Ukraina-krigen

Russisk dagsrevy

Kvar søndag kveld klokka åtte går nyhendeprogrammet Vesti på den russiske kanalen Russland 1. Vi gjengir delar av sendinga 2. mars.

Dmitrij Kiseljov er ein populær programleiar.

Klokka er åtte søndag kveld, og nyhendeanker Dmitrij Kiseljov set i gang.

«I dag skal vi snakke om korleis Zelenskyj blei kasta på dør i Det kvite huset. Forholdet mellom USA og Ukraina har no endra seg radikalt. Men vi byrjar med nokre viktige kommentarar frå president Putin. Paradoksalt nok kan det verke som om Russlands forhold til Zelenskyj – ein leiar i stadig forfall som forpestar alt rundt seg – på dette punktet i konflikten kan vise seg å vere lønsamt.»

20.03: Zelenskyj

Bildet skiftar til eit intervju med Putin:

«Dagens leiar for Kiev-regimet er i ferd med å bli ein giftig skikkelse for Ukrainas væpna styrkar. Han gir dårleg uttenkte ordrar som snarare er baserte på ein politisk agenda enn på ein militærstrategi. Dessutan er det uklart korleis han forankrar dei. Dette fører til katastrofale tap for dei ukrainske styrkane, og dette er ikkje råd å rettferdiggjere. Han er i ferd med å bli giftig for samfunnet generelt.»

Vi er tilbake i studioet, der Kiseljov kommenterer:

«Det er særleg no, medan Zelenskyj sit ved roret, at Ukraina må innsjå at dei må komme seg vidare og byrje med blanke ark.»

Intervjuet med Putin held fram:

«Det er derfor Zelenskyj utgjer ein destabiliserande faktor for både dei væpna styrkane, samfunnet og staten. Det høyrest kanskje underleg ut, men for å vere ærleg var vi eigentleg interesserte i å la Zelenskyj styre og halde fram med å svekke regimet som vi er i ein væpna konflikt med. Men viss målet er å styrke den ukrainske staten, må ein vurdere ei anna tilnærming. Makta må ligge hos dei som har tillit hos det ukrainske folket.»

Kiseljov avsluttar innslaget i studioet slik:

«Dette er tankar om framtida. Men i dag ønsker krigspartia i Europa å eskalere situasjonen. Utanriksminister Sergej Lavrov deler meiningane sine om ønsket om å sende styrkar forkledde som fredsstyrkar til Ukraina, og kva framtida inneber for statsdanninga Ukraina.»

20.05: fredsbevarande styrkar

Eit klipp frå ein pressekonferanse med Lavrov kjem opp på skjermen:

«Europearane handlar raskt, men ikkje alltid så klokt. Diskusjonen om fredsbevarande styrkar er tomprat. Det sentrale for dei er å eliminere årsakene til konflikten. Fredsbevarande styrkar, eller mangel på slike, er ikkje ei av dei. Hovudårsaka er knytt til at Ukraina er blitt vikla inn i den nordatlantiske alliansen med mål om å utnytte Ukrainas territorium og opprette militær infrastruktur retta mot Russland og ei fullstendig utsletting av rettar for russarar og russisktalande. Det blir prata om å bevare ei kontaktlinje mellom eit russisk og eit ukrainsk territorium. Dette vil ikkje skje. For det første har Russland ei grunnlov som er basert på folkesuverenitetsprinsippet. For det andre bør det som blir igjen av Ukraina, bli frigjort for rasistiske lover. Her kjem det til å bu menneske som er meir komfortable med å snakke russisk, som ønsker å bevare tradisjonar frå mange generasjonar tilbake, og som vil vekse opp i ein russisk kultur.»

20.06: det nye makttriangelet

Vi er tilbake i studioet med Kiseljov.

«For å seie det enkelt er det slik at i dag blir alt avgjort av eit stort makttriangel som består av Russland, Kina og USA. Ut ifrå dette vil ein ny verdsorden vekse fram. EU har slutta å eksistere som ei samla, einskapleg politisk kraft. Sidan unionen blei oppretta, har han vore tufta på ein einskapleg utanrikspolitikk. Eit heilag grunnprinsipp for EU har vore å snakke med éi stemme.»

I bakgrunnen kjem det opp bilde av den franske presidenten og den britiske statsministeren som vertskap for toppmøta i førre veke. Kiseljov held fram:

«I dag samlar leiarane for EUs medlemsland seg i det ein nesten kan karakterisere som hemmelege liksomtoppmøte – eitt møte hos Macron i Paris, eitt møte hos Starmer i London. Men Europa har ikkje klart å presentere ein samla front. Sjefen for EUs utanriksteneste, Kaja Kallas, nyt ingen respekt. Amerikanarane slepper henne ikkje eingong over dørstokken, og ho får ikkje møte Trump. Europeiske leiarar snakkar om å sende fredsbevarande styrkar til Ukraina. Men kva styrkar? Det britiske forsvaret er ikkje større enn at det knapt kan fylle Wembley stadion, og då ville ein framleis hatt plass til dei franske styrkane. Våpen? Europa har heller ikkje så mange av dei. Lagera er tomme.»

Vi ser no bilde frå Natos hovudkvarter i Brussel.

«Nato har opphøyrt. For Trump er Nato berre ein struktur han kan selje amerikanske våpen til. Elles er han skeptisk til at han eksisterer», seier Kiseljov.

Vi får sjå videoklipp frå ein pressekonferanse med Natos nye generalsekretær, medan vi høyrer stemma til Kiseljov:

«Ingen bryr seg om kva Natos generalsekretær Mark Rutte seier. Og FN har, som mange andre internasjonale organisasjonar, blant andre Verdshelseorganisasjonen og Verdshandelsorganisasjonen, mista den avgjerande rolla dei hadde i internasjonal politikk.»

Vi er tilbake i studioet med kveldens nyhendeanker, som konkluderer: «Alt som gjenstår, er den mektige troikaen Russland, Kina og USA. Vi snakkar ikkje Jalta enno.» (Han viser til Jaltakonferansen mellom Storbritannias statsminister Winston Churchill, USAs president Franklin D. Roosevelt og Sovjetunionens partisjef Josef Stalin i 1945.) «Men det er ikkje langt unna. Det er klart at Russlands forhold til Kina står i ei særstilling, og det er det klart vi må pleie.»

20:10: Zelenskyj i Washington

Det neste store innslaget handlar om den ukrainske presidenten Zelenskyj og møtet i Det kvite huset to dagar før.

Kiseljov: «Seinare i sendinga kjem vi til å snakke meir om detaljane i komikaren Zelenskyjs latterlege sprell. Men no skal vi fokusere på nokre observasjonar under besøket. De hugsar sikkert at sist Macron besøkte Det kvite huset, blei han ikkje møtt av Trump i døra, der kortesjane med bilar rullar inn. I forkant av den ukrainske delegasjonens besøk, derimot, hadde amerikanarane gjort store førebuingar.»

På skjermen får vi sjå bilde av eit solfylt Washington DC, etterfølgt av dei kjende klippa av Zelenskyj og Trump som helser på kvarandre.

«Zelenskyj blei køyrd i ein svart, pansra bil på storleik med ei T-banevogn flankert av eit amerikansk og eit ukrainsk flagg, medan Trump stod og venta på han i døra, stroke kledd og med det kjende raude slipset på. Til og med vêret var som bestilt. Bilen rulla inn, og ut hoppa ein lurvete mann som ikkje hadde tatt skjegget, kledd som ein lastebilsjåfør. Trump kunne ikkje anna enn spøke litt om Zelenskyjs antrekk.»

«He’s all dressed up today», høyrer vi Trump seie.

Kiseljov held fram:

«Alle kjenner den amerikanske oppskrifta: Viss du vil bli millionær, må du kle deg som ein. Dette er svært viktig for amerikanarane. Av og til kan det vere fatalt å velje feil antrekk. Zelenskyj såg ut som ein tapar. Ein annan amerikansk regel er forresten at ein ikkje må omgi seg med taparar. Dei kan vere smittsame. Ein tredje regel er at ein ikkje må eige noko som ein treng å måle eller gi mat. Dagens Kiev-regime treng openbert mat, medan Zelenskyj ser ut som han treng eit nytt strøk måling. Før møtet hadde Zelenskyj fått beskjed om å kle seg i dress og slips. Vi veit jo at han ikkje kom rett frå skyttargravene, og han besøker dei vel neppe ofte. (…) Det finst offisielle protokollar for slikt, og kvart minste minutt er nøye planlagt. Med det demonstrative antrekket sitt viste Zelenskyj forakt for diplomatiske tradisjonar, noko som kan samanliknast med å helle sand i eit urverk.»

(…)

Bilda blir erstatta med bilde frå Det ovale kontoret, der Zelenskyj sit i samtale med president Trump og visepresident J.D. Vance.

Kiseljov fortel: «Etter Zelenskyjs antrekkstabbe gjorde han feil nummer to. Han var tydeleg frekk og tok alt personleg. Den tredje feilen var å ikkje bruke tolk. Zelenskyjs engelskdugleik og -uttale er ikkje optimal. Han har problem med både å formulere seg rett på engelsk og å forstå samtalepartnarane. Eg er sikker på at Trump og Vance blei frustrerte då orda deira ikkje nådde fram hos Kiev-komikaren, som attpåtil forsøkte å gjere skam på vertane. Som ei løve gjekk Trump i forsvar for visepresidenten sin.»

Bilda blir erstatta med det kjende munnhoggeriet mellom Trump og Zelenskyj.

«Trump ser ut som ein stormeister, og Zelenskyj ser ut som ein som har rota det til», kommenterer Kiseljov.

«Der blei de vitne til den sjette feilen: Zelenskyjs avbryt Trump heile tida, og det framfor den amerikanske pressa. Den sjuande tabben dreiar seg om kroppshaldninga. Han sat samansokke, dingla med beina frå stolen og sat med armane i kors over brystet som ein gategut. Den åttande feilen var å seie til Trump at han var eit talerøyr for Putin. (…) Feil nummer ni var å ikkje takke Trump for innsatsen med å få stansa krigen i Ukraina. I staden takka han det amerikanske folket, men det er uklart kva han takka for. Den siste og tiande feilen Zelenskyj gjorde, var å ikkje gå med på ei våpenkvile og dermed fred. Zelenskyj måtte forlate Det kvite huset tomhendt. Ingen avtalar blei signerte den dagen.»

20.45: trøbbel på heimebane

Kiseljov losar oss vidare i sendinga, og fokuset dreiar seg no om Zelenskyjs popularitet i Ukraina. Programleiaren introduserer neste innslag slik:

«Zelenskyj er blitt vand med å oppføre seg uforskamma og ufint, som om verda skuldar han alt. Europearane og tidlegare amerikanske regjeringar forma han til ein slik person, stort sett i sitt eige bilde. I Ukraina er reaksjonane på åtferda til Zelenskyj i Det kvite huset blanda. Enkelte er flaue, som Ukrainas ambassadør i USA, Oksana Markarova. Andre er forskrekka. (…) Men dette er godt nytt for Ukraina. Komikarpresidenten klarte ikkje å selje ukrainske kritiske mineral til amerikanarane no når forhandlingane gjekk i stå.»

Korrespondent i Ukraina Andrej Grigorjev tar oss med vidare inn i innslaget. Bilde frå ukrainske nyhendesendingar rullar over skjermen medan Grigorjev pratar:

«Ukrainas mediesirkus dekker kommunikasjonskollapsen i Det kvite huset som eit perverst heidersteikn. Zelenskyj stod stødig og kjempa mot det som tidlegare blei rekna som Ukrainas dokkemeistrar.»

Ein filmsnutt frå eit ukrainsk nyhendeanker blir klipt inn: «Det vi såg i Det kvite huset, var to arketypar som kjempa mot kvarandre: helten og feigingen.»

Grigorjev held fram:

«Det er openbert at helten liksom er Zelenskyj, medan Trump er feigingen. I ukrainske sosiale medium blir namnet til den amerikanske presidenten no skrive med liten forbokstav.»

Vidare ser vi korte intervju med ukrainarar på gata, der dei kommenterer besøket i Washington DC. Dei fleste støttar Zelenskyj og er negative til Trump.

Deretter kjem eit videoinnlegg delt på sosiale medium der ein ukrainsk soldat demonstrativt riv uniformsmerke med det amerikanske flagget av hjelmen sin.

Innslaget glir så over i å handle om mineralavtalen med USA og dei økonomiske konsekvensane avtalen får for Ukraina. Vi ser eit eldre innslag der Zelenskyj insisterer på at Ukraina ikkje må bli ein gjeldsslave. «Det ville ikkje vore rettferdig», seier han.

I neste klipp ser vi bilde frå ei CNN-sending som handlar om mineralreservane til Ukraina, før Boris Johnson dukkar opp på skjermen. Han er på det som ser ut som ein pressekonferanse, der han seier at han har åtvara Ukraina mot å skrive under på ein slik avtale. Inn over skjermen rullar så bilde av europeiske statsleiarar som har tatt toget til Kyiv for å besøke dei ukrainske styresmaktene.

«Men representantar frå USA, Storbritannia, Tyskland, Frankrike og Polen glimra med sitt fråvær», kommenterer Grigorjev.

(…)

«Besøket til dei europeiske gjestane var lagt til dagen då Verkhovna Rada (det ukrainske parlamentet) behandla eit lovforslag om Zelenskyjs legitimitet, som ikkje står sterkt no til dags. Parlamentet mislukkast. Lovforslaget fekk ikkje nok stemmer. Ei ny votering dagen etter gav gjennomslag, men då hadde media alt retta søkelyset mot noko anna. Etter Zelenskyjs fallitt i USA er parlamentarikarane blitt mindre disiplinerte.»

   

No ser vi bilde av menn i grøne kamuflasjeklede som dyttar ein mann på sykkel i bakken og deretter inn i ein varebil. Grigorjev fortel at Ukraina slit med å mobilisere menn til krigen, og at grensene er fullstendig stengde. «Berre denne veka har 16 personar blitt arresterte for å ha forsøkt å forlate Ukraina», seier han.

«Sidan avtalen med USA ikkje blei signert, gjenstår det å krige som det einaste alternativet for mange. Sjølv Zelenskyjs tenestemenn vedgår at Ukraina må intensivere mobiliseringa dersom dei skal ha nokon sjanse», kommenterer Grigorjev.

Petro Porosjenko kjem opp på skjermen. 

«Dei einaste som har interesse av at krigen held fram i det uendelege, er dei ukrainske styresmaktene», høyrer vi han seie.

Grigorjevs stemme kommenterer: «Skulle Zelenskyj ha gått til val i dag, ville han ikkje hatt nubbesjanse mot Zaluzjnyj. Han ville tapt med 31,6 prosent av stemmene mot 68,4 prosent. Sjølv hevdar Zelenskyj at meiningsmålingane hans er på rundt 57 prosent og 65 prosent, men det er det ingen som trur på, sjølv ikkje i parlamentet.»

20.58: tilbaketrekking frå Kursk

Vi er tilbake i studioet med nyhendeanker Kiseljov.

«No til viktige nyhende frå grenseområda i Kursk-regionen», innleier han.

«Her førebur ukrainske styrkar seg på å trekke seg ut av Sudzja etter motangrep frå dei russiske soldatane. Byen, som ligg åtte kilometer frå den russisk-ukrainske grensa, blei tatt i august. Denne veka frigjorde soldatar frå Russlands «Nord»-gruppe fire tettstader nord for Sudzja: Pogrebki, Orlovka, Nikolskij og Novaya Sorotsjina. Militærvegen Sudzja-Junakovka er no utsett for russisk artilleriangrep, og han er rekna for å vere ein «dødsveg» for Ukrainas væpna styrkar og ein gravplass for Nato-utstyr. Sidan fredag har russisk artilleri i tillegg tatt kontroll over ein annan militærveg, Sudzja-Korenevo. Langs desse vegane har ukrainske styrkar flytta utstyr og mellom 3000 og 4000 soldatar. Russiske styrkar pressar òg på sørfrå. Berre to alternativ gjenstår for bandittane i Sudzja no: å flykte eller å hamne i krysselden. Kiev-regimets plan om å utnytte Kursk-regionen som forhandlingskort i ei forhandling med Russland, er ikkje mogleg.»

Til slutt, etter ei lang sending, rundar Kiseljov av:

«Det var alt vi hadde for i dag. Takk for no. Ha det bra. Vi sest igjen neste søndag.»

Omsett frå russisk av Daniella Slabinski