Kommentar

Kva er fundamentet for humanismen?

Kan vi kaste av oss det preglause verdifellesskapet og kome tilbake til eit rikt åndsliv? Det er eit av spørsmåla Fosseforedraget opnar for.

Marilynne Robinson under Fosseforedrag på Slottet i år.
Publisert Sist oppdatert

For ei underleg gåve Fosseforedraget er. Her kom Marilynne Robinson, ein av verdas viktigaste nolevande forfattarar, heim til oss, med noko på hjartet. Kva ville ho seie oss?

I mi lesing går ho rett inn i ein av dei store debattane i vår tid, nemleg kva som skal vere det felles grunnlaget for samfunnet i møte med «det som no kjem». Ho hintar om ei framtid prega av KI og transhumanisme, ei framtid ho kallar «umenneskeleg». Det vi treng, er ein solid fundert humanisme, seier ho og meiner det som kan hegne om menneskets eigenart og fridom. Korleis leggje grunnen for det? Det er prosjektet hennar. Eller, rettare sagt, ho meiner at grunnen ligg der alt, vi må berre gjenoppdage han.

I utgangspunktet står det dårleg til. For Robinson meiner at vi alt har «mista humanismen». Det skjedde då den vestlege sivilisasjonen «skar over sjølve hovudrota, og avviste all metafysikk og alle implikasjonane som følgde han».

Det er ikkje det minste rart at denne bodskapen ikkje når fram i den norske allmenta. Her har avviklinga av metafysikken og den kristne tradisjonen lenge vore eit politisk program. Desto viktigare var foredraget. Det kjem frå eit anna utgangspunkt. Både Robinson og Fosse står i kristne tradisjonar. Medan han er katolikk, er ho kalvinist.

Foredraget starta med ei nøkkelsetning: «Eg lærte av eit knippe amerikanske forfattarar at som menneske har eg kosmos som mitt naturlege habitat, og at det alltid er grunn til å undersøkje det som gir seg ut for å vere sant.»

Slik teiknar Robinson seg sjølv i ein humanistisk posisjon med bakgrunn i renessansen. Mennesket er heime i verda, og her er det fritt til å utforske alt. Eg ser for meg da Vincis vitruviske mann med armar og bein utstrekte midt i ein sirkel og ein firkant. Det er mennesket som mikrokosmos i einskap med makrokosmos, med det himmelske og det jordiske. Og eg høyrer gjenklangen av Pico della Mirandola (1463–1494), renessansehumanisten som formulerte lovprisinga av mennesket som skaparverkets ypparste, med fri vilje og evne til både å søkke ned til det dyriske og å stige opp mot det guddommelege.

Allereie abonnent?
Prøv Dag og Tid digitalt
49 kr fyrste månad
Deretter 199 kr/månad. Ingen binding.
Lydavis
Nettartiklar
Digital utgåve
Arkiv
Spel