Reportasje
Sognefjell blir steinull
Gruva ligg der ingen skulle tru ei gruve kunne liggja, innanfor Unescos verdsarvområde.
Stuffen er kvit. Frode Øvsthus seier det er godt fjell å jobba med, men det krev mykje logistikk å driva gruva med 14 tilsette.
Alle foto: Grim Fimland Moberg
Om du køyrer E16 mellom Bergen og Oslo og kjem ned i Nærøydalen, ser det mest ut som eit lite grustak eller pukkverk nokre hundre meter frå vegen. Men her i Jordalsnuten, inne i Unescos verdsarvområde og like ved turistmagneten Nærøyfjorden, er det gruvedrift.
Den karakteristiske nuten som reiser seg stupbratt 937 meter over havet, har dessutan ein eigen plass i norsk kultur. Han er kjend frå J.C. Dahls store måleri i Nasjonalmuseet, «Fra Stalheim» frå 1842. Høgt oppe i nuten ligg også Drakehola. Hola som engelskmannen prøver å klatra opp til i Per Sivles kjende novelle «Berre ein hund».
Frå dette fjellet tek selskapet Gudvangen Stein i våre dagar ut rundt 450.000 tonn anortositt årleg. Steinen frå nuten i Sogn går i all hovudsak til produksjon av steinull. Knallhardt sognefjell blir med høg varme i smelteomnar spunne til mjuk isolasjon. Steinull som isolerer bygningar og reduserer energiforbruk i Europa.
No har staten dessutan løyvt 40 millionar kroner til eit forskingsprosjekt på alternativ bruk av anortositten. Svara som kjem her, kan bli viktige, ikkje berre for Gudvangen Stein, men også for norsk industri.
Kvitt overalt
Inngangen til gruva gaper svart i fjellsida. Her er det dagleg leiar i Gudvangen Stein, Frode Øvsthus, som styrer butikken. Han er smerteleg klar over at gruveindustri og mineralutvinning er i hardt vêr om dagen. Striden står mellom anna om fjorddeponi i Førdefjorden og Repparfjord og mineralutvinning på havbotnen.
Prøv Dag og Tid digitalt
49 kr fyrste
månad
Deretter 199 kr/månad. Ingen binding.