Helse

Meir enn ei forkjøling

Også barn kan få lang-covid. Kan dette vere ein del av forklaringa på skulefråværsmysteriet?

Under covid-nedstenginga i 2020 var det vanleg å sjå barneteikningar av regnbogar og bodskapen «Alt blir bra».
Publisert Sist oppdatert

Sist veke fortalde Dag og Tid om eit påfallande samanfall mellom to utviklingstrekk: Den sterke auken i skulefråvær i ei rekke land sidan 2019 og den sterke auken i legebesøk blant barn og ungdom i Noreg i same periode. Ingen har så langt undersøkt om det kan vere ein årsakssamanheng mellom desse to fenomena. Men eit anna spørsmål melder seg naturleg: Dersom barn og unge har fått dårlegare helse sidan 2019, kva kan årsaka vere?

Ei åtvaring først: Denne artikkelen er bygd kring ein hypotese. Her kjem ingen sikre bevis på årsakssamanhengar. Noko slikt lèt seg ikkje oppdrive i denne saka. Men her kjem spørsmålet: Kan det tenkast at det er seinverknader etter koronainfeksjon – i daglegtale ofte kalla lang-covid – som viser seg i både statistikken over legebesøk og utviklinga i skulefråværet?

Uklart bilete

For å kunne vurdere dette, må vi først sjå på kva den internasjonale forskinga fortel om lang-covid blant barn og unge. WHO nyttar omgrepet post-covid-19-tilstand og definerer det som symptom som oppstår innan tre månader etter ein koronainfeksjon, varer i minst to månader og ikkje har ei alternativ forklaring. Men andre definisjonar er òg i bruk, noko som gjer eit tåkete bilete enda meir uklart.

Ein ting er likevel heva over tvil: Langtidsplager etter koronainfeksjon er eit reelt fenomen, både for vaksne og for barn. Men lang-covid er særs vanskeleg å definere og avgrense. Lista over kjende moglege plager som følge av koronainfeksjon tel over 200 symptom. Dermed er dette fenomenet òg særs vanskeleg å talfeste omfanget av.

Dei mest vanlege etterverknadene ser ut til å vere pustevanskar, tap av lukt og smak, utmatting, hovudverk og mage- og tarmplager. Men covid-infeksjon ser ut til å auke risikoen for svært mange andre helseproblem i etterkant, inkludert psykiske plager som angst og kognitive problem, og dette gjeld både store og små.

Allereie abonnent?
Prøv Dag og Tid digitalt
49 kr fyrste månad
Deretter 199 kr/månad. Ingen binding.
Lydavis
Nettartiklar
Digital utgåve
Arkiv
Spel