Politikk
Monsterjakta
Regjeringa vil ha 16 års aldersgrense for sosiale medium. Det er enkelt å vedta, men vanskeleg å handheve. Det har styresmaktene i Australia erfart.
Om alt går som regjeringa vil, og teknologiselskapa følger opp, får ikkje barn tilgang til Facebook, Snapchat, TikTok og liknande før året dei fyller 16 år.
Foto: Jan Haas / NTB
Førre fredag sende regjeringa ut pressemeldinga med tittelen «Lov om aldersgrense for barn i sosiale medier». Det er ei lov mange rådlause og fortvila foreldre har sett fram til.
– Eg kan no stadfeste at vi planlegg å leggje fram eit lovforslag for Stortinget innan utgangen av året, sa statsminister Jonas Gahr Støre i meldinga.
Om han får fleirtal for forslaget, vil ingen born i riket få tilgang til Facebook, Snapchat eller TikTok før det året dei fyller 16 år.
– Vi legg fram lova fordi vi ønskjer ein barndom der born får vere born. Leik, venskap og kvardagen må ikkje bli overtekne av algoritmar og skjermar. Dette er eit viktig grep for å tryggje den digitale kvardagen til borna, sa Støre vidare.
Men korleis skal dei handheve lova? Det ansvaret legg dei på teknologiselskapa.
– Ansvaret ligg hos selskapa som tilbyr tenestene. Dei må sikre reell aldersverifisering og etterleve lova frå dag éin, sa digitaliserings- og forvaltingsminister Karianne Tung i same melding.
Prøv Dag og Tid digitalt
49 kr fyrste
månad
Deretter 199 kr/månad. Ingen binding.