Kommentar
Operasjon evig krig
Israels krigsdoktrine liknar ingen andre sin. Landet ser det som sin rett å eliminere alle moglege truslar, utan tanke på kostnadene.
Donald Trump vitja Benjamin Netanyahu i det israelska parlamentet Knesset i Jerusalem i oktober i fjor.
Foto: Chip Somodevilla / AP / NTB
Den pågåande krigen mellom USA/Israel og Iran må vere den mest absurde i mi levetid, med mogleg unntak for fotballkrigen mellom El Salvador og Honduras i 1969.
Motiva og målsettingane til dei som starta, spriker i alle retningar, endrar seg undervegs og verkar uoppnåelege. Kostnadene er derimot ekstremt høge, for regionen og verda elles.
LA OSS FØRST sjå på korleis krigen starta. Ifølge utsegner frå amerikanske kjelder, inkludert utanriksminister Marco Rubio, gav Israel beskjed om at dei kom til å angripe Iran, med eller utan USA. Då hadde USA eigentleg ikkje noko val, uttalte Rubio.
Avgjerda om å gå til krig blei tatt utan noko vedtak eller føregåande debatt i Kongressen. Israels statsminister hadde større innverknad på avgjerda enn folkevalde amerikanske politikarar. Netanyahu og hans team fekk møte Trump fleire gonger. Dei greidde å overtyde han om at det ville bli ein rask og enkel siger, der Mossad mellom anna skulle få det iranske folket til å reise seg.
Supermakta USA, med 340 millionar innbyggarar og verdas mektigaste militære, gjekk altså til krig mot Iran, med ei befolkning på 91 millionar, fordi Israel, eit land med 10 millionar innbyggarar, ønskte det. Innanfor Nato spør mange om USA enno er lojal mot artikkel 5, der angrep på eitt medlemsland er å rekne som angrep på alle. Lojaliteten til Israel tvilar derimot ingen på.
Det er ein bisarr situasjon. Israel er totalt avhengig av amerikanske våpen og pengeoverføringar. USA burde faktisk kunne instruere Israel om å ikkje starte ein storkrig i Midtausten. President Trumps kanskje viktigaste utanrikspolitiske lovnad var trass alt at han ikkje skulle dra landet inn i ein ny «meiningslaus» krig i Midtausten.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.