Utanriks
Den farlege flaskehalsen
Hormuzsundet er ein arterie i verdsøkonomien, og Iran har fingeren på pulsen.
Da åtaket på Iran tok til, vart eit hundretal tankskip og andre fartøy liggande ved kai fordi Hormuzsundet vart stengd. Her er tankskipet «Callisto» i Muscat i Oman 12. mars.
Foto: Benoit Tessier / Reuters / NTB
Tysdag kveld droppa president Trump den varsla utslettinga av den iranske sivilisasjonen. I staden erklærte han siger og ei to veker lang våpenkvile. Og kva var sigeren? Det var ein lovnad frå Teheran om at skip skal få passere trygt gjennom Hormuzsundet medan USA og Iran forhandlar om ein fredsavtale.
Effekten på marknadene kom raskt, som eit letta sukk: Oljeprisen fall med 15 prosent, medan aksjekursane ved dei fleste børsane i verda steig bratt. Som dei fleste truleg har fått med seg no, blir ein femtedel av oljen i verda frakta i tankskip gjennom Hormuz.
Men våpenkvila er berre første fase. Ein varig fred avheng truleg av at ferdselen gjennom Hormuz blir open som før. Det er slett ikkje gjeve. Både Iran og USA har truga med å ta kontroll med dette livsviktige sundet. Og dei siste vekene har iranarane vist at dei er fullt ut i stand til å gjere det.
Gode kort
Sjølv geologien kring Hormuz er dramatisk. Sundet ligg der den arabiske kontinentalplata støyter mot den eurasiske, ein sakte kollisjon som har drive fjella i Iran til vêrs og skapt eit geologisk basseng der mykje av oljen i regionen vart fanga. Tuppen av det spisse hornet som stikk ut i Hormuz frå sørsida, tilhøyrer Oman, et land utan stormaktsambisjonar. Men på heile nordsida av sundet og vidare innover i Persiabukta er det Iran som rår. Kystlina mot Hormuz er snirklete, og terrenget er ulendt med mange fjell. Her gjev både topografien og geografien iranarane gode kort på handa.
Hormuzsundet er smalt – omtrent 50 kilometer på det smalaste. Men for dei som skal styre supertankarar eller store lasteskip gjennom passasjen, er Hormuz i praksis langt smalare enn som så, sidan mykje av farvatnet er grunt. Sundet har to skipsleier, ei vestgåande og ei austgåande. Kvar av desse er berre to nautiske mil brei – kring 3,7 kilometer.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.