JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KunnskapFeature

Når dyr får kreft

Kreft er truleg den viktigaste dødsårsaka hos hundar som blir eldre enn ti år.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Katter får også kreft, og det er viktig å oppdage og behandle sjukdommen så tidleg som mogleg.

Foto: Pickpic.com

5968
20240216
5968
20240216

Kreft er ein vanleg sjukdom hos hund og katt, men med nye og betre behandlingsmetodar kan kanskje fleire familiedyr bli kurerte. Erfaringane frå behandling av dyr kan også gje verdfull kunnskap om korleis vi skal handtere kreft hos menneske. Men samstundes må omsynet til livskvaliteten dyra har, setje dei etiske grensene for kva tid behandlinga skal avsluttast.

Kreft startar alltid med ein mutasjon i ei av dei mange cellene i kroppen. Dersom dei unormale cellene ikkje blir raskt nok utrydda av kroppens immunforsvar, vil kreften utvikle seg gradvis til ein kronisk sjukdom i eitt eller fleire organ. Mutasjon er ein vanleg risiko ved all celledeling, og slike farlege cellevariantar kan difor dukke opp i nesten alle slags vev i kroppen. Nedarva disposisjon eller infeksjonar med virus i fostertida eller rett etter fødselen kan også føre til kreft hos unge dyr, til dømes i jurvev eller testiklane. Vi veit også at miljøfaktorar og livsstil, som overvekt, aukar risikoen for kreft hos dyr.

Men alder er utan tvil den absolutt viktigaste risikofaktoren. Det samla talet på mutasjonar aukar med åra, og hos husdyr, som hos menneske, er førekomsten av kreft i stor grad bestemt av kor lenge dyra får lov til å leve. Dei dyra vi aler opp til mat, blir for det meste slakta før puberteten, og dei vaksne dyra blir også slakta lenge før dei har nådd maksimal biologisk alder. Difor er det vanskeleg å vite noko sikkert om kor stor førekomst av kreft som er naturleg hos retteleg gamle høns, kyr eller griser.

Vondarta

Familiedyra lever overraskande nok heller ikkje så lenge. Mange døyr eller blir avliva i ung alder. Men i utgangspunktet vil dei hundane og kattene som blir gamle nok, kunne få mange av dei same krefttypane som vi finn hos menneske: hudkreft, kreft i jurvevet, kjønnsorgana, skjelettet, lymfesystemet, mage–tarm-kanalen og alle organa i bukhola. Kreft er truleg den viktigaste dødsårsaka hos hundar som blir eldre enn ti år. Nokre skilnader er det rettnok mellom ulike hunderasar, til dømes kan hundar av rasen boxer vere mest utsette for jurkreft, medan schæferhundar er rapporterte å få oftare kreft i hud, nyre eller milt.  

«Erfaringane frå behandling av dyr kan gje verdfull kunnskap om korleis vi skal handtere kreft hos menneske.»

Katter er plaga med mange av dei same krefttypane. Jurkreft er vanleg, men katter kan også få kreft inne i munnhola, i bukspyttkjertelen, lunge, nyre eller andre organ. I munnen sit svulstane gjerne under tunga eller i tannkjøtet og kan vere vanskelege å oppdage utan ei grundig undersøking. Lyse og korthåra katter som er mykje utandørs, har større risiko for vondarta hudkreft på hovudet, som ein reaksjon på UV-strålane i sollyset.  

Jurkreft kan eigaren oppdage sjølv ved å leite etter kular i juret. Ein vondarta svulst kan spreie seg med lymfekanalane til dei lokale lymfeknutane eller til lungene, i nokre tilfelle også med blodet til skjelettet eller til bukholeorgan som lever og milt. Meir alvorleg sjukdom kan dermed vise seg ved at dyret mister matlysta, magrast av eller har sår som ikkje vil gro.

Kreft i juret er ein av dei vanlegaste sjukdommane hos gamle hundar.

Foto: Joel Mills / Wikimedia Commons

Sidan kreft utviklar seg gradvis og har evne til å gå frå ei godarta til ei vondarta form, er det viktig med tidleg oppdaging og behandling. Ei katte med jursvulstar større enn tre centimeter har som regel mindre enn eitt år igjen å leve. Blir sjukdommen oppdaga og behandla tidlegare, kan prognosen vere betre. Også for hundar er dei store jursvulstane oftare vondarta, men behandling på seine stadium av sjukdomsutviklinga har som regel mykje betre effekt hos hund enn hos katt.

Kastrering

Kirurgisk fjerning var lenge einaste moglege behandling, i seinare år har det også blitt vanleg at større klinikkar tilbyr cellegift. Med kirurgi kan det vere mogleg å fjerne sjukdommen heilt, medan cellegift til dyr blir mest brukt som livsforlengande støtteterapi og for å gje dyra best mogleg livskvalitet. Hos menneske er målet med kreftbehandling ofte å berge liv, uansett kostnad og biverknader. Til eit menneske kan legane difor bruke langt meir aggressive dosar med cellegift, og med mykje større biverknader enn det vil vere etisk rett å gjere med eit dyr.

Bruk av p-piller har lenge vore ein kjend risikofaktor for utvikling av jurkreft. Av omsyn til dyrevelferda er det ikkje tillate med rutinemessig sterilisering av hund, men mange reknar enno fjerning av eggstokkane hos hokatt som ei god førebygging mot jurkreft, og kastrering av både hokatter og hannkatter er eit vanleg prevensjonstiltak. Sett frå synsstaden til katta, bør det også takast med i reknestykket at kastrering fjernar ein viktig del av naturlege drifter og livskraft, at det er eit kirurgisk inngrep som i seg sjølv kan gje komplikasjonar, og at kastrerte dyr kan få helseproblem som urinlekkasje, overvekt og andre typar kreft.

Foto: Lucien Mahin / Wikimedia Commons

Immunterapi

På Veterinærhøgskolen på Ås forskar dei no på bruk av immunterapi mot svulstar med spreiing til lungene. Førebels er dei i ein startfase for å teste ut litt ulike behandlingsvariantar og for å kunne vise at behandlinga ikkje gjev alvorlege biverknader. I ei fersk doktoravhandling har forskaren Mikael Kerbouef vist korleis det hos hundar med beinkreft skjer ei nedregulering av immunforsvaret i lungevevet før sjølve kreftcellene spreier seg til lungene og byrjar å vekse. Målet med immunterapi er å overstyre påverknaden kreften har, og med det hindre spreiing og vekst av kreftsvulstane.

Eit anna viktig poeng med slik uttesting av nye behandlingar på familiedyr er at kunnskap frå forsøk med kreft hos mus og rotter i svært liten grad kan overførast til menneske. Behandling av kreftsjuke hundar og katter kan derimot gje ny og meir relevant kunnskap om mekanismane for utvikling og behandling av kreft, kunnskap som dermed også kan berge mange menneskeliv.

Arve Nilsen

Takk til veterinær Lars Moe for raus deling av kunnskap om sjukdomsmekanismar og kreftbehandling. 

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Robert Mood er tidlegare generalmajor og har mellom anna vore generalinspektør for Hæren.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Ordskifte

En utilstrekkelig langtidsplan

Vi har større og mer fundamentale sårbarheter enn noen gang før som nasjon, samtidig som vi er dårligere forberedt enn på lenge.

RobertMood

Karina (Berda Larsen) lèt seg ikkje tulle med av den sjølvmedlidande dansken Jan (Emil Johnsen).

Foto: Mer Film

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Kalak: «Norske Emil Johnsen ber hovudrolla glitrande med stundom sår framtoning som naiv innflyttar.»

Dei siste par åra har den norske bonden fått kjenne konsekvensane av å produsere i eit system der utgiftene er styrte av marknaden, medan inntektene er styrte av politikarane, skriv Siri Helle.

Foto: Heiko Junge / NTB

Kommentar
Siri Helle

Effektivisering er ikkje berginga

Korleis gje bønder rettferdig inntekt når dei framleis skal vere sjølvstendig næringsdrivande?

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Saueauksjon i Machynlleth i Wales.

Saueauksjon i Machynlleth i Wales.

Alle foto: Svein Gjerdåker

ReportasjeFeature

Sau

Noko om sauedrift i Noreg og Wales.

Svein Gjerdåker
Saueauksjon i Machynlleth i Wales.

Saueauksjon i Machynlleth i Wales.

Alle foto: Svein Gjerdåker

ReportasjeFeature

Sau

Noko om sauedrift i Noreg og Wales.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis