Kommentar

Krigen og den store samanhengen

Det er mogleg at Trump har ein plan med Iran-krigen, ein plan som skal munne ut i avtalar.

Ein marinesoldat ser på hangarskipet USS «Abraham Lincoln», som er med på åtaket på Iran. Foto frå 18. mars.
Publisert Sist oppdatert

Knappe to månadar har gått sidan USA gjekk til krig mot Iran. Ein konstant flaum av skakande, irrasjonelle eller oppsiktsvekkjande utsegner, sjølvmotseiingar og det som fortonar seg som ukoordinerte grep, gjer det krevjande å sjå kvar vi er på veg.

Er det tredje verdskrigen under leiing av ein pubertal senior med eit knippe diagnosar og ukontrollert bruk av den mektigaste militærmakta historia kjenner til? Går vi mot at Nato kollapsar, eller er det ragnarok med atomvåpen som ventar? Eller alle tre på ein gong?

Eg vågar meg likevel på ein analyse som peikar i ei anna retning. Det er mogeleg at det trass alt finst ein overordna plan som skal munne ut i Trumpske avtalar.

Åtte veker inne i krigen har USA etablert ein blokade av hamnene i Iran. Blokaden vart innført under våpenkvila. Blokadar er lovlege, men i forholdet mellom to statar vert ein blokade av hamnene til ein annan stat sidestilt med ei krigserklæring.

I realiteten gjekk altså USA frå våpenkvila då blokaden vart innført. Iran valde likevel å ikkje ta opp att krigen. Blokaden er dermed eit faktum.

Då USA denne veka utvida våpenkvila på «ubestemt tid», har USA oppnådd det som har vorte sett på som umogeleg – å etablere ein maritim blokade rundt Iran. Men kva skal USA med denne, mun tru?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement