JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

ReportasjeFeature

Fjellveggen reiser seg

LÆRDAL: Sett frå fjorden står fjella som ein tusen meter høg vegg. Korleis kom ein seg over vinterstid? Vanlege folk kom seg ikkje over. Og kva tid reiste veggen seg?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Fylgjer ein Lærdalselva, opnar det seg dalar, men sett frå fjorden står fjella som ein vegg.

Alle foto: Håvard Rem

12094
20220708

Langfjella

Del 3. Lærdal

I sumar fer Håvard Rem i Langfjella, frå Hjerkinn i nord mot Sirdal i sør, for å utforska livet i fjella som kløyver Sør-Noreg i målskilje og kulturskilje, vasskilje og vêrskilje.

24. juni. Del 1. Hjerkinn

1. juli. Del 2. Lesja

havard@dagogtid.no

Bygdebokforfattaren og lokalpolitikaren Kåre Hovland (78) opnar panseret og ser med kjærleik på den blanke og 105 år gamle V8-motoren. Den blå Cadillacen med fem sete, 1917-modell, har han køyrt frå garden sin i Borgund til veteranbiltreffet på Lærdalsmarknaden ­­– nemnd alt på 1700-talet som ein viktig møtestad nær både fjord og fjell. No står gliset i vasskanten og speglar seg i Sognefjorden.

Etter at eg i fyrste og andre episode reka kring nord i Langfjella, har eg no fare sørover til Nordfjella, området mellom Jotunheimen og Hardangervidda.

Cadillac og propellslede

Amerikanaren var nær ny då han vart sett inn i ei rute over Hemsedalsfjellet, frå Lærdal til Gol, der folk kunne dra vidare med den då ti år gamle Bergensbanen. Maristubilane, heitte skysselskapet. Seinare vart ruta utvida til Førde i vest og Oslo i aust, då som Sogn og Fjordane-ekspressen. Førde–Oslo-bussen går framleis som dagleg direkterute.

Vinterstid gjekk ikkje Cadillacen. Fjellet kunne vera stengt til 17. mai. Hovland fortel:

– I mellomkrigstida køyrde far min beltebil over Hemsedalsfjellet om vinteren. Posten var det viktigast å få fram, og så var det plass til elleve passasjerar. Men det gjekk i traktorfart.

Det gjorde far hans noko med. Driftige Svein Hovland (1906–1990) dreiv gard på Borgund og arbeidde som sjåfør i Maristubilane. I 1935 tok han flysertifikat, og fire år etter skaffa han Lærdal ein Widerøe-bygd, propelldriven slede som tok posten og inntil fem passasjerar over fjellet langt, langt snøggare.

– Ho likna eit lite fly, men gjekk på meiar. Far min kalla det ein flyslede. Men så kom krigen med streng bensinrasjonering, og drifta stogga.

Då hadde far hans fått andre og meir krevjande oppgåver som Milorg-mann.

Fire timar til fjells

Framleis kan ein stundom høyra om vinterstengde fjellovergangar, men å kryssa Langfjella er i dag ein del av kvardagen. I nokre travle morgontimar pregar det området kring Oslo S. To minutt over åtte går toget til Trondheim. Seks minutt seinare går Bergenstoget. Halv ni går Valdresekspressen mot Fagernes, der éi rute held fram mot Årdalstangen og éi mot Bergen over Tyinkrysset. Ein time seinare køyrer Førde-bussen frå Oslo Bussterminal mot Hemsedalsfjella og Lærdal. Halv elleve går ekspressbussen til Haugesund. Somme ruter har namn etter fjella dei skal over: Dovrebanen, Haukeliekspressen.

Samstundes dreg eit tog eller ein buss motsett veg, mot Oslo, over Langfjella, frå Trondheim, Ålesund (nattbuss), Sogndal, Bergen, Førde og Haugesund. Som vil seia at sjåførane tutar, blinkar og helsar til kvarandre midtveges.

Midtveges er gjerne i Langfjella. Frå Oslo er det 4,5 time til Finse (1222 moh., 336 km) med Bergensbanen og til Hjerkinn (1017 moh., 381 km) med Dovrebanen. Og tek ein buss, er det 4,5 time til Bjøberg (1003 moh., 225 km) med Førde-ruta og til Tyinkrysset (900 moh., 260 km) med Valdresekspressen mot Årdalstangen. Det er drygt 4,5 time til Haukeliseter (985 moh., 277 km) med Haugesund-bussen og til Os stasjon (601 moh., 384 km) med Rørosbanen.

Med vanleg fart vil det seia kring 35 mil. Set ein passarspissen i Oslo, og radiusen til 35 mil, og dreg ein halvboge frå sørvest mot nordaust, går han gjennom fjellheimen.

Buss i bygd og by

Langfjella som kulturskilje opplevde eg eit døme på ein gong eg sette meg på Oslo–Førde-bussen, ruta som for 80 år sidan var ein propellslede køyrd av Svein Hovland over Hemsedalsfjellet.

– Namnet mitt er Bjarne, eg køyrer for Firda Billag, høyrde me i høgtalaren då bussen køyrde gjennom Bjørvika, forbi Munchmuseet, Operahuset og Deichman. Men alt på den fyrste av dei 131 haldeplassane, Lysaker stasjon, kom sjåføren, ein førdianar, i stuss. Han visste at det var tinga ein billett frå Lysaker og heim, det vil seia til Førde. Og han visste kven tingaren var. Han spurde meg som sat heilt framme:

– Du ser ikkje ei eldre dame springande her?

Eg tok av meg setebeltet og byrja å speida, eg òg. På Lysaker er det ikkje fire plattformer som i Førde. Det er mange, mange, på båe sider av motorvegen. Eg har sjølv gått meg vill i jakta på rett plattform på Lysaker.

– Du kan ikkje ringja henne, spurde eg.

– Nei, ho har ikkje mobiltelefon.

Det gjekk fire minutt over tida. Med tungt hjarte blinka sjåføren seg ut på motorvegen mot Sandvika. Geografisk var me berre ei halv mil frå Ruter-tårnet på Jernbanetorget, men kulturelt kjende eg meg bak sju blånar.

Urtida

Kva tid reiste Langfjella seg? Spørsmålet vart stilt alt i fyrste episode, og no har geologane teke av ferietida si for å svara.

Den 4,6 milliardar år lange jordsoga deler forskarane i fire hovudbolkar: urtida, oldtida, mellomtida og nytida. Om me plasserar dei innanfor eitt år, kjem dei ikkje som fire årstider, som vinter, vår, sumar og haust. Nei, om den mørke urtida byrja 1. januar, varte ho heilt til 18. november.

På ei elles tilsynelatande livlaus jord var det då grunnfjella og kontinentalplatene fann ei form dei stort sett framleis har.

Oldtida

Så fylgde oldtida frå 19. november til 10. desember. Dramatisk vart det sist i november, for det var då dei amerikanske kontinenta råka saman med dei europeiske og afrikanske. Det oppstod ei enorm fjellkjede, gjennom det som seinare opna seg som Atlanterhavet.

På båe sider finn ein i dag delar av henne, som Appalachane i Nordaust-Amerika og Kaledonidane i Skottland og Skandinavia.

Langfjella i Noreg inneheld restar av denne fjellkjeda.

Mellomtida

Me må vidare gjennom året: Mellomtida rakk frå 11. til 26. desember. Kring tredje sundag i advent kom dinosaurane til. Og verdsdelane, som hadde lege i lag i superkontinentet Pangea, byrja no å driva kring på kloden – frå kvarandre og mot kvarandre.

20. desember reiste Alpane seg då Nord-Afrika og Sør-Europa råka saman. Bylgjene gjekk høgt på verdshava, for å seia det sånn. Askesøylene òg.

Nytida

Og nytida? Overgangen til nytida har geologane sett til apokalypsen 26. desember (66 millionar år sidan), då dinosaurane forsvann og små pattedyr tok over. I eldre nytid reiste Himalaya seg då India på si ferd nordover dundra inn i Asia.

Heile nytida er dei siste fem døgera av året, men tida vår –?yngre nytid – er berre dei siste fem timane.

Kva hending definerer skiljet mellom eldre og yngre nytid? Det har endra seg. Før gjekk skiljet då kaldvassmuslingar dukka opp i Middelhavet, klokka halv ni på kvelden 31. desember. Med andre ord: for 1,8 millionar år sidan.

Men i 2009 flytta forskarane byrjinga på den yngre nytida frå halv ni til sju på nyårskvelden. Notida fekk byrja ein knapp million år tidlegare.

Istid

Kvifor? Kva var meir skilsetjande enn kaldvassmuslingane i Middelhavet? Svaret bringar oss med sjumilssteg nærare skavlar og brear i Langfjella. For 2,5 millionar år sidan gjekk jorda inn i ei global istid.

Ein merkar ikkje så mykje til henne i låglandet i juli, fyrst og fremst av di me nett no er inne i ei mellomistid ­– som byrja då den siste nedisinga, den siste istida, som kjent tok slutt for kring 10.000 år sidan.

Men det er meir: Klokka sju på nyårskvelden oppstod ikkje berre ei ny istid, men homo-slekta òg, mennesket, med større kognitiv kapasitet. Til dømes og til slutt med evna til å spekulera i ein samanheng mellom det kaldare klimaet og dei kognitive kvantespranga. Sette det kaldare vêret nye krav til logistikk og reiskapsbruk for dei som ville overleva? Var det ikkje lenger berre å leva frå hand til munn?

Teoriar i strid

Men innanfor denne tidsramma: Kva tid reiste Langfjella seg som høgfjell?

Eg rettar spørsmålet til forskaren Odleiv Olesen i Noregs geologiske undersøking (NGU). Han byrjar med å førebu meg på at forskinga ikkje har eitt svar på spørsmålet mitt – ikkje eitt, men gjerne tre svar.

– Som så ofte i vitskapen er fleire teoriar i strid med kvarandre, seier han, og fortel:

– Éin teori er sett fram av forskarar i Århus og Bergen. Dei meiner at fjella har vore her heile tida sidan den kaledonske fjellkjedefaldinga.

Då veit eg det. Langfjella har vore høgfjell i 300­-400 millionar år, sidan tidleg oldtid, sein november.

Men så enkelt er det ikkje. Olesen held fram:

–?Ein annan teori har mykje støtte. Der tenkjer ein at den fyrste hevinga mest sannsynleg er knytt til at Norskehavet og Nord-Atlanteren opna seg i eldre nytid.

I romjula, med andre ord, ikkje lenge etter at dinosaurane forsvann. Som høgfjell er Langfjella dimed ikkje 400, men 60 millionar år gamle. Atlanterhavet opna seg i den kaledonske fjellkjeda, og delte henne, og lyfta Vest-Skandinavia.

I nyare tid

Så veit eg det. Men nei. Geologen peikar på ein tredje teori:

– Dette er ikkje heile historia. Av sedimenta som er avsette i nytid på den norske kontinentalsokkelen, er nær 90 prosent avsette dei siste 2–3 millionar åra.

Dei siste 2–3 millionar åra? Det verkar kjent. Det er jo ved overgangen til istida, notida og den yngre nytida. Olesen stadfestar:

– Den største landhevinga må difor, i fylgje denne teorien, vere yngre og ha samanheng med istidene.

Merk at han seier istidene – i fleirtal. Den siste istida varte i om lag 100 000 år og kan ikkje åleine ha omforma og lyfta fjellheimen. Men ho er berre éi av kring 30–40 ned­isingar, med mellomistider mellom, som no.

For å oppsummera: Langfjella kan ha reist seg seint i november, seint i desember eller seint på sjølve nyårskvelden. Og eit eller anna med Atlanterhavet har det å gjera.

Men høgfjellsplatå som Hardangervidda, korleis vart dei så flate? Det får me spørja geologen om ei anna veke.

Frå Lærdalsøyri mot fjellet

No skal eg frå Lærdalsøyri vidare opp i Hemsedalsfjella, og ikkje i ein veteranbil. Av di det er sundag og mykje folk på farten, er det eit høgmoderne glis av ein dobbeltdekkar som i dag går mellom Førde og Oslo via Lærdal. Tingar ein tidleg, får ein sete i fyrste rad i andre høgda, i eit djupt og godt sete, med stikkontakt og USB-inngang til datamaskin og telefon, men fyrst og fremst med fritt og høgt utsyn, som ei Langfjella-framsyning på kino.

Frå fjorden (0 moh.) er det få mil til vasskiljet (1200 moh.) og fylkesgrensa, og sett frå Sognefjorden står fjella som ein vegg. Men når ein fylgjer Lærdalselva ut av sentrum, opnar det seg snart dalar.

Me kjem til Tønjum, med den sugande Tynjadalen i sørvest. Me passerer Ljøsne og elva Nivla og Råsdalen. Så kjem sjølve staden Lærdal, der den fruktbare dalbotnen vidar seg ut. Om ein ligg unna tunellane, og tek gamlevegen, kjem ein til Borgund, heimstaden til Kåre Hovland og Noregs mest opphavlege stavkyrkje.

Vegskiljet på Borlaug

Så kjem det store vegskiljet. Borlaug er staden der Lærdalselva oppstår i eit møte mellom to andre elver, og såleis er Borlaug staden der ikkje berre elver og dalføre, men vegar møtest og skiljest òg – E16 til Valdres og Hemsedalsvegen til Hallingdal.

Vegen min går mot Hemsedalsfjella, der eg skal vera nokre dagar på ein gamal skysstasjon og høgfjellsgard drygt tusen meter over havet, og søkja svar på eit anna spørsmål: Korleis kryssa folk Langfjella vinterstid før beltebilane og propellsledane, kolonnekøyringa og Bergensbanen?

I tidstavla vår, der jordsoga svarar til eitt år, kom moderne transportmiddel i bruk for nøyaktig eit sekund sidan. Kva gjorde folk vinterstid for to sekund sidan?

Langfjella er ei utfordring, ja, men landhevinga har tvinga fram dugleik òg. Då elver vart stryk, laut laksen læra seg å springa. Då vegen over Hemsedalsfjellet snødde att, hjelpte Svein Hovland post og folk fram med beltebil og propellslede.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Cecilie Hellestveit

Dei siste par åra har den norske bonden fått kjenne konsekvensane av å produsere i eit system der utgiftene er styrte av marknaden, medan inntektene er styrte av politikarane, skriv Siri Helle.

Foto: Heiko Junge / NTB

Kommentar
Siri Helle

Effektivisering er ikkje berginga

Korleis gje bønder rettferdig inntekt når dei framleis skal vere sjølvstendig næringsdrivande?

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Foto: Heiko Junge / NTB

LandbrukSamfunn
Per Anders Todal

Jordskjelvet

Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.

Henrik H. Langeland har skrive både romanar og sakprosa etter debuten i 2003.

Foto: Svein Finneide

BokMeldingar

O’hoi!

I sjangeren «skipsreiarroman» har Henrik H. Langeland levert eit svært medrivande bidrag.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis