Utanriks

Irans bodskap til verda: Vi kan vente

President Trump kjem ingen veg med press og trugslar i krigen mot Iran. Det iranske regimet har ein strategisk fordel – som dei veit å utnytte i Islamabad.

  

Police officers stand guard behind a barricade near Serena Hotel, as Pakistan prepares to host the U.S. and Iran for the second round of peace talks, in Islamabad, Pakistan, April 25, 2026. REUTERS/Asim Hafeezcha
Politifolk står vakt bak ein barrikade nær Serena Hotel i Islamabad i Pakistan 25. april.
Publisert Sist oppdatert

Eit godt råd til alle forhandlarar: «Det verste ein kan gjere, er å verke for desperat etter å få avtalen i hamn.» Setninga er henta frå standardverket til den sjølvutnemnde verdsmeisteren i forhandlingar. Då Donald Trump gav ut boka The Art of the Deal i 1987, var han eigedomsutviklar og tilhøyrde New York-sosieteten. Men også som president i USA er det først og fremst dette spørsmålet som styrer politikken hans: Vil det vere ein god eller dårleg avtale for heimlandet? Sjølv meiner Trump at han alltid berre inngår framifrå avtalar for USA.

Og no går turen til Islamabad, der ein skal drive innfløkt diplomatisk verksemd. Krigar tek nemleg ikkje slutt på slagmarka, men ved forhandlingsbordet. Dette er ein realitet som sjølv ikkje Donald Trump kan sjå bort frå. Saman med den israelske statsministeren Benjamin Netanyahu har han drive krigføring mot Iran sidan 28. februar.

Trumps forhandlarar og den iranske delegasjonen skulle eigentleg allereie ha vore på plass i den pakistanske hovudstaden og i gang med den andre runden med fredssamtalar. Sist sundag blei alle dei private gjestene forviste frå luksushotellet Serena Hotel, og alle romtingingane blei kansellerte. Regjeringa ville trenge heile hotellet i samband med fredssamtalane mellom USA og Iran.

Fredag ettermiddag kom den offisielle meldinga om at Irans utanriksminister Abbas Araghchi var på veg til Islamabad.

Dette betyr ikkje at ein har tenkt å ta opp att forhandlingane med USA. Det er først planlagt eit møte med dei pakistanske meklarane.

Så viste TV-kanalen CNN til to regjeringskjelder i USA og rapporterte at Trump ville sende spesialutsending Steve Witkoff og svigerson Jared Kushner til Pakistan for å ha samtalar med Araghchi.

Allereie abonnent?
Prøv Dag og Tid digitalt
49 kr fyrste månad
Deretter 199 kr/månad. Ingen binding.
Lydavis
Nettartiklar
Digital utgåve
Arkiv
Spel