nynorsken. Då eg kom til Noreg og skulle skriva norsk, skreiv eg fyrst bokmål som sambuaren min. Men eg likte ikkje dei tunge -ene-endingane på alle inkjekjønnsord i bunden form fleirtal. Denne endinga svekkjer det musikalske i språket. Eg likar betre husa enn husene. Så no skriv eg helst nynorsk.
– Kva er favorittordet ditt på nynorsk?
– Vindauge. Samansetninga av dei to orda vind og auge gjev eit vakkert bilete på funksjonen til eit vindauge.
– Og favorittfuglen?
– Myrsongaren. Denne vesle nattsongaren på 10–11 gram kjem hit i mai–juni kvart år etter å ha floge frå det søraustlege Afrika. Songen hans er mangfaldig og er hermingar etter ei mengd andre fuglar.
Fleire artiklar
Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.
Foto via Wikimedia Commons
Monumental pedal
Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.
Trålar utanfor Måløy sentrum.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Barents blues, også et flytende samfunn
Min tiårige til-og-fra-periode i den tøffe trålbobla har preget meg nokså sterkt.
Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.
Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB
Overgrep som skakar folkeretten
Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.
Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.
Foto: Erik Johansen / NTB
Meir om seinfølgjer
Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.
Salman Rushdie har skrive 15 romanar. Den siste boka handlar om knivåtaket på han i 2022.
Foto: Rachel Eliza Griffiths
Ein takk til livet
Salman Rushdie nyttar språket som terapi.