Dyrisk
Kva skulle vi gjort utan havet?
Sjøsnigel som har fått skalet svekt ved at surt sjøvatn har løyst opp kalken som det er laga av.
Foto: NOAA / Wikimedia Commons
Havet har lenge vore ein tolmodig buffer for dei menneskeskapte klimaendringane. Prisen for det er at sjøvatnet blir stadig varmare og surare. Kombinert med overfiske og grenselaus langtransport av marine dyr og plantar gjennom ureinsa ballastvatn fører dette til stadig fleire skadar på dei marine økosystema.
Heilt til no har saltmengda, syrebalansen, oksygenverdiane og temperaturane i havet vore imponerande stabile. Men sjølv 1,3 milliardar kubikkilometer sjøvatn kan ikkje vere upåverka når endringane i atmosfæren er så dramatiske som det vi har sett dei siste førti åra. Dei øvre 700 metrane av havet har teke opp meir enn helvta av overskotsvarmen frå lufta, og kanskje ein tredel av alt karbondioksidet vi har sleppt ut. I same periode har havet blitt om lag 0,6 grader varmare og 15 til 20 prosent surare.
Nord og ned
Varme og karbondioksid kan gje gode vekstvilkår for plantene, både på jorda og i havet. Men for mange marine dyr er kombinasjonen av høgare temperaturar og surare vatn ein drepande cocktail. Ein viktig grunn er at det blir vanskelegare å binde kalken dyra treng til bygging av skal eller skjelett.
Fastsitjande koralldyr, som dei i Det store barriererevet utanfor Australia, er spesielt utsette. Dei lever i store, bufaste koloniar og kan ikkje symje unna den sure varmen. Daude korallrev er eit trist syn og eit sviande naturtap, men problema er diverre langt større enn som så.
Her på den nordlege halvkula ser vi at mange viktige fiskeslag, som torsk, hyse og makrell, søkjer seg nord og ned. Det kan rett nok gje dei eit etterlengta pusterom, men er ikkje like populært blant fredeleg småfisk som blir dytta unna av dei glupske innvandrarane.
Prøv Dag og Tid digitalt
49 kr fyrste
månad
Deretter 199 kr/månad. Ingen binding.