JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MatFeature

Å, du heilage ansjos!

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ansjos er ein undervurdert skatt. Et ansjos og bli lukkeleg.

Alle foto: Dagfinn Nordbø

4404
20230310

apostelen andreas

Han var ein fiskar frå Kapernaum, yngre bror av apostelen Peter, elev av Johannes døyparen og ein av dei fyrste disiplane. Han er Skottlands skytshelgen, og andreaskorset prydar flagget deira.

Både han sjølv og broren var fiskarar av yrke, derav følgjer tradisjonen at Jesus kalla dei til disiplar og ville gjere dei til «menneskefiskarar».

Kjelde: Wikipedia

Matmonsen har no kome seg vel på plass i den franske byen Saint-André, og så kan de byrje å lura: Kva for ein Saint-André? I digitale karttenester kjem det opp minst ti av dei, apostelen Andreas er da òg ein særs populær og avhalden helgen.

Han var den fyrste av Kristi apostlar som fekk kallet. Her i Noreg kallar vi høgtida som blir feira den 30. november andreasmesse eller Anders fiskar. No skal me ikkje rote oss altfor langt inn i katolisismen her, men eg held katolikkane høgt av éin einaste grunn: Dei er sabla gode til å pynte.

Pynt er eg noko eg sjølv er særs dårleg på, det veit alle som har sett matbileta mine. Den einaste nipsen eg samlar på, er buddhafigurar frå heile verda. Heile kamintoppen min er full av dei, i alle fargar, utgåver og storleikar, nokre i meditasjonsstilling, andre liggande under bodhitreet. Den største fekk eg av Shabana til jul for 20 år sidan, ein diger skrattande Buddha, ein velfødd tiggarmunk som held handa bydande fram, med eit stort smil.

Det skal visstnok gi lukke om du klappar han på den runde magen, og det skal gi ulukke om du ikkje held han rein. Så fram med støvkosten!

Kjem de lesarar over ein finfin buddha de absolutt ikkje treng, eller kanskje står han på loftet eller i kjellaren, berre send meg e-post, så kjøper eg, ha-ha. Eg kan aldri få nok av dei. Buddha sjølv sa han ikkje ville det skulle lagast gudebilete av han, og sjå kva som skjedde: Dei finst å få kjøpt på kvart einaste gatehjørne i heile verda. Nesten.

Eg har vore innom eit par restaurantar her, i den eine er det ein kar som står for det heile: Han kokar, blandar drinkar og serverer mat og vin, og jammen trur eg han er sjef over bøtteballetten etter stengetid òg. Det må med rette kallast eit enkeltmannsføretak.

Staden er liten, med berre seks bord, så det er jo mogleg. Og den kvelden blei jo litt morosam av di eg elska ansjosen eg tinga til forrett – og då spørsmålet om dessert kom opp, svara eg høgt og tydeleg: «Encore un anchois, s’íl vous plaît.» Mannen kikka litt rart på meg, men eg fekk då ansjosen min. Så enkelt, så himmelsk godt. Mogleg det er noko meir helsebringande enn ei sukkerbombe òg.

Så lagar eg sjølvsagt mat i heimen. Eg har proviantert dugeleg med ost i den eventyrlege supermarknaden, og følgjande skjer jo alltid: Ein ganske så stram dåm kjem hoppande ut frå kjøleskapet kvar gong eg opnar døra. Derfor må syndaren til pers i ein omelett.

Det er ein Vieux Pané grand caractère, og det kan eg lett skrive under på, her er det mykje karakter! Eg kan ikkje hugse å ha sett denne osten i Noreg, på smak minner han litt om den herlege Port Salut, men han har meir krema konsistens. Og som sagt, velvaksen duft!

Omeletten lagar du slik: Kok opp vatn i ei lita gryte, legg i ein handfull tørka sopp og la han rehydrere i tjue minutts tid. Klem ut restfukta med tørkerull og del soppen i mindre stykke.

Skjer opp osten i bitar på om lag to gonger to centimeter. I ein bolle rører du laust saman seks egg med ein gaffel og har i litt salt. Steik soppen på mellomhøg varme nokre minutt og ha i egga. Legg ostebitane øvst – du kan velje kva ost du vil, men bruk gjerne ein kraftig ein. Strø over litt kapers og krydre med til dømes provencekrydder og søtpaprika.

Steik på låg varme med lok. Omeletten er ferdig når du lett kan brette han i to. Bruk teflonpanne med litt smør og olje.

Skal vi ha brød til – kanskje steike det i ei gryte? Eg fann jo ei støypejernsgryte som kanskje blei sett igjen her av Napoleon då han over Alpane drog.

I gamle støypejernsgryter må du passe på å ha dugeleg med mjøl i botnen – eg brukte ikkje nok fyrste gongen, så eg måtte til å lirke han ut med kjøkkenkniv i tjue minutts tid.

Eg klarte det til slutt, og kanskje eg i mitt stille sinn takka apostelen Andreas for at eg klarte det. Nei da. Jo da.

Og faktisk skulle eg sjølv heitt Andreas, etter bestefaren min. Bestemor pressa visst på, men slik gjekk det ikkje. Ein får leve med det namnet ein har.

Dagfinn Nordbø er satirikar og tekstforfattar.

post@nordbo.no

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

SKRIFTSTADEN. Ivar Aasen dikta truleg «Vise om Giftermaal» her på lensmannsgarden i Litlebergen nord for Bergen i 1843. Måla av M. Roti i 1899. Faksimile frå Jarle Bondevik og fleire (red.): Målsamlingar frå Bergens Stift av Ivar Aasen, 1995.

Foto: Nasjonalbiblioteket

Kultur

Den bortkomne Aasen-visa

Ungkaren Ivar Aasen (30) dikta ei ungkarsvise i 1843 som kom bort for Aasen-kjennarane og blei ei skillingsvise for folk flest.

Ottar Grepstad

Ei palestinsk kvinne passerer ruinane av bustadblokker i Hamad i Khan Younis sør på Gaza 13. mars 2024.

Foto: Ahmed Zakot / Reuters / NTB

KrigSamfunn
Morten A. Strøksnes

Alt dette var ikkje nødvendig

Krigen i Gaza er ikkje eit brot, men snarare ei logisk fullbyrding av politikken som er ført dei siste femti åra i Israel.

Ferdigmathylla på butikken er ofte ganske stor. Men er det dei små som handterer ho best?

Foto: Terje Pedersen / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Ferdigmiddag

Det kan sjå ut som smådriftsfordelar bør få dominere norsk ferdigmatproduksjon. 

Presidentkandidat Donald Trump gjer honnør når dei spelar av opptaket der dømde etter 6. januar-åtaket på Kongressen syng nasjonalsongen i kor.

Foto: Jeff Dean / AP / NTB

KommentarSamfunn
Torbjørn L. Knutsen

Val på kanten av stupet?

– Om eg ikkje vinn presidentvalet i haust, betyr det slutten på det amerikanske demokratiet, sa Trump på eit valmøte i Ohio sist helg.

Markeringa av den internasjonale kvinnedagen 8. mars 2024 på Youngstorget i Oslo. Abida Raja heldt appell mot æreskriminalitet og kvinneundertrykking.

Foto: Javad Parsa

Samfunn

Den seigliva æresvalden

Debatten om æreskriminalitet er gamal. Framleis manglar dei heilskaplege løysingane, seier forfattaren Terje Bjøranger.

PernilleGrøndal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis