Kommentar

Ytst på ei grein

Donald Trump blir stadig meir isolert internasjonalt.

  

U.S. President Donald Trump boards Air Force One, after Israel and the U.S. launched strikes on Iran, at Palm Beach International Airport in West Palm Beach, Florida, U.S., March 1, 2026. REUTERS/Elizabeth Frantz
Publisert Sist oppdatert

Trump sit ytst på ei grein som han er i ferd med å sage av. Litt meir for kvar dag. Er det ønskjetenking? Kanskje. Men set vi saman nokre av puslespelbrikkene som fyller nyheitsbiletet, kan det sjå slik ut.

Han blir stadig meir isolert internasjonalt. Ingen av regjeringane han har spurt, vil stille opp med styrkar i Persiabukta for å lose oljetankarar gjennom Hormuzsundet. 

Ikkje vår krig

Europa har endeleg byrja å samle seg i opposisjon mot krigen, og somme seier klart ifrå. Dette er ikkje vår krig, vi starta han ikkje, slår den tyske forsvarsministeren fast. Endåtil Italia, som elles er ein av Trumps støttespelarar, har takka nei. Dei har større interesser i Midtausten og i middelhavsregionen enn å stille opp i åtakskrigen til Israel og USA.

Trump trugar med å kansellere statsbesøket til Beijing 31. mars dersom Kina ikkje bidreg med nokre styrkar. Kina vil ikkje bidra, og er i grunnen glad for ikkje å ta imot ein slik gjest akkurat no, seier kinesiske analytikarar til vestleg presse.

Dessutan har Kina og Iran eit trumfkort. Om lag 40 prosent av Kinas oljeimport kjem frå golfstatane, men berre 10–15 prosent av dette kjem frå Iran. Resten kjem frå Dei sameinte arabiske emirata og Saudi-Arabia, deriblant ein del frå terminalar i Raudehavet. Iran har dessutan sagt at dei vil la tankskip passere trygt gjennom Hormuzsundet dersom olja er betalt i kinesisk valuta og er på veg til Kina. 

Mjuk makt

Støtte frå andre land gir først og fremst politisk legitimitet til krigen, både ute og heime.

Alt dette blir notert heime i USA. Når landet tidlegare har gitt seg ut på krig og intervensjonar i fjerne strok – det vil seie utanfor Latin-Amerika – har Washington ønskt brei alliert deltaking. Der Monroe-doktrinen sluttar, har mobilisering av internasjonal deltaking vore regelen. Her går det ei klar linje frå Vietnamkrigen til invasjonen av Afghanistan og Irak.

Støtte frå andre land gir først og fremst politisk legitimitet til krigen, både ute og heime. Slik minskar ein koret av kritikarar, og ein stadfestar for historia at dette var eit felles vedtak og eit felles ansvar – særleg dersom det går gale til slutt.

Dei amerikanske forskarane som lanserte omgrepet «mjuk makt», meinte det litt annleis. Dei viste til den tiltrekkingskrafta som ligg i USAs demokratiske og økonomiske modell. Men solidaritet er i seg sjølv også ein maktfaktor, uavhengig av dei materielle bidraga. Når Trump og folka hans no har oppdaga mjuk makt og ber om støtte, ser det ut til å vere for seint.

Heime

Elles går det frå vondt til verre på heimefronten. Trump ter seg stadig underlegare. Han kallar inn til pressekonferanse. Krigen er i si tredje veke, 16 amerikanske soldatar er drepne, bensinprisen har stige med gjennomsnittleg 20 prosent over heile landet. Trump snakkar om ballsalen han skal byggje i Det kvite huset, om kvaliteten på marmor han har skaffa (berre beste slag), og om kvitmålinga han skal bruke på søylene i Kennedy Center. 

A sticker featuring U.S. President Donald Trump and Elon Musk is on a board displaying gas prices amid the U.S.-Israeli conflict with Iran, in Washington, D.C., U.S., March 11, 2026. REUTERS/Annabelle Gordon
«Høgare prisar? Det var det vi som gjorde!», står det på eit klistremerke med bilete av president Donald Trump og Elon Musk.

Media blir stadig meir kritiske. Brendan Carr er sjef for Federal Communications Commission (FCC), som regulerer telekommunikasjon og kringkasting. Han er Trump-mann, og seier at media kan miste lisensen dersom dei har ei forvrengd dekning av krigen. Han blir kalla fascist av Chuck Schumer, leiaren for det demokratiske partiet i Senatet.

Det er høgsesong for glitrande humorshow på TV, der Trump og Hegseth får gjennomgå.

Meiningsmålingar viser at stadig fleire er imot krigen, også i MAGA-rørsla: På sosiale medium slåst leiarfigurar seg imellom på saftig gutespråk.

Det blir snakka mykje om at Trump har langt framskriden demens, men enno blir det skrive lite om kva moglegheiter som finst i grunnlova for å få fjerna ein president. 

Polarisering på partipolitisk basis når nye høgder i samfunnet som heilskap. Over ein tredel av dei demokratiske veljarane ønskjer ikkje at borna deira skal gifte seg med ein som stemmer republikansk.

Til havs

Det tok nyleg 30 timar å sløkkje ein brann i vaskeriet, og toaletta går tette.

Til havs er det andre og mindre problem. Det enorme hangarskipet USS Gerald Ford har 4500 menn og kvinner om bord. Frå markeringa mot Kina i stillehavsregionen sigla det direkte til kidnappinga av Maduro i Venezuela, og no sist til åtaket på Iran. No viser skipet teikn på slitasje etter nesten 10 samanhengande månader til havs. Fly og rakettar skal visstnok fungere utmerkt, men andre stader tyder det på at nokre grenser er nådde. Det tok nyleg 30 timar å sløkkje ein brann i vaskeriet, og toaletta går tette.

Til slutt

Korleis tek det slutt? Her blir det spekulert i alle retningar, men mest i to:

Det første alternativet er at Trump erklærer siger, trappar ned og kjem seg ned frå greina akkurat i tide. Det blir forhandlingar med eit svekt, men ikkje nedkjempa Iran. Israel står att som det største problemet for alle som engasjerer seg i overgangen til fred.

Det andre alternativet er at Trump trappar opp. Ytterlegare 2500 amerikanske marinesoldatar er på veg til Persiabukta. Skal dei okkupere den iranske øya Kharg? Hente ut Irans lager med opprikt uran? Eller støtte iranske etniske minoritetar i opprør som kan føre til ein eksplosjon av vald i det større iranske samfunnet? Då ryk greina Trump sit på, og vi er inne i ein ny og endå farlegare fase av krigen.