JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

ReportasjeFeature

Fabling og rangling

Korleis hadde eigentleg bygda teke imot gåsa, katten og hanen dersom dei kom heim att frå København?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Illustrasjon: May Linn Clement

Illustrasjon: May Linn Clement

6470
20221216
6470
20221216

Eg vaknar sundag morgon og finn ingen måte å halde hovudet på utan at det verkjer. Eg ser på klokka, ho er halv åtte. Det er under tre timar sidan eg la meg.

Eg var på rangel i går, forteljesenteret heldt fest i Fjaler.

I løa her på klokkargarden var det noko dei kalla folkemusikkpub. Det lokale folkemusikklaget Havbrusen stod for musikken, og dei som ville, tok med eigne instrument og spela opp. Det var ikkje slik at publikum skulle sitja lydhøyre, me vart derimot oppmoda om å prata medan fela lét.

Eg kom då det opna klokka 20, det gjorde dei fleste, kjøpte meg ein øl og sette meg saman med ein gjeng innfødde bak i lokalet, lengst unna scena.

Praten gjekk om grunnrenteskatt og barnebarn, og det var god tone då me fekk utdelt eit lite songhefte til allsong.

Ein av songane er «Fabel», som byrjar slik:

Gåsa, katten og hanen/ var leie av livet her./ No ville dei ut i verda/ og freiste si lukke der.

– Her går vi på bondebygda/ som åte for rev og ramn./ Nei då er det andre tider/ hjå kongen i Kjøbenhamn –

Dei får det til for seg, på eit vis. Katten vert kongeleg musefangar, gåsa vert overkokke og hanen vekkjarklokke. Siste strofe går slik:

Men det skal bli rop i bygda/ når eingong dei tre kjem att!/ – Nei, maken til makelaus hane,/ og maken til gås og katt!

– Det er ganske treffande kritikk mot bygda i diktet, seier eg.

Ei dame lurer på kva eg meiner.

– Eg meiner det er eit godt bilete på kor vanskeleg det kan vera å returnera til ei bygd. Dei tre dyra har ei dragning mot å reisa vekk, oppleva noko anna, men kom ikkje heim att og tru du er noko.

Dama ristar på hovudet.

– Nei, det er ikkje slik det er. Det er svært for dyra å koma heim att. Bygda er stolte av dei, seier ho.

– Ja, seier ei anna, det står jo i songen òg, «maken til makelaus hane, og maken til gås og katt!».

Dette er vaksne folk som kjem herifrå, dei syng i kor og kan denne songen på rams.

Er det eg som har misoppfatta alt her? Er «Fabel» verkeleg eit lystig og platt dikt utan substans og mørke? Er det trongen min til å finna ei djupare meining som har slått inn?

– Men det er eit men der. Korleis tolkar de men-et i «Men det skal bli rop i bygda», spør eg.

Dei seier rop i bygda er lydar frå fest og feiring, og eg kjenner det kokar inni meg.

Eg tenkjer på Stein Torleif Bjella som syng: «Eg lengta ut so ville eg heim. Local is the universe, sa ein.» Og eg tenkjer på songen til Tønes, «Sån av Salve», om son til naboen som er heimom. Ingen har høyrt noko på lenge, og plutseleg berre er han der, på besøk hos foreldra og med øydelagd dialekt.

Me kjennd han nesten ikkje atte/ Men eg ser det nå/ Det e det der samma surrehove.

– Eg nektar å tru at kjernen i «Fabel» er at bygda, med rev og ramn, skal feira gåsa, hanen og katten når dei kjem heim att frå København!

Eg går innom baren og tek ein ranglerunde ut i kulda.

Utan at eg merkar det, byrjar folk å trekkja heimover. I eine augneblinken er det fullt i lokalet, og eg sit og fyrar meg opp over «Fabel». I neste er eg att med ei klyngje musikarar på min eigen alder. Dei trampar og jammar med feler, fløyter, trekkspel og trommer, og sjølv ristar eg takta med eit rytmeegg. Kor kom det frå? Og kven kom fyrst, gåsa, katten, hanen eller rytmeegget?

Baren stengjer etter kvart, me får drikka opp, men så er det ut.

– Det er ope på Fabel ein halvtime til. Skal me går bort dit, spør ein.

Fabel er namnet på eine puben i Dale, men eg har fått nok av fablar for i kveld, og eg inviterer heller restane av folkemusikarane på nattsete i våningshuset.

– Eg var i Askvoll i dag, seier eg, og det vert god stemning.

Askvoll ligg 20 minutt unna med bil og har dei siste ti åra vore synonymt med Vinmonopolet.

Fleire av gjestane kjenner våningshuset betre enn eg. Det er litt som om eg er Snø­kvit og dei er dei sju dvergane som finn ved, fyrer i omnen og gjer stova nachspielvennleg medan eg finn fram Askvoll-varene.

Klokka 04.30 går dei siste gjestane, eg går og legg meg. Og her ligg eg med hovudpine og planar om å byrja eit nytt og betre liv. Men fyrst må eg koma til botnen i «Fabel».

På nattbordet ligg Ove Eides Jakob Sande-biografi frå 2006, men eg er ikkje heilt i leseform, så eg ringjer forfattaren. Eg legg fram tolkinga mi av «Fabel», at det er bygdesatire, og spør kva han meiner.

– Det er ikkje ei urimeleg tolking, det. Sande har fleire dikt med utspring i utreise og tilbakekomst, mellom anna dikta om Daniel som dreg ut i verda, og kjem att som storkar og storlygnar. Ein kan lesa «Fabel» på fleire måtar, anten skrapa i overflata eller gå djupare, seier Eide.

Eg vil gå djupare, så eg ringjer Gunnstein Akselberg, lingvist og professor emeritus i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Bergen.

Han byrjar med tittelen, «Fabel».

– Ein fabel er historisk sett ein allegori, som oftast med dyr involvert, og fortel noko om oss menneske.

Så tek han føre seg handlinga, ei klassereise der hovudpersonane klatrar på den sosiale stigen sett i høve til bakgrunnen deira.

– Men desse gjæve stillingane dei har fått hos kongen, er dei no eigentleg så gjæve? Dyra er underordna i eit sosialt hierarki, nesten så lågt ein kan koma. Men dei får embetsbrev og nystiva blondekappe med kongens våpen. Her smakar det av Erasmus Montanus.

Akselberg meiner det er noko tvitydig over siste verset. Om ein les «Fabel» som ein allegori, kan ein tolka det på to måtar. Den eine måten er den reint positive.

– Oi, dette var stas! Nokon me kjenner, har vore ute og nådd høgt opp. Kongeleg musefangar – ikkje mange kattar i Dale som kunne vorte noko slikt!

Men ein kan òg tolka slutten på motsett måte.

– Me veit korleis det er med Bygde-Noreg, når nokon kjem heim og skal ha opplevt noko stort. Det er ikkje berre lett.

Akkurat som Eide meiner Akselberg at teksten kan lesast overflatisk som barnelitteratur og djupare som vaksenlitteratur.

– Eg meiner alle tekstane til Sande djupast sett er vaksenlittaretur.

Før me legg på og eg legg meg nedpå att, seier Akselberg at det er ikkje sikkert Jakob Sande sjølv sat med nokon fasit.

– Ein gong eg møtte Olav H. Hauge, fortalde eg korleis eg tolka eine diktet hans, og lurte på korleis han tolka det sjølv. Då sa han: Nja, har aldri tenkt på det.

May Linn Clement

May Linn Clement er fast teiknar og skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Anatolij Potij er ein eksperimenterande amatørgartnar. Takk vere han er det no mogleg for ukrainarar å dyrke bananar i eigen heim.

Foto: rubryka.com

KrigSamfunn

Bananane som overlevde

I krig og okkupasjon kan både folk og vekstar vise seg uventa motstandsdyktige.

Andrej Kurkov

Krasukha-4 er juvelen i den elektromagnetiske krigføringa til russarane.

Kjelde: Vitaly V. Kuzmin / Wikimedia Commons

TeknologiFeature
Per Thorvaldsen

Elektromagnetisk krigføring

Militære styrkar brukar radio, radarar og infraraude detektorar for å koordinera operasjonar og finna fienden.

Når den medisinske utviklingen gjør at vi kan redde barn stadig tidligere, er utvidelse av abortloven helt feil vei å gå, skriver KrF-leder Olaug Bollestad.

Foto: Jan-Petter Dahl, TV 2 / TV 2 / NTB

Ordskifte
Olaug Bollestad

Blottet for etiske refleksjoner

Fjerner Arbeiderpartiet nemndene, fjerner de rettsvernet for det ufødte livet frem til svangerskapet er nesten halvgått.

Teikning: May Linn Clement

KunngjeringarKultur
Frank Tønnesen

Votten

Like ved der huset til Olav og Margit så vidt kan skimtast bak ein haug, heng ein blaut vott i toppen av ei brøytestikke. Ein liten gut står på tå og prøver å rekke opp.

Villreinbestanden i Noreg i dag er på rundt 25.000 dyr vinterstid. Sidan 2021 har villreinen vore klassifisert som nær truga på den norske raudlista.

Foto: Paul Kleiven / NTB

Kommentar

Villrein i eit villnis

Stortingsmeldinga om villrein er ikkje til å verte særleg klok av.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis